mars 6, 2023

Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet

I januar las vi på heimesida til Nasjonalbiblioteket om kutta dei vel å gjennomføre etter det omfattande kuttet i statsbudsjettet på over 20 millionar.

>> Oppdatert 7.mars med sitat frå Morgenbladet, og 8. mars frå Kontekst.no; sjå lenger nede.

Så intervjuar Forskerforum.no nasjonalbibliotekaren 27. februar, og der heiter det i tillegg at «100 000 bøker skal tas ut av ordningen Nettbiblioteket, som gir alle i Norge gratis tilgang til norske bøker som er utgitt før 2000. Dette for å spare inn på utbetalinger til vederlagsorganisasjonen Kopinor».

Alltinget i dag intervjuar dei Forskerforbundets leiar Guro Elisabeth Lind, og når det gjeld NB, er dette kuttet framstilt mest konkret. Og det ER alvorleg. I dag er det 292 000 frie bøker i Nettbiblioteket. Kuttet som no skal gjennomførast, vil redusere tilbodet med ein tredel!

Vi har sagt det fleire gongar tidlegare at Nettbiblioteket, eller tidlegare Bokhylla.no, er ei skjør teneste. Ikkje berre kan forlag og forfattarar når som helst trekkje tilbake titlar, Kopinor kan også krevje reforhandling av avtalen, men her har vi provet på at også regjeringar kan påverke gjennom budsjettkutt. Til no har vi åtvara om slike resultat med FrP i regjering, men her er det altså AP/SP-regjeringa som «går i spissen».

Gjennom fleire år no har norsk bibliotekvesen basert stadig meir av kunnskapsformidlinga på denne tenesta. Fjernlånstilbodet er sterkt pressa som det er, og no kjem dette på toppen. Samtidig som altså Depotbiblioteket i Rana skal redusere innsatsen.

Og: For ein måned sidan rekna vi ut at berre dei eldste 48,2 prosentane i Nettbiblioteket i dag er ope tilgjengelege, mot 62 prosent ved oppstarten i 2006. Over halvparten må ein altså søkje om tilgang til, for forskings- og dokumentasjonsformål.

>> Oppdatert 8.3.: Til Kontekst.no seier Jøsevold ved NB at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket. … Ved å ta ut disse titlene regner Nasjonalbiblioteket med å spare rundt syv millioner kroner».

Men som betyr tilsvarande inntektstap for forfattarorganisasjonane. Tru kva dei vil seie?

I eit intervju i Morgenbladet forklarer Sira Myhre kvifor dei har prioritert vekk 1/3 av Nettbiblioteket:

Continue reading
mars 4, 2023

Fleire nye bibliotekbygg?

Fredrikstad bibliotek frå 1926 er for tida sterkt debattert i Østfoldbyen. Her kanskje ei arkitektteikning.

Denne bloggen har ei permanent, men dynamisk, side med tittelen «Nye bibliotekbygg». Der følgjer vi opp nybygging og større ominnreiingar av bibliotek, særleg folkebibliotek og særleg i Noreg. For kvart bibliotek har vi lenker til ny, viktig informasjon i media og på eigne eller kommunale nettstader. Rekkefølja er kronologisk etter når bloggaren fekk greie på planane, med det nyaste øverst. Men når det skjer viktige endringar, f.eks. konkretisering, vedtak o.l., rykker saka til topps. Når bygg/lokale er opna, får dei plass lengst nede.

Bli med på å halde sida aktuell og god. Send ny info og tips til frilanders @ gmail.com.

mars 2, 2023

Twitter og historieskrivinga

Brewster Kahle, gründeren til Internet Archive, skreiv artikkelen «Our Digital History Is at Risk», først i TIME Magazine, så på IA sin blogg. Bakgrunnen er særleg faktumet at (vår omsetting):

«Twitter sitt eigarskifte har avslørt ein underliggjande ustabilitet i det digitale informasjonsøkosystemet. Mange har no sett at når nokon slettar Twitter-kontoen sin, blir profilen vekk, tweetsane og til og med direktemeldingane deira. Ifølgje MIT Technology Review har rundt ein million menneske forlate Twitter så langt, og all denne informasjonen har forlate plattformen saman med dei. … Å miste tilgang til viktig privat informasjon utan tvil urovekkjande, men situasjonen er endå meir urovekkjande når vi tenkjer på den rolla digitale nettverk speler i verda i dag. Regjeringar kjem med offisielle uttalar på nettet. Politikarar driv valkamp på nettet. Forfattarar og kunstnarar finn eit publikum for arbeidet sitt og ein stad å kome til orde. Protestrørsler finn trekkraft og tilhengarar. Og sjølvsagt var Twitter ei viktig publiseringsplattform for ein viss amerikansk president. … Om Twitter skulle svikte fullstendig, kunne all denne informasjonen forsvinne frå nettstaden deira på ein augeblink. Dette er ein viktig del historia vår. Burde vi ikkje prøve å bevare han?»

