Bibliotekjournalistikk – kor går du?

På elleve år har norsk journalistikk med bibliotek som hovudtema blitt redusert frå tre til eitt tidsskrift. Ja, kva så? Vi har jo sosiale medium! Men kva då med uavhengig, kritisk journalistikk?

Det heiderlege unntaket er sjølvsagt Bok og bibliotek. Men nyleg blei tidsskriftet Bibliotekaren nedlagt. I 32 år kom bladet, med mykje glødande fagforeiningsstoff, men også gode dosar uavhengig, viktig journalistikk. 

Forbundet vil no «utvikle nye måter å dele faglig og politisk innhold med medlemmene på». Vi må håpe på det beste. Men då Norsk Bibliotekforening fann å kutte ut tidsskriftet Bibliotekforum og nettjournalistikken sin i 2014, blei det berre «erstatta» av åtte «medlemssider fra Norsk Bibliotekforening», som bilag i Bok og bibliotek. Og mest med enkle kunngjeringar frå NBF-leiinga. Frå 2022 blei sidene berre to, og frå og med 2024 er dei vekk. På dei eigne nettsidene har NBF i år 25 artiklar til no, men mest høyringssvar og annonseringar.

Og apropos sosiale medium, så er det no over fem år sidan Nasjonalbiblioteket, på på ėin dags varsel, meldte at dei skulle leggje ned postlista Bibliotek-Norge, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar hadde heldt seg orienterte. Kva har vi i dag, eit brokete forum på NB, der det ikkje har vore liv sidan 29. september!? Om det finst lukka forum som fungerer, så fungerer dei ikkje for andre enn dei som er «innafor».

PS: I det nyaste nummeret av Bok og bibliotek ser vi at sosial uro på bibliotek er eit tema. Folk med interesse for slike «svenske tilstandar» kan med fordel lese det svenske Biblioteksbladet. Og for andre gode grunnar. I Sverige hadde vi også det erklært sosialistiske Bibliotek i Samhälle, som kom på papir og pdf fram til i fjor, men som no viser seg å vere ganske oppegåande på nett.

Lokalaviser, frivillighet og BIBLIOTEK

Dette knipsa eg i Tromsø bibliotek i 2005. Ser det framleis slik ut der?

Nrk.no er faktisk på nett i dag med akkurat denne bodskapen. Enkelt og greitt. Om kva som kan bidra til å sikre ei demokratisk framtid her i landet. Til skilnad frå tendensar rundt i verda, no også i tradisjonelt demokratiske land.

Rett nok er det ikkje lenger bibliotek «på hver knaus og hver knatt,» slik dei påstår i reportasjen. Og apropos lokalaviser, så ser eg dessverre fleire døme på at både dei lokale og riksavisene er blitt færre i biblioteka. I alle fall på papir. Og når no opningstidene blir reduserte, og slett ikkje ope alle dager over alt, så …

Men meir om slikt seinare, trur eg.

PS: Følg bloggen via e-post. Sjå skjema nede til høgre. Og del gjerne med fleire!

Del med ein politikar nær deg!

Om du ikkje alt har gjort det. Eg snakkar om Nrk.no som nyleg har fanga opp ny statistikk og nye trendar som gjeld lesing og bibliotek.

Og som har vore på nye Sarpsborg bibliotek og fått vite korleis verda ser ut derfrå:

«– Det virker generelt som det har blitt mer «trendy» å lese enn det var før, sier bibliotekar ved Sarpsborg bibliotek, Merete Næss.

Næss har en helt egen teori på hvorfor lesing plutselig har fått et byks i popularitet:

– Menn som leser en bok på bussen, er jo mye kjekkere enn menn som nistirrer på en mobil. Dessuten kan du skrive at du liker litteratur på Tinder, så virker du litt intellektuell».

Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL

Kva har 30-årsjubileet i dag med bibliotek å gjere? Sjølvsagt mykje, for det å arrangere eit OL var også eit stort kunnskapsløft. På linje med dokumentasjonen av det, som er grunnlaget for mimringa gjennom tre tiår (eit søk på på emnet i Oria.no gir treff på 102 boktitlar, men denne meiner eg må vere den viktigaste).

