Archive for ‘Bibliotekarstereotypien’

mars 16, 2023

Alvorleg NRK-krenking av bibliotekarstanden?

Her i nabogarden til Stay Behind i Cort Adelers gate hadde faktisk salige Riksbibliotektjenesten kontor i alle år.

Hovudoppslaget på Nrk.no i kveld handlar om ei ny bok om det paramilitære Stay Behind-systemet i Noreg etter 2. verdskrigen: «Avslører det ingen skulle vite».

Men den første feite mellomtittelen er faktisk «Agenter som minner om bibliotekarer» (!)

Jøss, dét var litt av ei fjør i hatten!

Men vi les vidare. Det er den eine av forfattarane av boka, ein pensjonert oberstløytnant, som blir sitert her:

«… han ble overrasket over typene han har truffet. – Jeg hadde ventet meg store, sterke karer, men slik var det sjelden. Mange av dem var ganske unnselige, og minnet meg mer om bibliotekarer enn motstandskrigere. Det er slike personligheter som fungerer best. Stillfarne folk som ikke har behov for å stikke seg fram. Men de må ha kalde hoder, sterk psyke og være i god form».

Korleis bør bibliotekarstanden stille seg til dette?! Kalde hovud og sterk psyke blir liksom ikkje hovudinntrykket du sit igjen med.

Men etter å ha opplevd det siste året kor unnselege og stillfarne dei aller fleste bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar i ut- og innland har vore i striden rundt den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA, er det liten grunn til å kjenne seg krenka.

Unntaka er leinga ved Stockholms stadsbibliotek, eit tysk bibliotekarforbund, Svensk biblioteksförening, tre bibliotektidsskrift; eitt tysk, eitt svensk og eitt fransk, pluss eitt norsk med ein notis, og ein psevdonym bloggar. Og nokre av dei trakasserte tilsette ved IFLA HQ. Og denne bloggen (vi kan ha gløymt nokre).

PS Det finst likevel Barske Bibliotekarar. Her på bloggen har vi p.t. 22 artiklar om slike. Og vi har fem artiklar om Bibliotekarstereotypien, medrekna denne.

november 12, 2021

Bibliotekarkarfolkas problem (det er fredag)

Vi har tidlegare ved nokre høve kommentert bruk og misbruk av bibliotekarstereotypiar både i media og ganske så lødig litteratur. Ikkje overraskande er fenomenet også sentralt i eit hovudverk om fordommar og feilslutningar, av ein Nobelprisvinnar … i økonomi: David Kahneman: «Tenke, fort og langsomt» (Pax, 2012). Her frå forordet, der han skriv om eit eksperiment som han og kollegaer utførte (vår eiga omsetting frå den engelskspråklege utgåva):

«Ein person blir skildra av ein granne på denne måten: «Steve er veldig sjenert og reservert, alltid hjelpsam, men er lite interessert i medmenneska og omverda. Han er saktmodig og ryddig, med behov for orden og struktur og er opptatt av detaljar». Kva er då mest sannsynlig; er Steve bibliotekar eller bonde?
Steves personlegheit liknar bibliotekar-stereotypien, dét slår alle med det same, men det finst like relevante statistiske faktorar som nesten alltid blir ignorerte. For det er meir enn tjue mannlege bønder for kvar mannleg bibliotekar i USA. Fordi det er så mange fleire bønder, vil vi nesten heilt sikkert finne fleire «mjuke og ryddige» sjeler på traktorar enn ved informasjonsskrankane i biblioteka. Likevel fann vi at deltakarane i eksperimentet ignorerte desse relevante statistiske fakta og berre stolte på likskapen»
.

juli 16, 2021

Dag Solstad (1941-), bibliotekar T. Singer (1999)

Bibliotektidsskrift i magasinet på Hammersborg (gamle Deichman)

Forfattaren er i dag 80, mens romanen hans om bibliotekaren T. Singer, med fiktiv karriere på Notodden bibliotek og Deichman på Hammersborg, helst langt nede i magasina, kom ut for tjueto år sidan. I Klassekampen finn vi eit større intervju med førstnemnde og i tillegg ein kommentar av Tom Egil Hverven. Her er T. Singer i fokus.

Hverven skriv: «Han har en slags tom identitet, rede til å oppfylles av andres forventninger, samtidig som han er seg tomheten bevisst – og plages av den. Singer er levende opptatt av historie, ikke minst Telemarks historie, men han makter ikke å sette seg selv inn i noen historisk sammenheng».

Eit bibliotekarisk syndrom? :-/

Underteikna intervjua Solstad for Bok og Bibliotek då romanen kom ut. Her ein smakebit frå eitt av dei vanskelegaste intervjua vi nokon gong har gjort:

read more »
november 13, 2020

Bibliotekstereotypisk (det er fredag)

Det er ikkje ofte vi er innom bil-journalistikken i denne bloggen, for bokbussar er det vel snart slutt på. Men dette klarte vi ikkje å stå imot. At det handlar om el-bilar kan vel reknast som eit formildande omstende, samtidig som bibliotekstereotypien her går på «tungt engelsk bibliotek». Noko vi i dag berre kan ane hos Gunnerus i Det nordenfjeldske og på femte høgda i Nye Deichman.

mai 6, 2020

Biletet av biblioteket

Skjermbilde 2020-05-07 00.01.16

Nasjonalbiblioteket i Madrid. Foto: Hugo Contreras (CC BY-SA 3.0)

Då vi i går skreiv om noko så moderne som eit flunka nytt bibliotek i dataspelet Mindcraft, reagerte vi på at dei valde å framstille det som eit 1800-tals nyrenessanse-slott. Men slik skulle store bibliotek vere på den tida. Også mindre bibliotek fekk gjerne dette preget, berre i mindre målestokk. Men kva får oppegåande intellektuelle til å gjere slike val på 2000-talet?

Vi såg oss rundt og fann raskt svaret: Det er slik «bibliotek» generelt blir oppfatta av dei som forvaltar kunnskapen. Vi såg til dømes på:

read more »

Translate »