Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus

Fjernlånshyllene i folkebiblioteka avslører ganske avanserte interesser i folkedjupet. Klikk og kikk

>> Sjå også viktig kommentar frå Lars Egeland nedanfor

Førstebibliotekar Åsne Høgetveit ved UiT er fast spaltist kvar sjette måndag på Khrono. Denne veka skriv ho om omlegginga til digital pliktavlevering av bøker til Nasjonalbiblioteket frå nyttår. Det blir endå færre papirbøker ved UH-biblioteka, og til fjernlån til andre bibliotek. For studentar og tilsette er betre digitalt tilbod eit stort framsteg, men nye utfordringar kjem til overflata, slike som vil råke blant anna frilansarar og forfattarar, som underteikna. Ho skriv:

«… bøkene skal vera knytt til «dokumentasjon eller forsking». Derfor må ein, for å få digital tilgang til materialet, signere på at det er innanfor ein slik bruk at ein ynskjer tilgang. Ein må sende søknad, som så vert godkjent før ein får ein tidsavgrensa tilgang.

Ein ting er at det ikkje er omtala kva dokumentasjon eller forsking inneber. Slik det vert praktisert i dag får til dømes studentar tilgang til bøker i samband med studiane sine, men om ein tolkar lova strengt er dette kanskje ikkje innanfor? Eg veit eigentleg ikkje».

Dét veit heller ikkje bibliotekarar i folkebibliotek. Underteikna, som i året som gjekk i bokform har grave djupt i østfoldsk målføregransking, har støtt på to ulike tolkingar ved tre ulike bibliotek. Éin stad kravde dei først tilknyting til eit UH o.l., noko eg ikkje har. Eg fekk tilgangen min, i periodar på åtte timar, men det var ikkje berre enkelt.

Dette har også Åsne Høgetveit røynsler med:

Korleis skal det gå med fjernlånet når alt blir digitalt?

«Ei anna sak er korleis ein skal kunne kontrollere at bruken er innanfor, og dermed kan ein spørje seg kvifor ein i det heile legg opp til ein såpass krunglete prosess for å administrere tilgangen. Kanskje er tanken at prosessen inneber såpass mange klikk at det berre er dei som verkeleg vil ha tilgang som gidder å gå gjennom prosessen?»

Og ikkje minst:

«Ein tredje ting er tilgangen til resten av ålmenta som kanskje ikkje treng bøker til dokumentasjon eller forsking, men som til no har hatt god tilgang på bøkene».

I tillegg nemner ho tilgangen til læremiddel: «For studentar og tilsette ved lærarutdanninga er det superviktig å ha tilgang til læremidla som vert nytta i skulen – både i praksis og som del av anna studiearbeid og forsking». 

Ho avsluttar: «Eg ynskjer meg absolutt meir digitalisering i 2022. Eller, kanskje det eg ynskjer meg er betre digitalisering. Det vil seie digitalisering som gjer viktig materiale meir tilgjengeleg».

.

4 Responses to “Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus”

  1. Den nye digitale pliktavleveringa som åpner for tilgang både fra folkebibliotek og fagbibliotek, er et stort fremskritt, men som Åse peker på er det også mangler. Det at bøkene er til dokumentasjon og forskning er ikke noe nytt, det gjelder i prinsippet for den tidligere ordningen med pliktavleverte bøker på papir. Det er altså ikke blitt strengere og skal ikke praktiseres strengere.
    Til nå er det de gamle universitetene som har mottatt pliktavlevert materiale, det har vært en fordel for dem. Nå er vi en del flere universitetsbibliotek. Den digitale pliktavleveringa kommer også fordi man ellers måtte ha utvidet den papirbaserte pliktavleveringa til å gjelder flere bibliotek.
    Vitenskapelige ansatte på fakultet får automatisk tilgang til det pliktavleverte materialet, men dette omfatter ikke vitenskapelig ansatte i bibliotek. De må altså søke og få tilgang tildelt for en kort tid. Dessverre er denne søknadsprosessen unødig tungvint. Den er så tungvint at jeg trodde at Nasjonalbiblioteket ønsket å gjøre det så vanskelig som mulig for at færrest mulig skulle bruke tilgangen. De hevder det motsatte og det tror jeg dem på. Så nå vil det slik jeg skjønner, starte et arbeid med å gjøre prosessen med å få tilgang noe enklere.

Trackbacks

Leave a Reply