Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL

Kva har 30-årsjubileet i dag med bibliotek å gjere? Sjølvsagt mykje, for det å arrangere eit OL var også eit stort kunnskapsløft. På linje med dokumentasjonen av det, som er grunnlaget for mimringa gjennom tre tiår (eit søk på på emnet i Oria.no gir treff på 102 boktitlar, men denne meiner eg må vere den viktigaste).

Men berre nokre få av oss, med ein god del fartstid, hugsar at då Lillehammer i 1988 fekk seg tildelt OL-et, dukka det opp ei «nyheit» om at kommunen skulle få 60 millionar til opprusting av folkebiblioteket til eit «kultur- og kompetansesenter». Lokalavisa Lillehammer Tilskuer siterte 23. september eit brev frå «Bibliotekvesenet» til kommunen, signert direktør «M. Grøde». Klikk på oppslaget (ikkje ope på nb.no):

60 millionar var visstnok «berre» 3 % av heile OL-budsjettet, men ufatteleg mykje pengar i biblioteksamanheng, for i 1988 var dei samla driftbudsjetta …

… til alle folkebiblioteka i landet 542 millionar. Så berre dét burde fått ein til å lure. Men kva visste journalistar om bibliotek? (Og kva veit dei i dag?!)

Saka blei, skadefro, avslørt som bløff av gjøvikavisa Oppland Arbeiderblad (sjå karikaturteikninga av ein ung Herb!). Vi kan fastslå på nb.no at avsløringa også blei registrert i Arbeiderbladet (Oslo), OsloAvisen og Ringsaker Blad.

Den same gruppa, som skal ha kalt seg «Stuntbibliotekarene» (inspirert, truleg, av Stuntpoetene), skal også ha utført stunt i Oslo, med Deichman i fokus. Folk med god husk må gjerne melde seg om dette til frilanders @ gmail.com.

Leave a Reply