Linné igjen

På Linnéuniversitetet er det bibliotekutdanning. Bloggaren var der i november og intervjua Joacim Hansson..

Vi forsøkte oss her om dagen med eit kompromiss i høve til bydelsutvalet i Oslo som ville fjerne «Linné-benken» i Botanisk hage. No var det Naturhistorisk museum som skulle avgjere dette, og dei vedtok ingen endringar, men er opne for å diskutere kva som skal stå på skiltet ved benken.

I går hadde Khrono eit godt og viktig intervju med professorane Torgeir Skorgen og Dag O. Hessen om Linné. Hessen seier blant anna: « … Linné [var] likevel ingen praktiserende rasist. — Han gjorde denne ene inndelingen av mennesker, men hans livsgjerning forøvrig handlet ikke om dette. Det finnes vitenskapsmenn som har hatt det som sitt viktigste mål, og dem bør det ikke settes opp minnesmerker for, … Hessen synes og det er interessant at Linné framhever samer som forbilder med eksemplarisk levesett. — Han hadde ikke spesielt negative tanker om urbefolkninger».

Men i heimlandet Sverige meiner mange at Linné må ned frå soklane. Og i Växjö ligg Linnéuniversitetet, der nokre foreslår nameendring.

Oppkalling ved Bergen Off

Plassen til Platou?

I Klassekampen i dag kan vi lese om prosjektet «Kvinner på sokkel» i Bergen. Målet er at kommunen skal «auka talet på gater og plassar som er kalla opp etter kvinner». Raudt-representant Sofie Marhaug hadde først foreslått å oppkalle plassen ved biblioteket etter Torborg Nedreaas, men bystyret vurderer i staden ei statue av forfattaren på plassen. Men så kom Marhaug med eit nytt forslag: Valborg Platous plass. Vi les: «Ho var født i 1839 og døydde i 1928. I kamp med tretten menn fekk ho i 1882 jobben som sjef for biblioteket i Bergen og blei då landets fyrste kvinnelege biblioteksjef. Platou var sjef ved institusjonen i 27 år, og gjennom desse åra vaks samlinga frå 30.000 til 100.000 bind».

På bloggen har vi faktisk vore innom henne tidlegare.

Men i desse dagar skal jo alle med hovudet på sokkel eller namnet på gateskilt og plassar gjennom nærmast inkvisitoriske godkjenningsprosedyrar. Av Valborg Platou har vi ikkje funne noko rasistisk i det offentlege, men, Raudt-representant, som mangeårig teatermeldar i ulike bergensaviser var ho rett og slett reaksjonær! Også i si samtid. Sjå fleire døme i Knut Nygaards bok «Gunnar Heiberg : teatermannen». Utan at vi på nokon måte er imot forslaget. Vi er trass alt i familie med dama. Inngifta og tolv ledd unna.

Biblioteknedleggingar: Går Stavanger «i spissen»?

Frå Finnøy til Sølvberget i Stavanger er det 42 km med bil. @Kartverket

Framtida til dei små biblioteka har for tida ein viss appell i media. Måndag hadde Maria Almli, biblioteksjef i Steigen, eit forslag i Nationen: «Norge trenger en nærbibliotekreform», og i dag handlar hovudoppslaget på Klassekampens kultursider om den foreslåtte nedlegginga av to tidlegare hovudbibliotek i kommunar som ved nyttår blei samanslåtte med Stavanger.

«– Vi ble lovet at bibliotekene på Rennesøy og Finnøy skulle fredes, men slik ble det ikke. Ved første budsjett kom det forslag om å kutte en halv stilling og flytte biblioteket ut av Vikevåg sentrum – og til det gamle kommunehuset, som er vedtatt revet», seier Bjørg Kristin Helleland Bø, som «gikk … fra å være biblioteksjef på Rennesøy til å bli en rådgiver/koordinator for Sølvberget bibliotek i Stavanger».

Avisa intervjuar også NBF-leiar Vidar Lund og Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket. Begge er merksame på problemet, men håpar dette ikkje blir ein trend, i alle fall ikkje som i Danmark, der kommunereformen i 2007 førte til nedlegging av 131 bibliotek, rett nok mange av dei «små og mindre bærekraftige filialer».

Tinnesand er ikkje uroleg for nedleggingar:

Les mer «Biblioteknedleggingar: Går Stavanger «i spissen»?»

Er vi informerte nok? Og forskarane?

Vi hadde akkurat tenkt å skaffe og kanskje melde boka «Informerte borgere? Offentlig tilknytning, mediebruk og demokrati», men så kjem det i dag, i Norsk medietidsskrift nr. 3/2020, ein spenstig omtale av boka av førsteamanuensis Kim Tallerås ved ABI, OsloMet.

Og han startar med eit sitat som lét som musikk i bibliotekar-øyre: «Det vesentlige for samfunnsorienteringen er ikke om folk er fullt ut informerte borgere, men om de har solide veier til offentligheten som kan mobiliseres når engasjement og handling kreves av enkeltborgeren».

Tallerås er ikkje i tvil om at boka er «velskreven og på alle måter interessant». Men i dei avsluttande normative vurderingane sine avslører forfattarane velkjent, lågt «bibliotek-medvit». Tallerås skriv:

Les mer «Er vi informerte nok? Og forskarane?»

Opp- og nedturar i Bjørvika

Vanskeleg bodskap under koronaen

>> 22.9. kl 13: Fekk vite no at fotoet i magasinet er frå då skolebarn sjaua bøker frå det gamle biblioteket – i januar. Men det skal ha vore ganske intime tilhøve i sommar også.

I Agenda magasin skriv Helga Gitmark veldig fint om «Den norske drømmen i Bjørvika». Ein sentral bodskap er den moderne einsemda og kor viktige dei nye møteplassane i samfunnet er blitt, og at «Det går en tydelig linje mellom Putnam og Hertz´ bekymringsmelding og bibliotekets muligheter. Det er ikke knapphet på informasjon i dag, men det er knapphet på felles møteplasser der alle får ta del i kunnskapen, og få hjelp til å prioritere hva som er relevant og viktig, og der vi rett og slett kan være sammen med andre mennesker».

NTB-fotoet dei har valt som illustrasjon er frå eit arrangement på nye Deichman ein gong i sommar, der verken byrådet, bibliotekleiinga eller brukarane kan ha hatt angst for nærkontakt på den nye møteplassen. Medvite eller ikkje medvite val av foto; kontrasten blir nesten hjarteskjerande til restriksjonane Deichman nyleg måtte innføre på grunn av oppblomstringa (for ein metafor!) av koronaen i hovudstaden.

Vandring med litteraturen september 2020

På heimveg etter ein heilt vanleg søndagstur på Jeløya. Vi hadde snakka om bøker, frå novellene til Lucia Berlin og Tarjei Vesaas (nokon hadde sett Odd Nordstoga på Lindmo kvelden før) til mossingen Ola Innset si nyaste om den norske nyliberalismen. Og vi hadde jo snakka om pandemien. Og her under restane av herregårdsalleen nedanfor Framnes melde assosiasjonen seg til ein viss film (og roman) der ein skog, litteraturen og det eksistensielle smeltar så kraftig saman i sluttscena.

Køyr debatt no: Tid for nærbibliotekreform!

Viktig bok, dessverre. Klikk og kikk

I avisa Nationen sitt debattforum, «Motkultur», har i dag Maria Almli, biblioteksjef i Steigen i Nordland, som i tillegg er bygdeforskar, eit tankevekkjande innlegg: «Norge trenger en nærbibliotekreform». Poenget hennar er at det er vel og bra at mange byar får lysande nye bibliotekbygg (ho kunne ha nemnt nesten-nabokommunen Bodø, sjå fotoserien vår frå 2015), men samtidig slit svært mange bygder og småkommunar med «overfylte, støvete boklagre i -70,-80, -90-tallsstil. Rommene er statiske, reoler fastmonterte, og fordums lysstoffrør gjør at besøkende griner for å tolke titler av bokryggene».

Dette er ein kontrast som sjeldan kjem til uttrykk, men tydeleg var Jo Straube i fotoboka si for tre år sidan: «Det norske biblioteket».

Kven har ansvar for denne utviklinga? I alle fall delvis Nasjonalbibliotket, meiner Almli:

Les mer «Køyr debatt no: Tid for nærbibliotekreform!»

Assange-rettssaka nestan usynleg i norsk presse

«Collateral Murder», Assange sitt viktigaste bidrag til kunnskapen om USA sine krigsbrot

Endeleg har Aftenposten kome til at Julian Assange må slippast fri. Men eit søk i Atekst på «Assange» sidan starten på rettssaka mot han i London 7. september gir fram til i dag (20.9.) berre 9 treff i andre aviser enn Klassekampen, som står for 28. Og KK er aleine om å følgje heile denne rettssaka. Som ifølgje Rune Ottosen i Norsk PEN er «et anslag mot ytringsfrihet i global målestokk. Alle som driver kritisk og undersøkende journalistikk må spørre seg om hvem som blir den neste».

Norsk PEN er der, men skriv ikkje kvar dag. Men Steigan.no overset dei skarpe og grundige blogginnlegga til Craig Murray.

Benkeforslag

Knips eller klikk og kikk

>> Sjå kommentarfeltet for endå eit forslag!

Klart ein kan kjenne seg krenka om ein må oppleve gong på gong at noko ein står for blir rakka ned på, særleg i det offentlege. Men éin stad må grensa gå. Må dei verkeleg fjerne bøker av Steinbeck (!) og Harper Lee (!) frå pensum i Irland fordi, i romanane deira frå Sørstatane på 1930-talet, n-ordet førekjem i folkeleg daglegtale? Og må ein historikar bli nekta å halde foredrag på eit US-amerikansk universitet fordi han i ei bok ikkje berre heilt overflatisk granskar Ku Klux Klan-tippoldefaren sin, og fordi han ikkje istaden skriv ei bok med vekt på «oppløftande svarte stemmer»? (med eit visst atterhald; vi har ikkje lese boka).

For å ta eit par døme (så unngjekk vi det med Kunsthøgskolen i Oslo).

Eller denne

Så i staden for å gi etter for kravet om å fjerne ein benk med Carl von Linné sitt namn frå Botanisk hage på Tøyen i Oslo, er forslaget vårt, i bibliotekarisk ånd, å montere QR-kodar som desse, på benken, der ein får balansert info om opplysningsmannen – og rasisten – Linné.

Verda går framover, og tilbake

NBF julaften 1999. Klikk og kikk

På Mac sin nettlesar Safari oppdaga vi no eit tillegg for Wayback Machine, nettstaden som tar kopiar av alt muleg nettinnhald med ujamne mellomrom. Og legg det ut. Med tillegget (på utanlandsk: extension) ser du av eit ikon i verktøylinja om det finst kopiar av den konkrete sida, og du klikkar fram ein dialogboks der du enkelt kan sjå alle kopiane. Sjå illustrasjonen av søk på Norsk Bibliotekforening. Hos slike som dei, som nyleg har forenkla nettsidene sine kraftig, vil dette hjelpemiddelet vere spesielt nyttig. PS: NBF seier dei også har noko spennande på gang, vent og sjå.

Frå dialogboksen kan du også med eit museklikk hjelpe Wayback Machine med å laste ned URL-ar dei ikkje har frå før. Om ikkje eigaren har stengt for slik nedlasting, som til arkivet til e-postlista Biblioteknorge som Nasjonalbiblioteket har sletta verkeleg grundig. Test til dømes denne lenka til eit innlegg i listearkivet, bygt opp gjennom tjue år: https://www.nb.no/cgi-bin/wa?A2=ind2004&L=BIBLIOTEKNORGE&T=0&O=D&P=6255

LENGE leve norsk bibliotekhistorie!

Korona-framtida: Flytt biblioteket!

Koseleg, men ikkje forsvarleg etter mars 2020

DIK, det svenske forbundet for blant anna bibliotekarer, har også koronatips på heimesidene. Eitt av «6 tips för tryggare bibliotek» handlar om å flytte biblioteket til større lokale, der det er tryggare for både brukarar og tilsette å utføre vanlege bibliotekgjeremål.

Når no varehandelen sliter, etter korona-konkursar og auka netthandel, vil det vere rimelege og opne, fleksible lokale for kommunen å leige. Sentralt i tettstaden eller byen.

Forskningsrådet: – Vi er i ferd med å nå målet om åpen tilgang

Kontant avvising av rykter om gravlegging av Plan S frå direktør Røttingen og tre andre leiande personar i Norges Forskningråd på Khrono.no onsdag. Dei skriv blant anna: «Mange har fått med seg at ERCs vitenskapelige råd ikke lenger fullt ut støtter Plan S-implementeringen. Dette er beklagelig, selv om det vil ha liten praktisk betydning for Forskningsrådet og andre finansiører i cOAlition S».