Skolebibliotek i med(ie)vind

Frå Dokk1 i Århus

Her om dagen delte vi ei sak på Utdanningsnytt om kritikk mot utkastet til utdanningslov, der skolebiblioteket kan tape stort. Og denne veka skriv dei «Vil ha skjerpet lovgivning for skolebibliotekene» («Professor Joron Pihl etterlyser også lærerne i debatten om skolebibliotekene».) og «Mangelfull kunnskap om skolebiblioteket som læringsarena» (av Nina Bigum Udnesseter og Cathrine Bergan, leiar og nestleiar av Skolebibliotekarforeningen). Utdanningsnytt samlar saker om dette under stikkordet «Skolebibliotek».

I tillegg var det eit oppslag i Vårt Oslo søndag og i slutten av august hadde Morgenbladet tittelen «Hvis det ikke hadde vært for skolebiblioteket, kan det hende jeg hadde falt ifra». Dette er det kollega Lars Petter Sveen som seier. Dei er fire forfattarar som fortel om tilhøvet sitt til skolebiblioteket. Til dømes Maria Navarro Skaranger: «På biblioteket fantes bøker som ikke var på pensum. Det var fint å få anbefalt bøker av noen som ikke var læreren min, og det var bra å lese uten å prøve måtte finne motiv eller tema». I tillegg har MB intervjua Camara Lundestad Joof og Malin C.M. Rønning.

Bloggen som «oppslagsverk»

Elles utan samanlikning: Arbeidernes leksikon. Utg. 1932-36.

Frå og med i dag skal vi kvar tysdag presentere éin av kategoriane eller stikkorda som er knytte til innlegg her på bloggen (ei tid tok vi lett på dette, derfor er mange berre blitt «Uncategorized», men det er eit par år sidan no). Denne tysdagen er temaet Litteraturformidling! (i bloggens ånd ikkje så mange detalj-tips, men viktig nok). Og som reprise-innlegg i denne kategorien vel vi «Nyklassisisme frå Jotunheimen», frå februar i fjor.

De finn ein sky med eit utval (truleg dei mest brukte) av dei 144 kategoriane her nede til høgre. På toppen av høgre kolonne har bloggen også ein intern søkemotor som omfattar heile innhaldet, men hugs då at berre dei siste to åra har språket vore nynorsk.

REALM – når biblioteka skal bli «normale» igjen

Lesarar av denne bloggen har vore borti REALM før, då vi blant anna skreiv om at «Seks dagar bok-karantene ikkje [er] nok under trange = normale tilhøve». Og det er meir slik forsking på gang.

Forbokstavordet står for «Reopening Archives, Libraries, and Museums», og initiativet er tatt av bibliotekkonsortiet OCLC, IMLS (eit slags føderalt US-svar på vårt salige ABM-U) og eit privat, men non-profit forskingssenter. Altså USA-basert, men truleg fremst i verda på dette. Vi plussar lenka på under Bloggrull nedanfor.

Om korona-skandalen og -framtida, The Lancet ditto, nyliberalismen osv.

Richard Horton. Fotoutsnitt: Bluerasbaby (CC BY-SA 3.0)

Khrono.no intervjuar i dag Richard Horton, halvt norsk og æresprofessor ved UiO og æresdoktor ved UiT, men mest kjend som sjefredaktør av det kjente medisinske tidsskriftet The Lancet. Han snakkar blant anna om «gapet mellom det de publiserte av forskning rundt det nye koronaviruset og mangelen på handling … Markedet er en kraftfull og positiv kraft for tildeling av knappe ressurser, men covid-19 har vist oss viktigheten av staten. Det er statene som har holdt samfunnene våre intakt, det er de som har sørget for å beskytte jobber, støtte helsevesenet, holde skolene i gang, sikre at det ble distribuert mat, uten statene ville ikke noe av dette ha skjedd». Og vidare: «Jeg tror dessverre ikke politikerne våre fullt ut forstår omfanget av endringene i samfunnene våre. … Vi lever i en annen æra nå, det er annerledes enn tidlig i januar, det er en annen verden».

Sjå elles om Lancet-skandalen. Og blogginnlegga i katgorien ‘Korona og biblioteka’.

«Krakiliteter» (det er laurdag)

I Klassekampens Bokmagasinet i dag intervjuar dei litteraturmeldar Jon Rognlien om «omgangstonen på Facebook», som han har skrive om. På Facebook. Han seier innlegget hans berre er eit «banalt uttrykk for frustrasjon over noe av dynamikken i diskusjonene på Facebook, der det blir håpløst å følge «trådene» på en meningsfull måte. Det skyldes krakiliteter, krenkeskrekk og faneflukt. Folk ivrer etter å slå i bordet, men stikker av fra oppryddingsarbeidet» (våre uthevingar, og som vi etter dette kjem til å hugse når FB er tema. Noko det ofte har vore, under samle-stikkordet FAMGA – Facebook, Apple, Microsoft, Google og Amazon).

