Bibliotek-scenario-dugnad på amerikansk

Skjermbilde 2020-05-24 18.05.25

Scenario-rapporten «Bibliotekene i 2020» frå i 2006 tok ikkje høgde for ein pandemi. Men er slett ikkje uinteressant. Klikk og kikk.

Den US-amerikanske bibliotekforeninga ALA har ein mangfaldig nettstad med namnet The Library of the Future. Her har koronapandemien ikkje overraskande blitt eit svært synleg innslag den siste tida. Dei har ein lang artikkel med ulike scenario for kva som kan skje og som bør skje, når og om det skjer. For å seie det slik.

Vi har fort og gæli omsett eit forkorta utval på 19 av dei utfordringane vi synst ser mest aktuelle ut for landet vårt. Forklaringane mellom kulepunkta har vi hoppa over. Nokre kulepunkt er heilt konkrete, andre strukturelle og meir bibliotekpolitiske. Men ver merksam på at originalen heile tida blir utvida og justert. ALA-medlemmar er oppmoda til å bidra:

  • Korleis vil det gå for bibliotekverdiar som personvern og intellektuell fridom når big data og sporingsteknologiar har blitt ein del av styresmaktene og samfunnet sitt svar på trugsmålet mot folkehelsa? 
  • Korleis vil biblioteka, som demokratiske og fridomselskande institusjonar, kunne fremje samtalar, diskusjonar og rom som verkeleggjer desse prinsippa?
  • Kva med bibliotekbudsjetta når sentrale og lokale styresmakter vil prioritere andre område?

Dette var berre dei tre første:

  • Som møteplass på campus, korleis vil biblioteket tilpasse retningslinjer og tenester for å tene studentane når dei har redusert rørslefridom?
  • Ei framtidig utfordring kan vere å måtte støtte både online-elevar og elevar på campus. Slike auka krav – i ei tid med sannsynlegvis mindre ressursar – kan bli eit ekstra press på dei bibliotektilsette.
  • Korleis vil bibliotekleiinga møte tilsette som ønsker å utføre meir av arbeidet sitt heime? Dette kan skape splid om rettferd, samarbeid, kommunikasjon og andre utfordringar for organisasjonskulturen.
  • Når biblioteka vender tilbake til ei verd der det framleis kan vere ein viss smitterisiko, korleis tryggje dei tilsette i frontlinjene?
  • Vil bibliotek kunne tilby oppsøkande tenester til dei mange eldre vaksne som no blir tvungne til å vere heime? 
  • Bibliotek kan leggje meir vekt på tilgang til informasjon som eit middel til personleg og samfunnsmessig frigjering. Bibliotek kan også no undersøke om deira eigne system og policy er rettvise eller hindrer enkeltpersonars bruk av bibliotektenester.  
  • Om telemedisin blir eit breitt promotert verktøy for å bøte på manglar på helsetenester, vil bibliotek vere førebudde på å møte  etterspurnaden frå brukarane etter slike tenester (tilkopling, utstyr, møterom) og samtidig informasjonsbehovet og personvern-konsekvensane knytte til slike transaksjonar. 
  • Vil bibliotek kunne omorganisere areala sine for å tilby færre sitteplassar og arbeidsområde? Vi dei kunne setje grenser for kor mange som kan opphalde seg i lokala? Vil dei kunne utvikle retningslinjer og praksis for å temeratur-skanne brukarar og andre helsetiltak?
  • Korleis vil bibliotek tilpasse eventyrtimer, kurs, offentlege arrangement og anna som potensielt kan samle mange menneske?
  • Etter kvart som arbeidsløyse og permitteringar aukar, kan biblioteka hjelpe innbyggjarane med å navigere i ein sterkt  krympa sysselsettingssektor der berre nokre få store firma kontrollerer markedet (kanskje størst problem i USA)?
  • Vil bibliotek kunne investere meir i smarte skap for henting av bøker eller andre nyvinningar når det gjeld tilgang og levering? >>

    Skjermbilde 2020-05-24 18.40.26

    Smarte skap ved bibliotek i USA. Klikk og kikk

  • Vil bibliotek kunne auke eller om-prioritere budsjett for å møte det høgare reinhalds- og sanitetsnivået det vil vere krav om i det offentlege rommet? Vil dei kunne revurdere retningslinjer for mat og drikke, toalettbruk og tilgang og bruk av datamaskinar?     
  • Korleis vil bibliotek førebu seg på å fremje titlar på bestselgerlistene – etter sannsynlegvis auka etterspurnad etter slike titlar – trass i potensielt reduserte budsjett? 
  • Korleis vil bibliotek kunne halde fram med å marknadsføre og gje tilgang til eit veksande univers av informasjon og innhald? 
  • Bibliotek kan bli endå viktigare aktørar når det gjeld nyheiter og journalistikk. Mange bibliotek promoterer alt lokal journalistikk eller har direkte roller i å produsere lokale nyheiter, og desse funksjonane kan bli endå viktigare i ein negativ økonomi der informasjon om folkehelse er kritisk viktig (meir aktuelt i USA i dag, men det handlar om slikt som denne bloggen tok utgangspunkt i).
  • For eldre, unge og personar utan bilar, er offentleg transport viktig for å kunne bruke fellestenester som bibliotek. Med dårlegare tilbod vil besøks-statistikken gå ned. Kva kan biblioteket gjere med dette?

One Trackback to “Bibliotek-scenario-dugnad på amerikansk”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: