Archive for ‘Barne- og ungdomslitteratur’

februar 21, 2023

Roald Dahl på lukka avdeling?

Ikkje overraskande er pressa full av sjokkreaksjonar på at dei økonomiske kreftene bak forfattaren Roald Dahl (1916-1990) sine etterkomarar vil tilpasse seg dei mest lett-krenkelege lesarane. Rettshavarane, Roald Dahl Story Company, blei i 2021 kjøpt opp av Netflix. I big tech kan alt skje.

Avisa Klassekampen intervjuar i dag ein ekspert på opphavsrett som er klar på at «Dahls norske utgiver, Gyldendal, er pliktige til å følge rettighetshavernes linje. Derfor endres også de norske oversettelsene. – Forlaget får sine rettigheter av arvingene, og nå er det laget en endring som skal ivaretas. Her er det ingen tvil».

>> 22.2.: Men ikkje alle endringane, seier Gyldendal no til Nrk.no. Og det britiske forlaget vil gi dei originale i tillegg.

Avisredaktør Mari Skurdal tar saka fatt i leiarartikkelen og peikar på scenariet at også dei norske folkeeventyra skulle bli handsama på denne måten: «Ingen sensitivitetsleser ville vel heller latt et eventyr som «Smørbukk» stå urørt. Det ville gjort oss til et fattigere og mer konformt land».

Og kva med biblioteka, som har titusenvis RD-bøker?

For hundre år sidan måtte bibliotekarane verne ungane mot alt som kunne smake av sædløyse og umoral. I John Ansteinssons bok «Bibliotekstell» frå 1933 heiter det:

«Den første betingelse for å kunne gjøre et godt bibliotekarbeide blandt barn, er godt utvalg av omhyggelig siktet litteratur for barn og ungdom. Denne litteratur opstilles for sig selv, og ikke blandet sammen med den almindelige litteratur. Har man plass til det, vil man kanskje også gi barna direkte adgang til hyllene, men mange steder vil rimeligvis bibliotekaren være henvist til å være mellemledd mellem barna og bøkene og ekspedere dem over skranken» (mine uthevingar).

Enno på 1960-talet fekk underteikna tenåring berre under tvil tilgang til vaksenavdelinga på biblioteket på Torshov i Oslo, så lenge eg heldt meg ved hylla for sportsbøker, for slikt hadde dei ikkje i ungdomsavdelinga.

Den nye barneboksensuren kan vel ikkje få tilbakeverkande kraft? Eller må biblioteka kjøpe låsbare skap for originalutgåvene? Dei vil jo bli dyrebare samlarobjekt, også.

januar 14, 2023

Kunnskapsinstitusjonane og sjølvtilliten

Januar 2023 i Moss. I bygget bak «snøhaugen» held læringsplattform-produsenten Skooler til.

Åtvaring som gjeld 2023 og frametter: Denne bloggaren kjem til å halde fram med å stille spørsmål ved digitaliseringa av samfunnet. Når det er naudsynt. Det er det slett ikkje alltid, men til dømes torsdag refererte eg til ein miks av debattar som pågår sidan før jul om digitalisering versus langlesing i skolen, no også i høgare utdanning. Ikkje minst i Morgenbladet og Klassekampen finner desse debattane stad.

I sistnemnde avis var kronikken i går av Lars Audun Bråten, lektor og medievitar: «Skolen som motvekt» og med stikktittelen «Hvordan skal lærere kunne konkurrere mot gaming og Tiktok? Svaret er at det skal vi ikke. Skolen må gjenfinne sin selvtillit».

Han skriv blant anna: «Problemet er imidlertid at også skolen, inkludert videregående skole, rir på en i overkant teknologioptimistisk bølge. … Spørsmålet melder seg: Hvordan skal lærere kunne konkurrere mot gaming, korte TikTok-videoer og morsomme bilder på Instagram? Svaret er at det skal vi ikke, og vi må slutte å late som at vi må det. Skolen må gjenfinne sin rolle som en kulturell motvekt mot hovedstrømningene i samfunnet».

