Store skilnader i Bibliotek-Noreg

Raudt: Kommunar med 2 bibliotek-årsverk eller meir. Kvitt har under 2. Laga med KI, basert på landsstatistikken for 2025. Klikk for større utgåve.

Bok og bibliotek har denne veka eit oppslag om at «Debattar utgjer ein stadig mindre del av folkebiblioteka sine arrangement». BoB minner om at «Det er tett på tretten år sidan folkebiblioteka fekk krav om å vera arenaer for offentleg samtale og debatt». Men altså.

Berre 4 prosent av arrangementa er debattar og 45 prosent av biblioteka hadde ikkje eit einaste samtale- eller debattarrangement i 2025.

Likevel er dette omtrent det vanlege. I ein bloggpost i 2018 kunne eg skrive om blant anna årvisse enorme (i bibliotekmålestokk) statlege tilskott til debattar og arrangement, til dømes 77 millionar i 2014. Men likevel måtte eg melde, basert på landsstatistikken at: «218 bibliotek, eller litt over halvparten, ikke har hatt et eneste debatt- eller samtalearrangement i 2016. De resterende 212 biblioteka har i gjennomsnitt hatt 7. Bare 37 bibliotek har hatt et tosifra antall debattmøter».

Og no får vi samanhengen understreka hos Bok og bibliotek: «Talet på debatt- og samtalearrangement heng tett saman med bemanninga. Blant bibliotek med under eitt årsverk hadde 76 prosent ingen debattar, medan dette berre gjaldt eitt av dei 35 biblioteka med ti årsverk eller meir».

Her kjem det fram kor skjør heilskapen i Bibliotek-Noreg er (som eg også peika på i oktober). Men som slett ikkje kjem fram i pressemeldingene frå Nasjonalbiblioteket (til dømes i Dagsavisen 18. juni).


Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

Leave a Reply