Om krimforfattaranes sviktande bibliotekkunnskapar … eller?

gult påske fjell bibliotek

G O D   P Å S K E !

Bibliotekaren og biblioteket er ganske ofte til stades i skjønnlitteraturen. Sjølvsagt har vi sånt som «Liket i biblioteket» av Agatha Christie, men sjeldan finn vi ein bibliotekar i helterolla eller biblioteket som anna enn åstad for meir eller mindre løynd romantikk (og trenden med færre og lågare reolar vil setje ein stoppar også for dette).

Og så har vi bibliotekarmetaforen, tydelegvis veleigna til å kontrastere og dermed framheve helten i historia, men heller ikkje meir (sjølv om Dag Solstad ope innrømmer å ha brukt bibliotekarmetaforen på hovedpersonen i «T. Singer», som verkeleg ikkje kan kallast helt).

Men bibliotek og bibliotekarar kan også inngå i intrigar, ikkje minst i kriminalsjangeren. Men her gjer mange forfattarar det vanskeleg for seg. Utfordringane vi tenkjer på går hus forbi hos forlagskonsulentane, men ikkje hos bibliotekarane, noko dette skal handle om:

Bokspor

Ikkje reint sjeldan må vi vere vitne til korleis krimforfattarar sender troppane sine til biblioteket for å tråle lånarregistra! Blant anna fordi kriminelle har utruleg lett for å miste lånekorta sine på åstaden, med namn både på seg sjølv og biblioteket sitt.

På biblioteka finst sjølvsagt register over kva skurkane har lånt av særs kompromitterande litteratur. Og desse registra, viser det seg, er relativt kurrante for etterforskarane å få tilgang til, ved hjelp av autoritet, uimotståeleg sjarm og/eller muting.

Men vi, bibliotekarane, sit der og dirrar av harme over slike vanvittig urealistiske grep: For datasystema våre slettar jo automatisk alle personopplysningane straks bøkene er innleverte (eller …? sjå meir nedanfor).

Den korrupte bibliotekaren

rankinEitt kjent døme på snoking i lånardata ved hjelp av korrupt bibliotekar, finst i Ian Rankin sin John Rebus-roman ”Black and blue” (1997, på norsk i 2001), der det skotske nasjonalbiblioteket i Edinburgh er åstaden. Først byr ein legendarisk seriemordar, kjend som ”Bible John”, ein bibliotekar fem hundre pund for å få sjå kven som har lese om ”merittane” hans i aviser og bøker. Desse opplysningane ligg sjølvsagt føre, hevder Rankin, i alle detaljar, og Bible John får dei på eit fat. For trass i tre eller fem års høgskoleutdanning er bibliotekarar låglønte, både i det verkelege livet og ifølgje bibliotekarmetaforen, og dei kan mutast. Bible John sitt motiv for biblioteksnokinga er irritasjonen over ein frekk ”copycat” som går rundt og drep folk etter BJ sitt gamle, gode mønster. Dette må vere ein som har lese alt om ”originalen” sine metodar, tenkjer han. Då må han døy! Men så kjem etterforskar Rebus på same ideen og kommanderer assistent Siobhan ut på bibliotekbesøk. Og ho får like lettvint vite alt, medrekna eit signalement på Bible John. 

På dette tidspunktet sit vi under leselampa eller ved tv-en og ergrar oss grøne over at alt går som smør, også for ordensmakta. Vi kjenner altså biblioteketikken ut og inn, der personvernet er nærmast ufråvikeleg, og vi kan alt om kapittel 16 i straffeprosesslova om ”Beslag og utleveringspålegg” (som sikkert også har ein britisk parallell) og veit at om nokon skal lukkast med innsyn i slike register er det berre politiet og ingen andre. Og dei må i tillegg kunne leggje fram skriftleg rettsavgjerd om innsyn.

Om register finst (vi føreset framleis at dei er sletta, men heng med).

I eit etterord takkar Rankin nasjonalbiblioteket for kva det har hatt å seie for arbeidet hans med boka (”Som vanlig står jeg i stor takknemlighetsgjeld til …”). Det er nok også der han har fått kunnskap om etikken rundt å utlevere lånaropplysningar berre på visse, strenge vilkår. Men dei gløymde kanskje å fortelje han at datasystema rutinemessig skal slette desse data når bøkene blir returnert (noko vi altså kjem tilbake til).

Svenska fjärrlånets paradmarsch?

tre sekunderKrimromanen «Tre sekunder» av forfattarparet Roslund og Hellström handlar om ein kriminell som blir verva av politiet for å infiltrere ein narkoliga. For å få det til må han bli sett i fengsel. Men ingen må kunne få mistanke om dobbeltspelet hans, og alle hjelpemidla for å nå målet må han få smugla inn. Dette må han leggje til rette før han åker inn.

Han går til det næraste folkebiblioteket til fengselet og låner seks bøker. Desse kuttar han i og gøymer det han treng; poser med amfetamin, eit demonterbart lite skytevåpen, sprengemne og lunter. Så leverer han bøkene tilbake. Og ber om å få låne dei igjen når han er «inne», via fengselsbiblioteket. Kurant fjernlån. Lissom.

Men for at dette skal fungere må 1) fengselsbiblioteket garantert ikkje ha desse titlane, elles vil dei ikkje bli fjernlånt, 2) dei må vere svært lite etterspurde, så dei ikkje risikerer å bli lånte ut til andre brukarar av det lokale folkebiblioteket innan vår ven ber om dei. Han meiner å sikre seg dette ved at alle høyrer til i magasinet i kjellaren, 3) bøkene må vere innbundne, med stive permar, for å halde på kontrabanden og 4) bibliotekpersonalet må ikkje få nokon slags mistanke når desse sjeldan utlånte titlane plutseleg blir lånte ut to gongar på kort tid. 5) Og i tillegg må dette folkebiblioteket ha desse titlane (det er desse infiltratøren låner):

  • Byron: Don Juan
  • Homer: Odysséen
  • Johansson, G: Ur svenska hjärtans djup : bilder från Oscar II:s Stockholm (1953)
  • Bergman, Bo: Marionetterna (diktsamling) (1903)
  • Bellman, Carl J.: Min lefwernes beskrifning (rett nok feil tittel)
  • Atlantis väljer ur världslitteraturen: Franska landskap (1959?)

Det fiktive lokalsamfunnet Aspsås, der fengselet ligg, får vi ikkje inntrykk av er ein stor by. Og altså med eit ikkje så stort folkebibliotek. Når vi søker i den svenske felleskatalogen Libris finn vi at desse titlane stort sett berre finst i universitets- og høgskolebibliotek, i depotbiblioteket i Umeå og i nasjonalbiblioteket (Kungliga biblioteket). Til dømes: Eksemplar av dei tre utgåvene av diktsamlinga «Marionetterna» finst i 18 bibliotek, men berre fire av desse er folkebibliotek, og dei er blant dei ganske store; Linköping, Malmö, Norrköping og Umeå. Unntaket er Odysseen, ein klassikar som finst mange stader.

Sjølvsagt kan det vere at nokre eller også mange små og mellomstore folkebibliotek ikkje har meldt inn alt dei har til Libris, men erfaringa her i landet er at lite utlån er kriterium nummer 1 når det skal kasserast.

Så, alt i alt, kor sannsynlig er dette fjernlånsscenariet?

Denne boka er nyleg filma, på US-amerikansk, og dei som har sett han må gjerne skrive i kommentarfeltet korleis bibliotekløysinga arter seg der.

Librarygate

alle presidentensSå har vi det kjende dømet frå 1970-talet, rett nok ikkje dikting, men dokumentar. Vi snakkar om boka og filmatiseringa «Alle presidentens menn», om Watergate-skandalen, der to journalistar, Bob Woodward (Robert Redford i filmen) og Carl Bernstein (Dustin Hoffman), påviser at den republikanske president Nixon kjende til eit innbrot i Demokratane sine vallokale – før det fann stad. Eit journalistisk stykke arbeid som førte til presidentens fall. Både boka og filmen blei store suksessar (fire Oscar), og hovudpersonane blei førebilete for verdas gravande journalistar for all framtid. 

