Archive for ‘Kommersialisering’

juni 18, 2022

Eitt prinsesseparty kvar månad

Ikkje bokstaveleg, men i kroner og øre. Dagbladet hadde i går ei «oppsummering» av prinsesseballballaden på Deichman Bjørvika i Oslo. Det går fram at biblioteket fekk 961 000 kroner for utleiga, praktisk talt den månadsinntekta dei må ha for at bystyret skal vere nøgd med innteninga, nemleg 12 millionar per år.

No seier kulturbyråd Omar Gamal (SV) at «Denne bursdagsfeiringen var helt spesiell og et engangstilfelle som ikke kommer til å gjenta seg», og frå å ha nærmast skrytt av ordninga tidlegare, seier han no at «Hvis det blir større økonomisk handlingsrom i framtida, er jeg ikke gift med utleiekravet». Men om eit år er det kommuneval også …

Deichmans kommunikasjonsdirektør held likevel bibliotekdøra på gløtt: «Arrangører bør ikke anta at Deichman heretter leier ut og stenger biblioteket selv om lommeboka er feit. Det må helt spesielle grunner til, som i dette tilfellet». 

Dagbladet skreiv på leiarplass om tonedøve festarrangørar og publiserte den skarpe fråsegna til dei tillitsvalde, mens VGs Astrid Meland kallar det «surmaget kritikk». I kulturavisene Morgenbladet og Klassekampen har det vore tyst. Dei er då heller ikkje klikkavhengige …

juni 13, 2022

«… hva annet kan man forvente av profittbula Deichman»

Det luksuriøse «Kringsjå» i 5. etasje er ofte avstengt sjølv om det ikkje er arrangement der.

Orda er henta frå ei twittermelding i dag som kommenterer den jublande pressemeldinga om at «Torsdag er Deichman Bjørvika stengt fordi regjeringen ønsket å feire tronarvingen, prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag, i Oslos nye hovedbibliotek». 

>> Nytt 16.6.: Kontant reaksjon frå fagforeiningane i Dagbladet: «Rett og slett flaut. Deichman må bukke, nikke og neie for Oslo kommunes inntjeningskrav». Sjå også dansk TV2.

Det er sjølvsagt hyggjeleg for Oslo å ha eit nytt bibliotek som er så kult og innbydande at landets aller ypparste 18-åring ønskjer å ha party der. Men sjølv om biblioteksjefen forsikrar at «dette er et sjeldent unntak», har i dag dusinvis av pengesterke foretak, organisasjonar og ikkje minst alle norske eventbyrå ført opp Deichman Bjørvika på lista over potensielle locations for store og små occasions. Éin ting er at romma er delikate og praktiske, men i tillegg vil arrangørane skaffe seg uvurderleg kulturell kapital! Presset, og innteninga, vil bli stor!

At heile kåken var til utleige, visste vi ikkje før no. Tidlegare trudde vi det «berre» var «Kringsjå», med eit anna ord den store «utkraginga» på toppen. Sjå fotoet. Og enkeltrom. Og alle kontora som er utleigde på fast basis. Og kafeane osv.

desember 7, 2021

Skansen: Utleige som på Deichman, kan bli vanleg

«Misbrug ikke vor Tillid» heitte det på Deichman før i verda. Truleg i den gamle «Eventyrgården»?

Svenske Biblioteksbladet.se har tatt utleigesaka i Oslo på alvor og blant anna gått meir direkte på Deichmansjef Knut Skansen enn både Dagsavisen og Morgenbladet gjorde. Han bagatelliserer her utspela frå fagorganisasjonane og ender opp med å forsvare ordninga som noko alle bibliotek bør førebu seg på:

«Han tror att många är rädda för själva principen, att bibliotek måste klara sig med hjälp av privata intäkter, och att detta kan komma att bli aktuellt för fler bibliotek.

– Jag tycker inte andra bibliotekschefer ska vara rädda för detta, jag tycker att de ska se det som en möjlighet. Det är ett nytt sätt att tänka på i Norge, men jag tror att vi måste vänja oss vid det.

Jenny Dellegård på Fagforbundet håller inte med.

– Det är ett ideologiskt ställningstagande. Jag tänker att biblioteken traditionellt är en del av välfärdsstaten och ska finansieras av skattemedel. Nu börjar man hämta pengar från det privata, vi tycker inte det är okej på ett bibliotek».

september 27, 2020

Bokbreidde? Det er biblioteket, det

Bokhandelkjedelig

Morgenbladet denne veka har ei sak med tittelen «Blir vi stadig mer enfoldige i vår lesing? Og er det i så fall et problem?» Det handlar, blant anna, om småforlaga sitt tilhøve til bokhandelen, nærmare bestemt bokhandelkjedene. Og forleggarkonserna som eig dei.

Eirik Bø, dagleg leiar i Pelikanen Forlag, seier dei har «bare en og annen slenger som blir kjøpt inn i noen hundre eksemplarer og fordelt i de alle største butikkene. Det betyr at nesten alle våre bøker ender bortgjemt bakerst i butikkene. Slik kjedebokhandlene drives nå, er det egentlig bare det som ligger i bunker som er synlig».

Og veka før intervjua MB Cecilie Naper, som i ein komande artikkel oppsummerer «at oversatt underholdningslitteratur har vunnet betydelig terreng på bekostning av prisbelønnet og annen skjønnlitteratur i bokhandlene (og på bibliotekene) i takt med at den norske bokbransjen er blitt liberalisert de siste tyve årene. Bokhandlene blir friere, men utvalget deres av bøker krymper».

Så følgjer forsøk frå bransjefolk på å avdramatisere og bortforklare marknadsliberaliseringa med kjøpesentra og med politisk press («Det var ikke nødvendigvis forlagsbransjen … som ønsket en mer kommers bokavtale i 2014»), og «hva folk vil lese, må de selv bestemme». Før vi får halmstrået for breidde-lesinga: Innkjøpsordninga.

Same kva som skjer og ikkje skjer i forlag og bokhandel er biblioteka dødsviktige for variert lesing her i landet, så gjer slikt som i Dokk1 i Ålborg:

read more »
Translate »