Kampen for velferden i 2021

I går blogga vi om den svenske bibliotekforeininga si åtvaring om at biblioteket kan bli ein alvorleg budsjett-tapar i 2021. Her i landet ser vi førebels berre signal om velferden generelt. Til dømes når Fagforbundet blir sitert i Kommunal Rapport i dag: «Fagforbundet frykter at den svake kommuneøkonomien vil gå utover velferdstjenestene til innbyggerne og smitteverntiltakene i kommunene». Vidare heiter det blant anna at: «Fagforbundet tror at koronakrisen vil prege det norske samfunnet i lang tid framover. Det krever derfor at «regjeringa og Stortinget omgående øker bevilgningene til kommunene for å sikre velferdstjenestene». 

Svenske bibliotek: «2021 betydligt svagare än innan pandemin»

What would Strindberg say? Frå Göteborgs stadsbibliotek

Johanna Hansson, leiar av Svensk biblioteksförening, kjem no med ei åtvaring: «Utarma inte folkbiblioteken, kommuner»: «Medan vissa områden som vård, skola, omsorg självklart var i fokus under våren och kommer att vara lång tid framöver, finns det risk att vi tar annan samhällsservice för given».

Under koronaen blei Sverige «annleislandet», noko som også gjaldt folkebiblioteka. Dei var stort sett opne under krisa, berre med nokre restriksjonar, men fekk vist eit stort potensial som «medborgarkontor» med fleire nye funksjonar, blant anna også når det gjeld digitaliseringa av samfunnet. Hansson krev no «tydliga uppdrag, långsiktig finansiering och en strategisk inriktning som möjliggör detta, såväl nationellt som lokalt».

Den strategiske bibliotekkoplinga mellom stat og kommunar er frå før sterkare i Sverige enn her i landet gjennom (nesten-)bibliotekmilliarden som blei innført for tre år sidan.

Meld deg på Biblioteknorge no!

I dag kl 9.00 biblioteknorsk tid gjekk ei gruppe bibliotekfolk på ulike plattformar ut med erklæringa nedanfor om gjenoppliving av det populære (rundt tre tusen brukarar) e-postbaserte debattforumet Biblioteknorge. Det skjer berre to veker etter at Nasjonalbiblioteket på éin dags varsel sletta det frå internettets overflate.

>> Sjå også Bok og bibliotek

Med Thomas Gramstad i spissen har ei liste med same namn gjenoppstått på same programplattform. Folk må melde seg inn på nytt, men det er enkelt. Her følgjer erklæringa og dei viktigaste detaljane:

Les mer «Meld deg på Biblioteknorge no!» →

« … skolebiblioteket vil være skadelidende under denne friheten»

Eit ikon for «financial freedom». Av Gan Khoon Lay (CC-BY 3.0) 

Dette finn vi i eit større oppslag på nettstaden Utdanningsnytt denne veka, og det handlar om forslaget til ny opplæringslov, der tilrådinga er at «skolebibliotek» blir erstatta av «bibliotek». På til dømes Grefsen skole i Oslo ville lovendringa ført til at bibliotekbesøk for ein klasse ville bli ein heil utflukt: « – Da hadde turen dit blitt en utflukt og noe som må planlegges en del i forveien. Da hadde vi brukt det betydelig mindre», seier ein lærar.

Nina Bigum, leiar av Skolebibliotekarforeningen, meiner «det er hårreisende. Det virker lite gjennomtenkt. Det vil overlate enda mer til den enkelte kommune. Når behovet for nedskjæringer melder seg, mener hun skolebiblioteket ofte er skadelidende. Noe av målet med å endre ordlyden i loven, er å gi kommunene større frihet og mer ansvar. Bigum mener nettopp det er noe av problemet. – Det er veldig tilfeldig …

Les mer «« … skolebiblioteket vil være skadelidende under denne friheten»» →

Deichman med smitte-skjerpings

Deichman skrur klokka tilbake, men ikkje så langt som til februar 2017

Kombinasjonen av auka smitte i folket og sterk auke i bibliotekbruken, særleg på det nye hovudbiblioteket i Bjørvika, gjer at Deichmansjef Knut Sklansen frå i dag set grenser for ein del typar bruk og rørsler i biblioteka. Lesesalen i Bjørvika blir stengd, og i alle avdelingane rundt i byen blir det til dømes tidsavgrensa opphald i lokala på tre timar, éin meters avstand for alle, to meter mellom leseplassar, og stengde maskinar for utskrift, kopiering osv.