Dette er altså ei sann historie, men det skal framleis vere ein del mystikk rundt detaljar i gravejobben dei utførte, i tillegg til visse justeringar i filmversjonen i høve til boka.

Woodward og Bernsteins første bibliotekkontakt var på telefon med ein bibliotekar i Det kvite huset. Ho var først svært lausmunna og stadfesta at administrasjonen hadde lånt mykje frå Kongressbiblioteket og ho lova dei informasjon på person- og tittelnivå. Men etter å ha blitt avbroten må ho ha blitt grundig sett på plass av ein overordna, og då journalistane fekk kontakt igjen nekta ho for alt ho hadde sagt tidlegare.

Så dro Woodward og Bernstein til Kongressbiblioteket og møtte ein etisk uklanderleg bibliotekar som «på en høflig måte» fortalte at «alle henvendelser fra Det hvite hus var konfidensielle». I filmen er han nærmast triumferande når han kan avvise snushanane. Men triumfen går ikkje fram av boka. Så uavhengig av våre sym- eller antipatiar med Nixon kan filmen sjåast på som eit bibliotek-etisk framsteg samanlikna med boka. Det går likevel ikkje fram om eventuell informasjon om spørsmål frå andre enn Det kvite huset ville vore konfidensielle.

Men så oppsøkjer journalistane ein underordna «kontorist», som, i strid med reglar og etikk, overleverer Woodward og Bernstein alle tingingane dei hadde fått på bøker frå Nixon-administrasjonen.

No blei ikkje innsynet i desse tingingane noko vendepunkt i det journalistiske gravarbeidet, men episoden utgjer nokre minutt i filmen.

Fiktiv database, eller?

Seven_(movie)_posterEndå eit døme er filmen ”Seven” frå 1995 (på ein annan plakat enn denne til høgre her er v-en vriden 90 grader motsols så han nærmast blir som eit sjutal:  ”Se7en”). Her er Brad Pitt og Morgan Freeman ein politiduo i belasta storbymiljø med ein seriemordar gåande laus (vi har lese ein stad at det til kvar tid går laus rundt femten seriemordarar i USA, men då er det eit stykke igjen til dei dusinvis vi møter ei gjennomsnittleg tv-veke). I Seven er mordaren klassisk skolert og drep folk etter inspirasjon av dei katolske sju dødssyndene (jamfør Dante m.fl.). Gjennombrotet i etterforskinga kjem når detektivane skaffar seg full oversikt over kven som har lånt bibliotekbøker om temaet. Dette er på mange måtar ein sterk og original film (som også kom i bokform, men først etter at filmsuksessen var eit faktum!). Men ein relativ nedtur for bibliotekarane i salen eller framfor tv-en. For også krim skal då vere realistisk! 

Det spesielle her er ikkje at bibliotekarar lar seg lure eller overtale til å levere frå seg persondata, men at rollefiguren til Freeman, den eldste og mest illusjonslause av dei to etterforskarane, kjenner ein som kjenner nokon som har tilgang til ein hemmeleg FBI-base der alle bibliotektransaksjonar blir lagra, særleg når det gjeld klandestint pirrande boktitlar! 

Vi irriterte oss naturleg nok over at ein populær film på denne måten kan få folk til å tru at Storebror ser at du les. For dette trudde vi ikkje eit sekund på då vi såg filmen på kino i 1995.

Rett nok var det i 1995 alt fleire år sidan den britiske frilansjournalisten Duncan Campbell hadde skrive om det vestlege systemet for tele- og dataovervaking, etter kvart kjent som Echelon. Inntil 2015 hadde ingen av deltakarnasjonane (USA, UK, Canada, Australia og New Zealand) offisielt stadfesta eksistensen av det, sjølv om EU i 2001 gjorde ei kritisk utgreiing om konsekvensane av det og Europaparlamentet faktisk vedtok at ”det ikkje lenger er tvil om systemet finst” (!). Stadfestinga av systemet skjedde etter Edward Snowden sine lekkasjar i 2015.

Men at dei skulle våge seg på bibliotektransaksjonar?! 

”Biblioteksporet” i røynda

Vi trudde og håpa vel at ”biblioteksporet” for det meste var eit naudgrep som krimforfattarar og –regissørar tydde til når alle andre plot var oppbrukte og konjunkturane i Hollywood kravde billegare verkemiddel enn flykrasj og bensinbombing av skyskraparar. 

