… bibliotekbruken. For fjernlån bør og vil kompensere for mykje av tapet; dette var eg inne på 3. april. Meir presist: Du vil framleis få treff i den fulle teksten i blodferske så vel som eldre norske bøker, og dette vil inspirere til fjernlånstingingar. Særleg om Nasjonalbiblioteket ganske enkelt legg til «Bestill fjernlån» ved informasjonen «Kilde for metadata». Som du i dag finn i postane nedanfor «ISBN», som til dømes her. Der kjem du til Oria.no, med fjernlånsfunksjonen sin. Lenker inn i Biblioteksøk ville gjort det ekstra enkelt for brukarar av folkebibliotek.
Dette er det minste NB kan gjere for å bøte på skadane. Funksjonane skulle sjølvsagt vore der heilt frå starten, med tanke på at meir enn halvparten av bøkene alt er «innestengde».
På denne måten vil samtidig den nasjonale utlånsstatistikken auke synleg, for i dag blir ikkje Bokhylla-bruken rekna med verken her eller der. Av ein eller annan merkeleg grunn.
Men ein føresetnad er sjølvsagt at dei lokale biblioteka ikkje har kassert alt som gjennom snart tjue år er blitt digitalisert.
Halveringa av Bokhylla.no vil heller ikkje svekke SALET av norske bøker. For så lenge NB held fram med å digitalisere alt nytt, vil Bokhylla.no framleis vere ein god reklamekanal for bokhandelen.
Eit døme på dette: Underteikna fatta for ei tid sidan interesse (negativ) for Peter Thiel, ein Silicon Valley-milliardær og ifølgje Wikipedia ein «politisk reaksjonær libertarianer». Eit søk på namnet hans i Bokhylla gav treff i 54 bøker, av desse 8 frå 2022 (sjå illustrasjonen). Dette påverka meg til å kjøpe Lena Lindbergs «Ekko – et essay om algoritmer og begjær» (meir om denne, følg med på bloggen) og Carline Tromps «Kulturkrig : det nye ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» (eg kjende til begge på førehand, men søket i Bokhylla fekk meg til å handle, bokstaveleg talt).