Likeverdige bibliotek – uansett postnummer?

Kor store blir etter kvart skilnadene mellom folkebiblioteka i byane og i dei mindre kommunane? Spørsmålet dukkar opp både i bibliotekforskinga og i politikken, sjølv om den breie offentlege debatten lar vente på seg.

I ein artikkel på forskning.no frå august i år,  basert på Storbybibliotek- undersøkinga, spør bibliotekforskar Sunniva Evjen om vi kan vente eit likeverdig bibliotektilbod i heile landet. Små bibliotek slit med knappe ressursar, korte opningstider og lange avstandar.

Kartlegginga Folkebibliotekene i Norge 2024, som Innlandet fylkesbibliotek utarbeidde på vegner av fylkesbiblioteka og med svar frå 303 bibliotek, gir grunn til uro. Ifølgje oppsummeringa frå fylkesbiblioteka får låg bemanning størst konsekvensar i dei minste kommunane. Skilnadene gjeld mellom anna opningstider, arrangement og aktiv formidling.

Kommuneøkonomien skjerpar problemet. Norsk bibliotekforening viste i 2025 til at kvar fjerde kommune måtte redusere opningstidene på biblioteket. Store kommunar uttrykte dessutan oftare enn små at dei ville prioritere bibliotek.

SV løfta ulikskapen inn på Stortinget i fjor i forslaget om eit bibliotekløft for heile landet. Men berre med støtte av Raudt (5) og Pasientfokus (1).

Bloggaren har fleire gongar tidlegare peika på skilnadane, til dømes då Elin Golten i ph.d.-avhandlinga si for fire år sidan slo fast at det stort sett berre er i dei store og nokre av dei mellomstore kommunane at biblioteka maktar å arrangere gode debattar.. Dette tilbodet som i 2014 alle venta at det skulle «sprute av» då den nye formuleringa hadde kome med i biblioteklova: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt».

Dette tyder ikkje at alle småkommunar har dårlege bibliotek. Og heller ikkje at det finst bykommunar som, særleg når vi nærmar oss 2027, vil ha dårleg økonomi. Men det reiser eit nasjonalt spørsmål: Kor store skilnader skal vi godta i eit gratis fellestilbod?

Evjen minner om at det trass alt ikkje er dyrt å drive bibliotek. Og utviklinga dei siste åra viser at nokre politikarar har skjønt dette. Nye Deichman blei vel det «lokomotivet» ein kunne håpe på, og andre moderne lokale (Lillestrøm, Sarpsborg osv.) er blitt synlege og «snakkis» i regionane sine. Men svært mykje står igjen.

Kva då med samarbeid over kommunegrenser? Biblioteklova har ein nærmast sovande § 4 (etter første komma her): «Folkebiblioteket kan drives av kommunen alene, eller i helt eller delvis driftsfellesskap med annen kommune, fylkeskommunen eller statlig institusjon». Samarbeid er ein sterk tradisjon i faget, men på institusjonsnivå har det mest vore eit Vestfoldfenomen. Angsten for nedlegging og sentralisering har vel fått fagmiljøa til å late som paragrafen ikkje fanst, men kan dette bli prøvd ut i dag? Eller kan samtidig fylkesbiblioteka gjere meir?

I byar finst det filialar som medvite er gjort mindre «komplette» enn hovudbiblioteka, og som må stø seg på sistnemnde på ulike felt. Ikkje minst om kompetanse på arrangement, som ser ut til å vere ekstra sårbart.


Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

Leave a Reply