På bloggen har vi gjennom åra presentert fleire døme på krimforfattarar som lar etterforskarane løyse krimgåter ved å få bibliotekarar til å røpe kva for bøker mistenkte personar har lånt. Noko som sjølvsagt er brot på grunnleggjande bibliotekar-etikk, så vel som teieplikt for offentleg tilsette.
Men no også Agatha Christie? Nei, ikkje henne sjølv, men….
Det er «berre» i den kjende filmversjonen av «Solen var vitne» frå 2001, med David Suchet som Poirot, at Poirot spør ein bibliotekar kva guten Lionel Marshall har lånt. Ho slår opp i lånarregisteret og oppgir boka Dangerous Chemicals and Poisons. Opplysninga gjer Lionel mistenkjeleg og inngår i etterforskinga.
I romanen Evil Under the Sun (1941) (på norsk i 1952) går det annleis føre seg. Der er den unge leselystne ei jente, Linda Marshall, og Poirot finn sjølv boka frå det lokale biblioteket på rommet hennar. I tillegg fortel ein annan at ho har sett Linda lese i boka på biblioteket. Slikt er lovleg.
Så syndaren ved dette høvet må vel vere manusforfattar Anthony Horowitz.
Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.