Men det var før vi hadde sett oss inn i den lange og samanhengande historia om korleis overvakinga i den verkelege verda har utvikla seg. Og ikkje minst om kva for ambisjonar overvakarane og oppdragsgjevarane deira har, særleg i USA, men no også i EU. Ei utvikling der biblioteka i periodar og i all stille har vore tildelt ei ikkje uviktig rolle, ikkje berre lånarregistra deira, men i endå større grad andre personlege elektroniske spor som brukarane legg igjen på biblioteka. Og dei er ikkje få etter kvart.

I USA kan det ”politiske” biblioteksporet ha vore varmt alt under McCarthyismen og heile Den kalde krigen. I alle fall hadde politiet i New York på byrjinga av 1950-talet, då ”The Mad Bomber” herja i byen, kome på ideen at dei kunne spore opp og forhøyre alle som hadde lånt bøker om sprengstoff. Men truleg var 1970 eit viktigare år. Då bad ein senatskomité om igangsetting av eit program for å undersøke ”mistenkte brukarar av sprengstoff”. Ein del av programmet gjekk ut på å finne ut kven som lånte bibliotekbøker om sprengstoff – og om geriljakrig. Den nasjonale

librarian bomber

An adaptation of Banksy’s “Flower Bomber,” this depicts a librarian in protest, throwing Margaret Atwood’s A Handmaid’s Tale. Klikk og kikk

bibliotekforeininga ALA reagerte instinktivt og rådde medlemmane og biblioteka til å krevje å få sjå rettsavgjerder for å kunne tillate slikt innsyn. Ein senator, Sam Irvin, skreiv indignert at «Gjennom historia har offentleg overvaking av folk sine lesevanar vore ein lakmustest på tyranni». Resultatet blei eit forlik og ein avtale med ALA om grenser og rutinar for slike førespurnader.

Så var det tyst i mange år, inntil New York Times i september 1987 avslørte FBI sitt til då hemmelege ”Library Awareness Program”. Her var målet todelt; å hindre at utlendingar, særleg frå austblokka, skulle få tilgang til ”uklassifisert vitskapeleg litteratur” (!), og å verve bibliotekarar som rapportørar når utlendingar av denne typen brukte biblioteket til slike og endå meir mistenkjelege føremål. Dette hadde FBI hatt gåande sidan 1973, viste det seg. 

ALA kom igjen kjapt på banen og erklærte at ”bibliotekarane ikkje [er] ei forlenging av lovens lange arm eller av Storebror ser deg”. Dei gjekk laus på FBI direkte og sa at byrået burde innsjå at ”bibliotek, bøker og lesing er noko spesielt”. Men to år seinare avslørte tidlegare FBI-tilsette at byrået hadde etterforska spesielt grundig dei som protesterte. Alt i alt blei det så pinleg at rikskjende satirikarar laga vitsar om det. Mykje tyder på at heile programmet døydde ut. I alle fall har FBI vilja at det skulle sjå slik ut.

Nine Eleven

Men så kom 11. september 2001. Fleire har skildra det som at styresmaktene då tok fram igjen alle gamle og nye overvakingsmetodar og –idear frå skuffar og skap og sette dei i arbeid over natta. Medrekna metodar og reglar som tidlegare var solid avviste på politisk hald. Og den såkalla Patriotlova, The Patriot Act, blei vedtatt på under ein månad og utan reell debatt verken i samfunnet eller i Kongressen, stadfestar mange. ALA sleit lenge med i det heile teke å få sjå lovforslaget. 