Blir dette for langt? 😉 Det kjem litt til, men då om biblioteket sin sjølvtillit:

read more »
oktober 14, 2022

– Alt frå krim til biletbøker

Bøker for unge vaksne

Høgskulen i Volda har godt nytt for alle dei bibliotekarane som på interne postlister og ulike forum spør om råd av typen «Hjelp! Eg treng tips om gode bøker på nynorsk for [sett inn lesargruppe]». Det er Nynorskbok.no frå Nynorsksenteret som Lanserer ny og betre nettside for nynorske bøker.

Dei har no omtalar av rundt 1000 bøker. Og «det finst bøker i ulike kategoriar – alt ifrå krim til biletbøker».  

Du kan enkelt melde deg på nyhendebrevet deira.

mars 7, 2022

Dei-unge-har-slutta-å-lese-debatten oppsummert?

Frå Dokk1 i Århus

For tre veker sidan fekk vi påskot til ein ganske klikkvenleg (52 nedlastingar) tittel her på bloggen: Paradigmatisk for boklesinga! Såvel forfattarar som leseforskarar og barnebokinstituttfag- leiarar var meir eller mindre einige om at dei yngre i dag er mest opptatte av ultrakjappe digitaldingsar og i alle fall ikkje papirbøker.

Men no har nettstaden Periskop køyrt debatten vidare, førebels til og med 5. mars, med ein handfull kompetente debattørar: Øystein Espe Bae ved Norsk barnebokinstitutt, Thomas Brevik ved Strilabiblioteket i Alver, Ole I. B. Storø og Petra J. Helgesen i Foreningen !les og forfattar Arne Svingen. Det p.t. seinaste innlegget er Storø sin kommentar til Svingen.

>> 8. mars: Og i dag er Øystein Espe Bae på banen igjen med Om barne- og ungdomslitteraturen si lyse framtid, der han prøver seg «på nokre luftige tankar om vegen vidare».

I ein boks finn vi alle innlegga, og det er lenker til dei, men ikkje så synlege.

november 16, 2021

Tix på biblioteket?

Dette er tittelen på ein kronikk av Kristin Ørjasæter og Helene Uri i Klassekampen 8. november, og her på Norsk barnebokinstitutt i dag. Adressaten er kulturminister Anette Trettebergstuen, og forfattarane opnar slik: «Du er allerede utsatt for en strøm av ønsker og krav. Alle kommer til å hevde at nettopp deres ønsker og krav må prioriteres. Vi også. Og vi har rett. For hva er vel viktigere enn barns leseferdigheter? Vi trenger en automatisk innkjøpsordning for sakprosa».

Ørjasæter og Uri ber kulturministeren setje seg inn i ein daglegdags situasjon i ein viss institusjon i alle landets kommunar: «Tenk deg at du jobber på et folkebibliotek. Inn kommer en gutt på tolv–tretten år. Han vil gjerne låne den nye boka om Tix. Han har aldri vært på biblioteket før, sier han. Du er hoppende glad for en ny låner, men du vet at boka om Tix ikke finnes på biblioteket».

For «Sakprosainnkjøpsordningen er selektiv, det vil si at budsjettet avgjør hvor mange titler som kan kjøpes inn. Av de 60 sakprosabøkene som ble utgitt i 2020, ble ikke engang halvparten inkludert i innkjøpsordningen. Boka om Tix er ikke påmeldt ordningen; forlaget hadde ingen tro på at den kom til å bli innkjøpt. Mange sakprosabøker ser ikke engang dagens lys fordi forlagene ikke tør, fordi forfatterne ikke har råd».

juni 10, 2021

« … hvordan voksne bokmeldere og formidlere vurderer oppfordringer til handling i sakprosa for barn om miljø- og klimaspørsmål»

Med andre ord: Barnelitterært forskningstidsskrift har kome ut med nr. 1, 2021, hundre prosent Open Access på Idunn.no. Og der vi har klipt dette frå ingressen til ein artikkel.

Her er det også sju andre artiklar som vil ha interesse for mange av lesarane av denne bloggen. Blant anna om applesing og Erling Loes Kurt.

juni 3, 2021

«Slik får du dagens åtteåringer hekta på bøker»

Foto: vagawi, Flickr (CC BY 2.0)

Overskrifta her er frå ingressen til ei sak i Aftenposten 26. mai. Tittelen i nettutgåva er: «Forfattere går nye veier: En ny trend har fått disse jentene til å elske bøker». Avisa har snakka med ein jentegjeng i Asker der alle er «oppslukt av den siste trenden: Å strømme hørespill».

Vi får ein gjennomgang av den norske lydbokdebatten dei siste vekene før Aftenposten intervjuar forfattar Arne Svingen som meiner at «Hver strømmetjeneste må få seg en nisje, … Netflix og HBO kan ha en del serier og filmer som er produsert av andre, men de har også egenproduksjoner som de profilerer. På samme måte må lydbokaktørene satse på forskjellige typer historier og vise at det er noe du ikke får andre steder». Svingen har gitt ut fire sesongar med høyrespel for barn, «Rappa». «Forfatteren har tilpasset arbeidet til lydformatet og ikke omvendt». Høyrespela hans finst no på Storytel.

Fleire seier seg enige i dette. Og høyrespel kan også bli noko for vaksne: «Jo Nesbø har også kastet seg på lydbølgen. En krimnovelle er blitt dramatisert til hørespillet Sjalusimannen, som kan høres hos Fabel, VG og Aftenposten. Flere teatre, blant annet Brageteateret og Det Norske Teatret, har prøvd seg på hørespill».

Men i dagens norske lydboksituasjon betyr dette at viktige delar av rekrutteringa av unge lesarar vil skje utan at biblioteket får bidra.

Om ikkje lovforslaget i Rhode Island går gjennom og skaper smitteeffekt til andre statar og land.

mai 15, 2021

Barn og unge: 500 mill. til trafikktryggleik, 20 til leselyst

Nokon har no fjerna dette skiltet i Rygge, men med ein halv milliard til trafikksikring kjem det nok på plass igjen. Men kva med leseløftet?

Regjeringa si ferske stortingsmelding om barne- og ungdomskultur har ikkje fått typisk stor merksemd. Norsk Bibliotekforening sitt høyringssvar er berre moderat heftig og begeistra, blant anna ser dei ikkje spor av det samla litteraturmiljøet sitt innspel frå til eit leseløft for barn og unge.

Silje Tretvoll, dagleg leiar i Foreningen !les, blei intervjua i Morgenbladet og:

« … meiner at dei 180 sidene i meldinga ber preg av å vere ei utgreiing for stoda i feltet, heller enn ei satsing for å lyfte det. Når det gjeld lesing, kjem det mellom anna fram at prosentdelen norske elevar som ikkje les på fritida har auka frå 35 % i år 2000 til 50 % i 2018. Dette blir omtala som ei stor utfordring, men …

– Likevel vert det ikkje løyvd midlar til å gjere noko med det, seier Tretvoll og held fram Nasjonal transportplan, som vart presentert same dag som kulturmeldinga, til samanlikning: Medan 500 millionar kroner vart sette av til å betre trafikktryggleiken til barn og unge, vart det berre sett av 4 millionar kroner til tiltak for å auke leselyst, og 14,5 millionar kroner til lesestimulering i skulebiblioteka. Desse midlane er ikkje nye, og har faktisk blitt kutta i, fortel Tretvoll.

– Nedgangen i lesing vert ikkje handsama som den samfunnsutfordringa det er».

I dag har Dagsavisen lese endå ei ny undersøking: «Blant barna mellom 16 og 19 økte tallet til 25 prosent som ikke leste en eneste bok i 2020. Blant guttene er det hele 35 prosent som ikke leste en bok i 2020, mens det blant jentene var 15 prosent som ikke leste en bok i 2020»

 

mai 8, 2021

«Ut mot bokorm-idealet»

Også i Danmark? Her frå Dokk1 i Århus

Dette er ein mellomtittel i hovudsaka på Klassekampen sine kultursider fredag denne veka. Mens hovudtittel og stikktittel er: «Advarer mot banale bøker. Svenske barnebøker blir stadig lettere å lese, viser svensk rapport. Flere frykter samme tendens her hjemme».

