
Regjeringa si ferske stortingsmelding om barne- og ungdomskultur har ikkje fått typisk stor merksemd. Norsk Bibliotekforening sitt høyringssvar er berre moderat heftig og begeistra, blant anna ser dei ikkje spor av det samla litteraturmiljøet sitt innspel frå til eit leseløft for barn og unge.
Silje Tretvoll, dagleg leiar i Foreningen !les, blei intervjua i Morgenbladet og:
« … meiner at dei 180 sidene i meldinga ber preg av å vere ei utgreiing for stoda i feltet, heller enn ei satsing for å lyfte det. Når det gjeld lesing, kjem det mellom anna fram at prosentdelen norske elevar som ikkje les på fritida har auka frå 35 % i år 2000 til 50 % i 2018. Dette blir omtala som ei stor utfordring, men …
– Likevel vert det ikkje løyvd midlar til å gjere noko med det, seier Tretvoll og held fram Nasjonal transportplan, som vart presentert same dag som kulturmeldinga, til samanlikning: Medan 500 millionar kroner vart sette av til å betre trafikktryggleiken til barn og unge, vart det berre sett av 4 millionar kroner til tiltak for å auke leselyst, og 14,5 millionar kroner til lesestimulering i skulebiblioteka. Desse midlane er ikkje nye, og har faktisk blitt kutta i, fortel Tretvoll.
– Nedgangen i lesing vert ikkje handsama som den samfunnsutfordringa det er».
I dag har Dagsavisen lese endå ei ny undersøking: «Blant barna mellom 16 og 19 økte tallet til 25 prosent som ikke leste en eneste bok i 2020. Blant guttene er det hele 35 prosent som ikke leste en bok i 2020, mens det blant jentene var 15 prosent som ikke leste en bok i 2020»
Leave a Reply