fbiai på biblProtestane var sterke i det bibliotekfaglege miljøet, samtidig som bibliotekarar, som folk flest, aksepterte å ofre noko av privatlivet mot lovnader om tryggleik mot meir terror. Berre éin senator våga å stemme imot dei to paragrafane i lova som betyr noko direkte for biblioteka og brukarane deira. Ordet bibliotek står ikkje i lovteksten, men ein paragraf i kapittel 215 gjev FBI rett til å krevje å få utlevert alle register, tekster, bøker osv. som dei måtte ønskje. Til skilnad frå tidlegare treng dei verken leggje fram pålegg frå retten eller formell sikting, og materialet treng heller ikkje ha konkret interesse for pågåande etterforsking. FBI kan faktisk ”fiske” etter persondata når og kor som helst. Ein annan paragraf seier at dei som får FBI-besøk og må utlevere data, ikkje har lov til å fortelje om det, verken til lånarane, dei tilsette, pressa eller andre. Noko som fekk ein del bibliotek til å setje opp plakatar med tekstar der dei med ein viss ironi føregreip akkurat dette. Den dåverande leiaren for ALA frårådde likevel slike plakatar, då dei kunne auke folks redsle for å bruke biblioteka. 

Då det var ei høyring i samband med revisjonen av lova i 2005 fekk ikkje bibliotekarar med erfaringar med slike FBI-besøk vitne, då dei altså var knebla av den same lova. Og fire modige biblioteksjefar og -styreleiarar, kalla ”The Connecticut Four”, som faktisk trassa kneblingsparagrafen, måtte ha stand-in frå bibliotekforeininga då dei, anonymt, fekk tildelt ein ytringsfridomspris ved eit universitet. Etter over tre år med rettssaker fekk dei fire til slutt snakke, og har gjort det til gangs på bibliotekkonferansar og til pressa. Men dei mange kollegaene deira som har opplevd det same, er i prinsippet knebla for resten av livet. 

At bibliotekmiljøa protesterte, likte regjeringa dårleg. Justisminister John Ashcroft (med norske anar) hevda at bibliotekarane var ”hysteriske” og at Patriotlova ikkje var noko problem for dei, då ingen bibliotek hadde fått krav frå FBI som følgje av dei nye reglane. Dette stod i kontrast til fleire nettbaserte undersøkingar der mange bibliotekarar stadfesta (ulovleg!) at dei hadde hatt besøk av FBI. I ei undersøking hadde 545 bibliotek hatt besøk. I kor stor grad dei hadde fått krav om utlevering av data er meir uklårt, truleg fordi å opplyse om dette ville vere eit endå alvorlegare brot på kneblingsparagrafen. 

Seinare er delar av Patriotlova blitt slått av og på etter kven som sit i Det kvite huset. Per 2019 er det slutt på den samanhengande overvåkinga av telefonar, men telefonselskapa er pålagde å ikkje slette data så FBI kan finne informasjon om namngjevne ettersøkte.

Europa kjem etter

Patriotlova har fått mange avleggjarar rundt i verda. Den svært aktuelle for oss er EU sitt Datalagringsdirektiv (DLD), som, med nokre modereringar, blei vedtatt av Stortinget i 2011. EU-reglane omfattar ”berre” lagring av såkalla trafikkdata (kven som kommuniserer med kven og når) og ikkje innhaldet i kommunikasjonen. Men nyordningane etter 9/11 har til felles at styresmaktene no skal ha tilgang til alle data. I realiteten er vi alle mistenkte til det motsette er bevist. Det er ikkje lenger nok for styresmaktene å overvake mistenkte i konkrete saker.

woodwardDLD fører ikkje til at PST kjem på norske bibliotek og krev å få sjå lånardata. Men etter dette må leverandørane av nett-tenester også måtte lagre data om trafikken over biblioteket sine Internett-pc-ar. Og faktisk er data om bibliotekbrukarane sin pc-aktivitet svært ettertrakta i etterretningskrinsar. Dette skriv Jeannette Woodward om i boka ”What Every Librarian Should Know about Electronic Privacy”. Overvakarane har tru på at biblioteka sine store mengder rådata kan kople dei til konkrete personar. For når du på Nettet eller ved bibliotekskranken reserverer plass ved ein Internett-pc i biblioteket, skjer det gjerne med fullt namn eller også lånarnummer. Når desse listene ofte er databaserte, er det i USA kort veg til full oversikt over kva du har gjort på denne pc-en, frå surfing til e-postskriving og blogginnlegg. 

