Og så var det LeCarré…

Det nærmaste biblioteket til «Circus» er Charing Cross. Knipsa av bloggaren i 2004.

Har du vore lesar av denne bloggen nokre år, veit du at ein (fiks?) idé hos meg er å henge ut krimforfattarar som løyser krimgåter ved å dikte at bibliotektilsette røper kva mistenkte kriminelle har lånt. Denne sterkt bibliotek-u-etiske, og i dag teknisk umulege, lista blir stadig lengre*, og her om dagen kom eg over eit døme hos sjølvaste John Le Carré, i boka «Hemmelig pilgrim» (las boka for mange år sidan, men (skam) reagerte ikkje då). Der hovudpersonen, ein tilsett i den britiske etterretninga, lokaliserer ein avhoppa kollega til Hebridane ved hjelp av ein bibliotekar og ein telefonkatalog på det lokale biblioteket. Vel og bra. Men så kjem MI5-leiinga etter – ved hjelp av den same bibliotekaren: «Det var biblioteket som røpet deg. Den søte bibliotekdamen hadde virkelig falt for deg, jeg tror hun hadde blitt med oss om vi hadde spurt henne».

  • Når vi skriv november 2026 har lista fem namn i tillegg til LeCarré: Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith, i tillegg til at sjølvaste Woodward og Bernstein ikkje legg skjul på at dei brukte denne metoden då dei rulla opp Watergate-skandalen på tidleg 1970-talet. Pluss at etterforskarane i filmen «Seven» tar denne snarvegen.

Oppdag mer fra Biblioteket tar saka #librarycase

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.

En kommentar om “Og så var det LeCarré…”

Leave a Reply