>> Nytt kl. 14.29: Sjå «retting» under saka
I Klassekampen i dag handlar kronikken til Birgit Brock-Utne om Bertha von Suttners banebrytande bok «Ned med våpnene» (1899, på norsk først i 1954). Brock-Utne minnar om at Nobels oppretting av fredsprisen «hadde å gjøre med hans beundring for den østerrikske fredskjemperen og pasifisten Bertha von Suttner (1843–1914). Uten hennes stadige brevveksling med og innflytelse på Nobel hadde det ikke eksistert noen fredspris. Det er en skam at det ikke finnes noen byste eller statue av Bertha von Suttner i Nobelinstituttet i Oslo».
Noko anna som ikkje finst der er von Suttners bok! Biblioteksøk avslører:
«Det Norske Nobelinstitutt: Biblioteket har 0 av 0 ledig» …
Noko som pensar oss over på det andre poenget i overskrifta:
For kvar tittel i Biblioteksøk kan vi klikke på «Bibliotek som har denne» og få opp det vi må tru er ei komplett liste med bestanden i kongeriket. Men for den jamne brukaren må det vere forvirrande med meldingar om kven som ikkje har boka.
Kvifor er bibliotek oppførte som ikkje har boka? Om dette ikkje kan rettast opp, eller forklarast tydeleg for brukaren, kan vel denne funksjonen kuttast ut, for når du skal tinge boka er det systemet som vel kva for bibliotek som skal sende henne frå seg.
PS: Ein vaken lesar gjorde same søket, og no står det «Biblioteket har 1 av 1 ledig» på Nobelinstituttet sitt bibliotek. Dette gjer det heile berre endå meir mystisk.
Her ein skjermdump av søket for ein time sidan (det er godt å sjå at mange framleis har denne boka!):