Men berre nokre få av oss, med ein god del fartstid, hugsar at då Lillehammer i 1988 fekk seg tildelt OL-et, dukka det opp ei «nyheit» om at kommunen skulle få 60 millionar til opprusting av folkebiblioteket til eit «kultur- og kompetansesenter». Lokalavisa Lillehammer Tilskuer siterte 23. september eit brev frå «Bibliotekvesenet» til kommunen, signert direktør «M. Grøde». Klikk på oppslaget (ikkje ope på nb.no):

60 millionar var visstnok «berre» 3 % av heile OL-budsjettet, men ufatteleg mykje pengar i biblioteksamanheng, for i 1988 var dei samla driftbudsjetta …

Les mer «Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL»

Reklame

Frå «baksideteksten» av Leif Berstad i Klassekampen i dag:

«Det er no innført to kroner i avgift for kvar handlepose. Det er eit tiltak for miljøet og det felles beste. Det kan føre til at vi vil bruke færre posar. Men at forretningane nyttar høvet til å ta fire kroner eller meir for kvar pose med deira eige firmanamn på, er eit heilt anna slag tiltak. Bruk biblioteket, står det på handleposen min. Den fekk eg, og den skal eg bruke flittig. Skal eg reklamere for noko, skal det vere for noko eg bryr meg om».

Adshels og bibliotek

Ikkje Deichman-plakat, men ICA (kor blei det av ICA?)

No skal Deichman minne Oslo-folk på at «det er der man bor den viktigste historien utspiller seg. … Ved å formidle nærheten til publikum skal vi senke terskelen for besøk i det lokale biblioteket». Bra, for Deichman har i pressa og truleg også på folkemunne blitt identisk med nybygget i Bjørvika.

Bodskapen skal spreiast ved hjelp av «lokale adshels, helsider i Aftenposten, geofiltre på Snapchat og Deichmans egne kanaler», ifølgje designarfirmaet si eigenmelding om den nye bibliotekkampanjen. Denne videoen viser meir.

Mange i landets hovudstad vil nok verdsetje dei ofte muntre, småironiske og gjerne kontrasterande bodskapa, i alle fall dei som alt er fortrulege med forfattarane og boktitlane som blir nemnde.

Så målgruppa her kan ikkje vere dei uopplyste aldri-brukarane. Skal biblioteket nå desse trur vi meir på John Patemans metode frå London: «I praksis skjer det ved at vi aktivt oppsøkjer dei ulike miljøa, både arbeids- og heimlause, etniske minoritetar, asylsøkjarar og flyktningar, funksjonshemma og andre som vi ser kan ha glede og nytte av biblioteket, men som ikkje veit om det eller tør bruke det. Vi tilbyr heilt konkret å ta dei i handa og leie dei inn i biblioteket, der vi tar imot dei med informasjon og tilpassa tilbod». 

Vi måtte slå opp orda adshel og geofilter, men no kan vi dei.

Hei, nordiske arrangørar av bibliotekkonferansar

Alan Wylie er Londons og UKs desidert fremste bibliotekaktivist. Særleg på twitter, fleire gongar om dagen. Då handlar det om kamp mot nedleggingar, mot privatiseringar og «delegering» til frivillige, samanslåing av bibliotek med alt frå innbyggjartorg til politistasjonar (!). Og mot såkalla «minibibliotek». For ikkje å gløyme kampen mot dårleg arbeidsmiljø i bibliotek både under pandemien og under «normale» tilhøve.

Han marknadsfører seg no også som føredragshaldar på møte og konferansar. Han jobbar «på gølvet» i eit bydelsbibliotek i London.

Første gong vi møtte han var i 2016, då vi intervjua han for tidsskriftet Bibliotekaren (s. 4-7). Vi har blogga om han fleire titals gongar. Den skotske aksenten hans er godt forståeleg for slike som oss.

Med bibliotekdistanse til Bodø

Bloggaren har faktisk vore i Stormen – biblioteket i Bodø. I februar 2015. Sjå fotoserie av Anders Ericson (CC BY-NC)

Frå ei sak i Morgenbladet denne veka: «Ei romanbestilling har gått ut frå Bodø i samband med at byen skal vere Europeisk kulturhovudstad i 2024, og pressemeldinga som annonserer det nye verket, startar slik: «Den verdenskjente forfatteren Stef Penney er engasjert av Bodø2024 til å skrive en bok om Nordland – uten å noen gang ha vært her. … Då hennar fyrste roman vann Costa-prisen (den prestisjefulle Bookerprisens folkelege bror), vart det gjort eit stort nummer av kor stemningsfullt forfattaren hadde skildra landskapet i Canada utan å ha vitja det sjølv. Sidan då har Penney gjort dette med å skrive bøker frå miljø ho ikkje kjenner – frå det nordlege Grønland til romanisamfunnet i London – basert på «klimavennleg» research på sitt lokale bibliotek, til eit slags varemerke» (vår utheving).

Biletbruk på bibliotekheimesider

… og på Facebook osv osv.

Nasjonalbiblioteket har nyleg lagt ut informasjon om Bruk av bilete på internett- opphavsrett og bibliotek: «Kva som er lov og kva som ikkje er lov å legge ut av fotografi og bilete på nett og i sosiale medium, kan skape hovudbry for dei fleste som jobbar med nettpublisering».