Men Woodward meinte (i 2007) at utbyttet av slike stordata ville vere lite effektivt. Ho skreiv at datamining og såkalla mønsterattkjenning av eit heilt folks milliardar av e-post, sms og telefonsamtalar ikkje fører til meir enn om lag ti konkrete mistenkte per år som er kvalifiserte for full avlytting. For, som også den norske PST-sjefen stadfesta i tilfellet Anders Behring Breivik, er kvardagen til terroristar så lik den til alle oss andre, at dei ikkje vil skilje seg ut i dei store datamengdene. Og det hjelper lite, meinte Woodward i 2007, å spe på med data frå vanlege borgarar på bibliotekbesøk. For det er jo i stor grad slike og ikkje hardkokte terroristar som bruker bibliotek-pc-ar (ja vel, ein av 9/11-kaprarane hadde ved eit høve brukt ein bibliotek-pc, men program for internettkryptering har eksistert sidan 1991, så det var eit unntak). Og ekstra utsette blir nettopp biblioteksurfarane, då dei er urøynde pc-brukarar som ikkje veit å vere tilbakehaldne med å utlevere seg på sosiale nettstader osv.

Men etter 2007 har utviklinga av stordata skote fart. Truleg er «marknadsverdien» av bibliotekdata på veg opp.

hegna_forskningsbiblioteket-214x300I tillegg er det slett ikkje sikkert at dei som utviklar og sel datasystem til bibliotek er så nøye med sikringa av dataa. Knut Hegna har skrive kritisk om tilstanden på Universitetsbiblioteket i Oslo både i Morgenbladet og i boka Forskningbiblioteket – fra kortkatalog til Twitter.

Lesevanar

Så sit vi igjen med at privatlivets fred smuldrar vekk, og det same med tilliten til biblioteket som ein nøytral oase i samfunnet. Dette er ekstra alvorleg for dei som verkeleg treng bibliotek-pc-ane, seier Woodward. 

Fleire har påpeika den alvorlege ”kortslutninga” som ligg til grunn for heile ”biblioteksporet”, anten det handlar om å fakke kriminelle eller statsfiendar: Nemleg teorien om at folk som låner bøker går god for alt som står i dei. Har du lese ”Kapitalen” av Marx er du kommunist! Som etter attentatet mot president Reagan i 1981: Attentatmannen hadde lånekort på seg, noko som fekk politiet til å fatte spesiell interesse for lesevanane hans og ville sjå kva han hadde lånt. Biblioteksjefen måtte tole nærmast tredjegrads forhøyr, men stod imot. Og det lokale bibliotekstyret og statlege styresmakter avviste kravet om innsyn. Men det var på 1980-talet.

Kampen mot det orwellske samfunnet verke fånyttes. Alt i 2011 skreiv Aftenposten at på 58 % av alle norske arbeidsplassar, frå offshore til omsorg, var det ein eller annan type elektronisk overvaking av dei tilsette. Og i same utgåve kunne vi lese om GPS som alternativ til både bomringar, veg- og bensinavgift og parkering. Ordførarar og rådmenn var entusiastiske. Artikkelen hadde tre setningar om skepsis i tilkyting til privatlivets fred. 

Nyleg sa nokon at verda går meir i retning av Huxleys ”Vidunderlige nye verden” enn Orwells ”1984”. Med andre ord at vi snarare er i ferd med underhaldast og nyte oss i hel enn å kontrollere og terrorisere kvarandre. Sjølvsagt er dette to sider av same sak, og når det gjeld misbruk av bibliotekdata kan nok dessverre underhaldningsbransjen ha meir å hente framover.

Litteratur:

Woodward, Jeannette: What Every Librarian Should Know about Electronic Privacy. 2007. ISBN 978-1-59158-489-6.

Adams, Helen R. et al.: Privacy in the 21st Century. 2005. ISBN: 1-59158-209-1.

Sjue, Finn: Overvåket. Av F.S. og Ronald Bye. 2008. ISBN: 978-82-05-38163-6.

Dette er ein omarbeidd og utvida versjon av artikkelen «FBIs våte bibliotekdraumar» på trykk i tidsskriftet Bibliotekforum nr. 5, 2011

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 758 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

2 Trackbacks to “Om krimforfattaranes sviktande bibliotekkunnskapar … eller?”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: