Archive for ‘Arbeidsmiljø’

desember 7, 2022

Siste: Siger for dei Deichmantilsette!

Nettstaden VårtOslo skriv no i kveld, 7. desember: «Bibliotekarforbundet vant rettssak mot Oslo kommune». Det har handla om arbeidsgjevaren si einsidige utviding av opningstidene etter at Deichman Bjørvika blei opna. Det blei fleire vakter på kveldane, i helgene og på heilegdagar, men etter domen i dag er det klart at slike utspel eventuelt skal avtalast med dei tillitsvalde.

«— Vi er veldig fornøyde med avgjørelsen fra Arbeidsretten, seier Veronicha Angell Bergli, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet. – Med denne dommen kan vi legge ti års uenighet bak oss og sammen komme frem til ordninger som er gode for både bibliotekets brukere og våre medlemmer … Bergli understreker at saken ikke handler om at bibliotekarer ikke skal jobbe kveld og helg».

oktober 28, 2022

Til arbeidsretten med god dekning

Frå ei bokutstilling om fred og konfliktløysing på Nye Deichman i mai i år

Kva skal til for at pressa skriv om bibliotek? Eit søk på Retriever gir fjorten tusen treff dei siste 365 dagane på «Kultur og underholdning» og sju tusen på «Fritid», men (heldigvis?) berre 641 på «Kriminalitet og rettsvesen». Tjuveri og bråk i biblioteket utgjer det meste her, men i denne gruppa kjem i desse dagar også Bibliotekarforbundet med verkeleg god dekning for saka dei køyrer mot Oslo kommune om å ta del i avgjerder om arbeidstida.

I dag er dette hovudsaka på kultursidene i Klassekampen. For ei veke sidan hadde Kommunal Rapport eit oppslag, og omtrent samtidig Bok og bibliotek på nett. Det same hadde NRK Oslo og Viken og avisa Vårt Oslo. Pluss Fagmagasinet, organ for Forbundet Kultur og information i Danmark.

Gratulere så langt, og stå på!

september 28, 2022

«Kampen om tiden»

«- Går mot storseier for fagbevegelsen», heiter det i Fri Fagbevegelse: «Nå kan retten til heltid bli lovfestet. Jobber du ufrivillig deltid? Snart blir det svært vanskelig for arbeidsgiverne å spekulere i små stillingsbrøker, fastslår Trine Lise Sundnes (Ap)».

Dei slår fast at «deltidsarbeid er eit problem» i sektorane «helse- og omsorg, i varehandelen, for hotell- og restaurantansatte og i utdanningssektoren». Men kva med bibliotek?

Om du klikker på «Rådata» i bibliotekstatistikken får du fram at folkebiblioteka i 2021 hadde 2463 tilsette som til saman berre utførte 1837 årsverk. Det blir gjennomsnittleg 0,74 prosent stilling per hovud. 68 av 356 kommunar har under éi stilling ved biblioteket, det blir kvar femte kommune! Men det kan vere endå verre, for vi har ikkje tatt med dei 10 som av ein eller annan grunn er oppførte med 0. Vi kunne ha sett på kor mange tilsette det er i kvar av dei 68 + 10 kommunane, men det finst grenser på ein sein onsdagskveld.

Søk på «bibliotek» i ledige stillingar på Finn.no i dag, 28. september 2022, viser at 9 av 79 er deltids.

Så dette kan bli meir enn spennande. Det kjem vel snart noko frå dei aktuelle fagforbunda.

juli 19, 2022

Hetebølgja og britiske bibliotek

#protectlibraryworkers er ein fersk hashtag på twitter

Fleire bibliotek på øyene reduserer tilbodet eller stengjer når no varmen er nærmare 40 pluss. Og i mange twittermeldingar viser bibliotektilsette til Sec44, ein lovparagraf som opnar for å gå heim når det blir for jævlig:

«Section 44. provides workers with the ‘right’ to withdraw from and to refuse to return to a workplace that is unsafe. Workers are entitled to remain away from the workplace (e.g. stay at home) if – in their opinion – the prevailing circumstances represent a real risk of serious and imminent danger which they could not be expected to avert».

januar 28, 2021

Forsvar bibliotekarbeidararne!

Aktuell britisk twitterkonto. Klikk og kikk
november 19, 2020

Korona-sprik i bibliotekmiljøet

Frå Kommunal Rapport i dag

Signala frå bibliotek-eigarar, tilsette og organisasjonar går i ulike retningar for tida. Bibliotekarforbundet «oppfordrer til å holde åpent så langt dette er forsvarlig», blant anna også i det viktige Kommunal Rapport. Her saman med Norsk Bibliotekforening. Og dei nordiske bibliotekforeiningane har åtvara svenske bibliotek og bibliotekarar mot å stengje.

