Kunstkritikar Tommy Olsson (som i Wikipedia også figurerer som «kunstner, kurator, kunstkritiker, musiker og selvutnevnt pornograf») har i Klassekampen i dag (på papir og e-abonnement) ei herleg dobbelside der han oppsummerer kunståret 2018. Det skjer med brodd mot tendensen at «godt voksne milliardærer … leker autoritetsopprør.» Med døme som at Christian Ringnes og Johan H. Andresen Jr leiker opprørarar med den digre, rosa dildonissen dei har erigert i ei rundkøyring i Oslo. Og som når ein kunstnar overraskande gjennomfører eigen-destruksjon av eit måleri straks etter at det får tilslag på over ein million pund hos Sotheby’s i London.
Nei, kunst-stunt skal risikere noko for deltakarane, meiner Olsson, som då Pussy Riots storma banen under finalen i fotball-VM i Moskva.
Verken litteratur eller bibliotek er ein del av dette hos Olsson. Men inn via twitter får vi brått noko som gjev liknande assosiasjonar, og då med tilknyting til bibliotek: Les mer «Kunsten og biblioteket sett frå solsida» →