
Eit bryggeri hadde denne løysinga ei tid. Men ikkje lenge
I går var det debatt om kulturmeldinga på Stortinget. Få i bibliotekmiljøet hadde spesielt stor von til meldinga då ho kom i november, men var nøgde med at biblioteklova skal få halde fram som i dag og ikkje bakast inn i kulturlova. Men det blei likevel ei særs interessant oppleving på Stortinget i går, for sjeldan har vi sett ein så bastant retrett av ein tidlegare sjølverklært «bibliotekpolitikar» og sjeldan ei så hyklersk framferd frå opposisjonen. Og dét frå ein vi aldri hadde trudd vi skulle kome til å sitere igjen.
Her tenkjer vi ikkje på Freddy André Øvstegård. For han tok opp att SV sitt krav om kulturløft, medrekna bibliotekløft, med øyremerkt statstilskot. Og han kunne samtidig ikkje unngå å kritisere Venstre for å ha forlate det liknande standpunktet som dei hadde hatt heilt frå 2013 og fram til stortingsvalkampen.
Og kulturminister Trine Skei Grande (V) stadfesta så grundig som det let seg gjere at Øvstegård har rett i kritikken: «Det er selvfølgelig mulig å øremerke statlige midler i systemet, sånn som SV tar til orde for: styre kommunene mer, sørge for at vi også styrer deltakeravgift og at vi styrer overføringer til bibliotekene. Men fra vår side er ikke det en god måte å styre kulturen på.»
Som om ho aldri hadde meint noko anna.
Men toppen av hykleri var då Trond Giske (AP) i polemikk med Skei Grande valde å gje inntrykk av at Arbeidarpartiet er ueinig. Han sa blant anna:
«Enger-utvalget sa at de områdene hvor kommunene har ansvaret, har ikke hatt et tilsvarende løft – biblioteker, kulturskoler, det som kalles for den kulturelle grunnmuren – fordi de ikke er på statsbudsjettet. Selvfølgelig kan en lage øremerkede ordninger som bidrar, men der er det kommunebudsjetter først og fremst som avgjør om man lykkes, eller så kan vi sette oss noen nasjonale mål, f.eks. om å fjerne en av Norges mest meningsløse køer – køen av unger som står og venter på en plass i kulturskolen.»
Som journalist i Norsk Bibliotekforening intervjua underteikna Giske på kvar einaste budsjettkonferanse mens han var kulturminister, og han ville aldri gå inn på noko statleg bibliotekløft. Og ikkje eingong då Enger-utvalet i 2013 konkret foreslo å utgreie øyremerkte tilskot til bibliotek, fordi biblioteket saman med kulturskolen var dei store taparane i det raud-grøne kulturløftet, ville dåverande AP-kulturminister Hadia Tajik gå inn på det.
>> Sjå elles kva svenskane er i ferd med å få til med sin 3/4 bibliotekmilliard.
Leave a Reply