Då vi i går skreiv om noko så moderne som eit flunka nytt bibliotek i dataspelet Mindcraft, reagerte vi på at dei valde å framstille det som eit 1800-tals nyrenessanse-slott. Men slik skulle store bibliotek vere på den tida. Også mindre bibliotek fekk gjerne dette preget, berre i mindre målestokk. Men kva får oppegåande intellektuelle til å gjere slike val på 2000-talet?
Vi såg oss rundt og fann raskt svaret: Det er slik «bibliotek» generelt blir oppfatta av dei som forvaltar kunnskapen. Vi såg til dømes på:
- Engelskspråkleg Wikipedia: Av 15 illustrasjonar av heile interiør eller eksteriør (ikkje av detaljar) er 12 av denne typen. Berre éitt eksteriør i nyare stil.
- Norsk bokmål Wikipedia: 1 av 2 (var 0 av 2 før underteikna tok affære)
- Nynorsk Wikipedia: 1 slikt interiør. To andre foto frå litt meir moderne biblioteklokale, men begge verkeleg trøysteslause!
- Svensk Wikipedia: 3 av 3.
- Dansk Wikipedia: 5 av 8.
- Fransk Wikipedia: 7 av 13. Fire illustrasjonar av nyare stil.
- Store norske leksikon: 2 av 4.
- Britannica Academic: 8 av 11. To illustrasjonar i nyare stil.
Det er ein jobb å gjere her.
Legg igjen en kommentar