Åtvaring som gjeld 2023 og frametter: Denne bloggaren kjem til å halde fram med å stille spørsmål ved digitaliseringa av samfunnet. Når det er naudsynt. Det er det slett ikkje alltid, men til dømes torsdag refererte eg til ein miks av debattar som pågår sidan før jul om digitalisering versus langlesing i skolen, no også i høgare utdanning. Ikkje minst i Morgenbladet og Klassekampen finner desse debattane stad.
I sistnemnde avis var kronikken i går av Lars Audun Bråten, lektor og medievitar: «Skolen som motvekt» og med stikktittelen «Hvordan skal lærere kunne konkurrere mot gaming og Tiktok? Svaret er at det skal vi ikke. Skolen må gjenfinne sin selvtillit».
Han skriv blant anna: «Problemet er imidlertid at også skolen, inkludert videregående skole, rir på en i overkant teknologioptimistisk bølge. … Spørsmålet melder seg: Hvordan skal lærere kunne konkurrere mot gaming, korte TikTok-videoer og morsomme bilder på Instagram? Svaret er at det skal vi ikke, og vi må slutte å late som at vi må det. Skolen må gjenfinne sin rolle som en kulturell motvekt mot hovedstrømningene i samfunnet».
Blir dette for langt? 😉 Det kjem litt til, men då om biblioteket sin sjølvtillit:
Digitaliseringstrøkket påverkar sjølvsagt også folke- og skolebiblioteka. Utlånet til barn gjekk ned frå 8,6 millionar i 2015 til 6,4 i 2021. Det sistnemnde året var det ein del koronastenging, men i normalåret 2019 var talet alt nede på 6,7 millionar. For teikneseriebøkene finst det ingen eigen statistikk, men vi veit dei er blitt langt meir populære og har overtatt for ein del av tekstboklesinga. Fordi dei er lettare å lese, har denne bestefaren registrert (men sjølvsagt kan ingen klage på forfattar-teiknarar som Nora Dåsnes).
Likevel, dette skapar utfordringar for det tradisjonelle biblioteket. Og biblioteket har aldri vore ein verkeleg solid institusjon. Dette blir stadfesta i ei bibliotekhistorie frå i fjor som nokon burde omsett til skandinavisk: The Library, a fragile history av briten Andrew Pettegree og nederlendaren Arthur der Weduwen. Bibliotekfortida er ei berg-og-dal-bane-historie. Forfattarane viser kor kort levetid mange av samlingane og biblioteka hadde opp gjennom hundreåra, ofte parallelt med dei eventuelle ideane dei var tufta på.
«Synet på biblioteket som fragile gjeld også i dag. Rett nok er det 4,6 millionar bibliotek i verda, og det har kome mange verkeleg påkosta bibliotekbygg dei siste åra. Men dei teknologiske skifta og medieskifta skjer oftare enn før.
Nye trendar blir også introduserte, eller pressar seg fram, og nokre nærmast av naud. Folkebiblioteket som lågterskel møteplass og som møte- og debattarrangør er logiske forlengingar av gratis utlån til alle, men problema med å innfri forventningane til den nye norske lovformuleringa (jamfør bl.a. Elin Golten si ferske avhandling) kan tyde på at det fallande utlånet har vore ein vel så viktig pådrivar».
Dette var mykje eigenplagiat frå bokmeldinga i Bok og bibliotek, men det er laurdag kveld, og eg må snart vere litt sosial. Go hælj.
PS: I same avis i dag har Inge Eidsvåg eit apropos til denne debatten og eit solid forsvar for gode, gratis folkebibliotek: «Porten til tusen andre liv; Uten leselyst og leseglede kan vi bli et samfunn av velutdannete barbarer».
Leave a Reply