I Oslo har kommuneleiinga stengt ned nestan alt, unntatt biblioteka. Det er lett å sjå at biblioteka slik kan få eit langsiktig løft på denne måten, dei får ein sjanse til å vise seg fram for endå fleire. Men i dag protesterer tilsette, her ved  Fagforbundets lokallag, og verneombod i eit stort oppslag i Klassekampen: «Det rekker ikke å lage en plan for smittevern, man må også sjekke hvordan planen faktisk fungerer i virkeligheten. Og nå fungerer den ikke godt nok», seier verneombodet.

Og det andre store fagforbundet har altså landsmøte mens vi skriv dette.

Skilnadene er store i landet no, men i tillegg til Oslo og andre storbyar kjem det no mange spreidde utbrot. Og tysdag viste det seg at også tilsette og publikum ved bibliotek kan vere smittespreiiarar.

PS: Dilemmaet blei sett verkeleg på spissen i Sverige i juli.

november 12, 2020

#metoo i bokbransjen

Biblioteksjefane samla i Molde i 1934

Her på bloggen protesterte vi så høglydt vi kunne då ærverdige representantar for bokbransjen i fjor valde å oversjå biblioteket si rolle i litteraturpolitikken. Etter Agnes Ravatn sitt #metoo-utspel i Aftenposten kan nok bibliotekarar igjen kjenne seg oversette, utan at vi skal gjere dette til noka stor sak.

Den gongen dei fleste biblioteksjefane var av hankjønn var det kanskje meir aktuelt (klikk på fotoet). Men i dag … ei spørjeundersøking som den forleggjarane går inn for, kunne blitt veldig interessant …

november 10, 2020

BF tar opp kjernespørsmål på landsmøtet

Mykje på plakaten på Trondheim folkebibliotek i oktober i fjor

Nyleg skrøyt vi av BF-styret sitt forslag til politisk fråsegn om «bibliotekets rolle i krisetider». I ei anna fråsegn til landsmøtet ser dei på «bibliotek og ytringsfrihet». Innleiingsvis heiter det at «Både biblioteksjefenes uavhengighet og tillitsvalgtes mulighet for medvirkning bør tillegges særlig vekt i kontroversielle saker». Dei ser altså på både den no seks år «unge» tlføyinga til §1 i Biblioteklova. §100 i Grunnlova og på Arbeidsmiljølova. Ikkje minst det siste har vore lite framme i den opne debatten.

Dei har også eit krav til regjeringa om å «fullfinansiere Helsebiblioteket.no over statsbudsjettet». I tillegg til å argumentere sterkt for dette, er saka prinsippielt viktig. Fleire område kunne med fordel hatt elektroniske bibliotekbaserte tenester av denne typen: «Bibliotekarforbundet mener at lisenser som gir lik tilgang til elektroniske ressurser og kunnskapskilder, er et nasjonalt fellesgode. Å forhandle lisenser på nasjonalt nivå medfører vesentlig mindre byråkrati enn å fremforhandle slike lisenser lokalt, og Helsebiblioteket.no er derfor ressursbesparende både for helseforetakene og for andre virksomheter». 

juli 6, 2020

Svensk korona-skvis: Samfunnsoppgåva eller tryggleiken?

Skjermbilde 2020-07-05 23.29.37

BiS sitt viktige korona-nummer. Illustrasjon Stellan Klint

Koronakrisa har eigentleg vore enkel for norske bibliotek og bibliotektilsette. Praktisk talt alle blei stengde etter 12. mars, og straks dreidde fokuset over mot digitale tilbod og «take-away». Men i Sverige har berre nokre få bibliotek etter kvart blitt stengde, mens dei fleste er opne, med antibac og instruks om å halde avstand. Men så har svenskane sanka fleire røynsler – og hatt fleire og tøffare debattar blant dei tilsette. Noko vi må lære av innan det kjem nye oppblomstringar her også. Det har alt vore nær ved nokre stader.

For ei veke sidan siterte vi frå BiS-bloggen ein svensk bibliotekar som opplagt er utrygg når kommunen har avgjort at biblioteket hennar skal halde ope. På FB-gruppa Bibliotek i coronakris har folk delt idear om korona-trygge tilbod, men også hatt ein tøff debatt om samfunnsoppgåva kontra arbeidsmiljø og personleg tryggleik. Anten eller, kan det sjå ut som frå ein norsk synsstad. Og i det ferske «korona-nummeret» til BiS heiter det bastant i ein artikkel:

«Några få bibliotek har stängt helt och hållet, och biblioteken ses uppenbarligen i de kommunerna inte som en samhällsviktig verksamhet. Med hänsyn taget till de av Folkhälsomyndigheten ålagda restriktionerna och med nödvandiga anpassningar borde alla bibliotek enligt vår mening sträva efter att erbjuda så bred verksamhet som mojligt» (vår utheving).

Har vi sett noko liknande i Noreg? Berre i …

read more »

Translate »