Rapportforfattaren heiter Katarina Rejman, forskar i språkdidaktikk ved Stockholms universitet. Ho er «bekymret for at barn ikke forventes å lese mer avansert litteratur, men tilbys enkle og korte fortellinger som ikke utfordrer fantasien og forestillingsevnen. … Man tenker at lettlest litteratur kan være en vei til lesing for barn og unge som ikke er interessert i å lese. Jeg tror ikke det er svaret».

Avisa har også intervjua Kristin Ørjasæter, direktør og forskningsleiar ved Norsk barnebokinstitutt· «Jeg er enig i at korte, enkle bøker ikke alltid fremmer leselyst. … – Det gis ut altfor mange uinteressante bøker for nybegynnere, og mange av dem er ikke engang lettleste …

Og vidare: « … enkle og oppskriftsmessige lettlestbøker kan hindre leseglede, fordi litteraturen ikke oppleves som relevant for barna. – Du kan få leselyst og leseglede første gang du knekker lesekoden, men når du så har knekt koden, trenger du mer variasjon og utfordring».

Innkjøpsordninga speler også ei rolle ifølgje Ørjasæter, men rolla er ikkje positiv:

read more »
februar 15, 2021

Harry oppsummert

«Round glasses, similar to those used by the fictional character Harry Potter» (det finst f.t.m. ikkje frie illustrasjonar frå bøkene eller filmane). Foto: Ultra-lab (CC BY-SA 3.0)

Ragnhild Malfang, seksjonsleiar ved Lillestrømbiblioteka, skriv i dag ein kronikk i Periskop, nettstad for «Kritikk av kunst for barn og unge»: «Om å like Harry Potter og være oppgitt over Rowling samtidig». Ragnhild har vore med på denne reisa sidan bok 1 i 1999 og ser på alle måtar ut til å ha rimeleg god bakgrunn for eigne meiningar. Les henne.

Vi vil berre framheve ei sak som denne bloggen er tufta på. Ho skriv: «Bibliotekene skal heller ikke skygge unna å debattere utsagnene som har kommet fram, selv om det kan føles enklere å fokusere på kosen og fellesskapet. Bibliotekene har en mulighet til å sette spørsmålene på agendaen og i en større sammenheng. Vi bør invitere folk med ulike meninger inn i samme rom for å debattere, og bidra til å en opplyst samtale. Vi trenger ikke å være enige for å behandle hverandre med respekt, lytte og søke en forståelse for hvordan verden ser ut fra andre synsvinkler».

PS: Underteikna har i femti års tid vore blodfan av ein filmskapar som no er midt i ein liknande skjærseld som Rowling. Han laga blant anna ein film med namnet «Deconstructing Harry»

desember 11, 2020

Éin ape, to syn

Dei tydelegaste spora etter husdyr hos underteikna er etter ein bok-elskande undulat

Trur kanskje vi har vore innom dette nummeret (1/2020) av Barnelitterært forskningstidsskrift før, men landar no på ein artikkel om ape-biografiar. Og éitt individ, ein sørlending på J, som alle kjenner, har fått fire – 4 – bøker skrivne om seg. Men dei er faktisk ganske ulike. Inger-Kristin Larsen Vie har lese to av dei spesielt grundig i artikkelen «Biografier om dyr: Ideologiske perspektiver på dyr og forholdet mellom dyr og mennesker i to biografier om sjimpansen Julius». Interessant.

september 29, 2020

Richard Scarry går igjen

Bilet- og mydrebokforfattaren gjekk ut av soga (for nokre soger!) i 1994, men kjem i nye opplag. Pluss i ein svært aktuell parafrase.

Translate »