Men mange vil då spørje seg kor ein kan søkje og finne foto og illustrasjonar som kan brukast heilt fritt eller på visse vilkår. Her kjem nokre av kjeldene vi bruker for å illustrere artiklar på denne bloggen. Lenkene er til søk på t.d. bibliotek, lesing, library, librarian osv. (nokre av tenestene har fleire søkespråk):

Les mer «Biletbruk på bibliotekheimesider»

Er ti på topp så topp?

Ekstremvariant i London i 2005: Stand med bestseljarar. Når alt var utlånt, gjekk dei i bokhandelen og fylte opp

Plutseleg på nyåret flyt avisene over med smilande biblioteksjefsintervju, der den dominerande saka er kva for bøker som har vore mest utlånte i 2021. Men slik var det ikkje alltid, takk vere faginterne debattar om dette: – Kvifor drive bibliotekreklame for bestseljarane som forlaga, bokhandlarane og pressa køyrer fram?

Jo, vi veit at all merksemd kan vere god merksemd, og for nokre ikkjebrukarar kan slike avisoppslag utløyse bibliotekbruk. Og vi veit at mange bibliotek driv brei og god formidling på eigne plattformer, men kor mange oppdagar eigentleg dette?

Fleire bibliotek burde snakke med lokalavisene for å få faste spalter som til dømes Fredrikstad bibliotek i Fredriksstad Blad. Under den pågåande aviskrisa vil mange lokalaviser setje stor pris på gratis innhald som dette.

PS: Legg gjerne lenker til liknande spalter i kommentarfeltet nedanfor.

Kor mykje har Facebook å seie for bibliotekbruken?

I det ferske Bok og bibliotek nr. 5 har dei tatt imot Facebook-ballen som Datatilsynet sette i spel i september. FB er hovudsaka og dominerer forsida. Det framgår at biblioteka vurderer dette ulikt, blant anna i Bergen ser dei alvorleg på dette. Underteikna blir også intervjua, og eitt av spørsmåla mine går på kor viktig Facebook eigentleg er for kontakten mellom bibliotek og brukar? Til dømes for å få folk til å kome på arrangement.

Det er vel berre nokre av dei største biblioteka som tar seg råd til å annonsere i avisene. Og kor godt fungerer dét? Hei, batchelor- og masterstudentar på ABI/OsloMet! Dette er faktisk litt viktig, no når det tydelegvis blir ein kamp å få folk ut av Netflix-sofaen etter koronaen.

Bibliotek-aksjonisme på 00-talet! (siste nytt frå bibliotek-arkeologien)

Ein ikkje så veldig relevant illustrasjon

Fekk akkurat ei etterlysing frå ein bibliotekar med litt fartstid, etter ein spesiell wiki som underteikna hadde sysla med ein gong i tida. Denne var eit biprodukt av arbeidet som nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, men då dei måtte skjere vekk både tidsskriftet sitt og nettjournalistikken, og vi blei to journalistar til overs, blei heller ikkje abonnementet forlenga hos wiki-leverandøren. Wikien BibliotekSATS presenterte vi som «ein idébank og «kokebok» for bibliotekaksjonisme». Men no finst han berre på Wayback Machine.

Som betyr at det tar uvanleg lang tid å opne dei ulike lenkene. Nokre sider ser vi at ikkje er fanga opp av WM, og det er ting her som er forelda og lite interessant i dag, og ting som kunne blitt oppdatert, men som ikkje vil skje. Om ikkje nokon annan startar noko slikt frå botnen av. Men tida har kanskje ikkje gått frå absolutt alt, til dømes under «Bibliotek-PR» og «Argument for bibliotek».

Råkøyring etter ikkje-lånarar

På bloggen Librarian.net skriv Jessamyn West om at ho sponsa ein kvinneleg rallysjåfør. Noko som resulterte i ein spesielt synleg bibliotek-reklame på ein spesielt synleg bil! Jessamyn skriv at dette var billegare enn ei avisannonse på ei kvart side, men ho var likevel litt i tvil om investeringa. Men denne reklamen ville nok nå fleire ikkje-brukarar enn ein avisannonse. Det blir jo ein del runder i eit rallyløp.

No fann vi på FB-gruppa til ralleysjåføren ein muleg grunn til tvilen til Jessamyn. Sjå nedanfor.

Dette minnar om ein anekdote, eller sann historie (?), frå dei glade 60-åra. Om den svenske biblioteksjefen som sa ja til ishockeyklubben sitt guttelag då dei trong eit lokale for å bli kursa i spelets teori. Dei måtte sitje mellom reolane i det tronge biblioteket. Men ho fekk påpakk frå bibliotekstyret, for desse lømlane ville kome til å stele bøker! – Ja, svarte biblioteksjefen, men sikrare kan eg sjeldan bli på at bøkene våre blir lesne.