I 1970 blei det laga ein bibliotekfilm, ein Deichmanfilm, på over ti minutt og i fargar. Og faktisk av ein filmskapar «som var med på å forme 1970-årenes film i Norge», nemleg Arnljot Berg, ifølgje Wikipedia.
Tittelen, «For Lærde og Lærdoms elskere», er eit sitat frå 1780-talet av grunnleggjaren, kanselliråd Carl Deichman, og det er mykje stiv spankulering her i pudra parykk. Men sitjande i dei same trappane møter vi samtidas, altså 70-talets, frigjorte ungdomar i avslappa samtale.
Og sjølvsagt røykande. Slik også i biblioteksjefsmøterommet, med dåverande sjef, Hans Fløgstad, i hovudrolla. Ein ubetaleleg scene i dag, …
… men som underteikna, som i 1970 var ungdomeleg superbrukar av dette biblioteket, alt på det tidspunktet ville ha banna på var filma endå tjue år tidlegare.
Men kanskje var det regissøren som ville ha det slik.
Som omvisar i kortkatalogen ser vi Alf Krylman, mangeårig innkjøpssjef, om vi ikkje hugsar feil. Om nokon dreg kjensel på andre personlegdomar frå fagfeltet, meld gjerne frå i kommentarfeltet. Dette er eit sjeldan stykke bibliotekhistorie.
Men såg vi denne filmen i 1970? Han var finansiert av Oslo Kinematografer og gjekk truleg som forfilm på Oslo-kinoane, der vi frå den tida godt hugsar filmar som Zabriskie Point, Little Big Man og Catch 22. Men det er kanskje forståeleg å ikkje hugse denne?
Og: Eit sjeldan innblikk i dåtidas avanserte fotomekaniske utlånssystem etter 7 minutt og 10 sekund.
Takk til Anne, som følgjer betre med enn dei fleste.
Leave a Reply