Det er ikkje overraskande, skriv han, at i 2017 stansa dei Library of Congress sitt føderale program for å ta vare på det heimlege nettinnhaldet …

Kva med Noreg? Nasjonalbiblioteket seier dei driv med nettsanking av «helt syke datamengder», og at dei «Soper opp alt». Men ser vi nærmare etter, haustar dei ikkje «Sosiale medier (Facebook, Instagram, Twitter)»; klikk på «Hva høster vi».

Og frå to år tilbake veit vi jo at dei ser på tjue år fagleg bibliotekdebatt som verdilaus.

mars 2, 2023

Rikspress(e) på «debattbiblioteket»

Frank Rossavik sin kronikk i Aftenposten, knipsa i det definitivt stillaste biblioteket i Oslo, Nasjonalmuseet sitt.

No uroar faktisk rikspressa seg over folkebiblioteket, ikkje minst Aftenposten. I oktober hadde Knut Olav Åmås ein av sine vektige kronikkar: Ro er den nye rocken. Og her om dagen var det Frank Rossavik med tittelen Før skulle bibliotekene være stille. Nå er de pålagt å ta inn bråk. Motseiingsparet ro versus uro i biblioteket er i overført tyding hos begge; det går på tradisjonelt utlån av bøker (som minkar) versus alle dei «nye tenestene» og dermed «debattbiblioteket». Noko mange no meiner er meir utfordrande enn nasjonalbibliotekaren vil ha det til.

Rossavik er mest konstruktiv, der han aktivt støtter seg på det ferske nummeret til Bok og bibliotek (BoB), med fleire artiklar om emnet. Den innleiande saka i BoB-nummeret, Bibliotekenes debattdilemma, handlar om Norsk Bibliotekforening si nylege spørjeundersøking til alle biblioteka i landet. Denne avslører sprikande meiningar og at mange er usikre.

Som er ille nok, men det som ikkje blir poengtert, verken av NBF, i BoB eller av Rossavik, er at under halvparten av biblioteka svarte. Er det sannsynleg at dei som ikkje har svart er blant dei sikre og nøgde?

Ei betre undersøking er den som Elin Golten gjorde i doktoravhandlinga si. Men resultatet er det same; særlig dei små, men også mellomstore og nokre større bibliotek, manglar ressursar, kompetanse og guts til å arrangere debattar, i alle fall ikkje skarpe, gode debattar.

Men det kjem etter kvart idéar om korleis ein kan løyse problemet. BoB-redaktør Hans Olav Hageberg skriv i leiarartikkelen sin:

Continue reading
februar 27, 2023

AI-oppdikta bøker!

Moss bibliotek hadde ei tid ei utstilling oppkopierte manus frå eit skrivekurs som var halde i biblioteket.

På Nrk.no i kveld kan vi lese at Studenter ble lurt – bestilte bøker som ikke finnes. Luringen er – igjen – ChatGPT, «bullshit-generatoren» som no også diktar opp både falske forfattarar og titlar som dei skal ha skrive. Men dei intervjua bibliotekarane på Universitetet i Agder har no avslørt dette og har gått ut med åtvaring til studentar og tilsette.

Og på spørsmål om «hvem er Norges fremste kvinnelige forfattere?», var eitt av svara «Jorun Jacobsen Bryn». Som ikkje finst. Og på spørsmål om roboten hadde dikta opp forfatteren, svarte hen med å «beklage dypt for feilen den gjorde». « – Det er litt rart å få en beklagelse, men det er den programmert til å kunne gjøre», forklarer professoren som spurde.

Så snart er det vel uinteressant med nettstader som The Invisible Library, «a collection of books that only appear in other books. … books unwritten, unread, unpublished, and unfound». Mange av oss kjenner godt (sic!) The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy, og ikkje berre den verkeleg boka med denne tittelen, men den oppdikta boka med same tittel, som spelar ei viktig rolle i førstnemnde.

februar 27, 2023

Endeleg eit oppgjer med dei nye «bibliotektenestene»?

«- Ikke holdbart» er den klare meldinga frå Veronicha Angell Bergli, leiar i Bibliotekarforbundet (feilaktig kalt Bibliotekarforeningen, skam dykk, Klassekampen). Ho seier: «Det er ikke holdbart at tjenestene skyver biblioteket og bibliotekaren foran seg framfor å stille med egne ressurser til å svare på spørsmål og behov fra sine brukere».

Tenestene ho viser til er slike som «tilfaller bibliotekarer i mangel på andre steder å søke hjelp. – Vi skal selvfølgelig gjøre vårt, men jeg mener også at det offentlige har et ansvar. At skjemaer og nødvendige tjenester i praksis blir utilgjengelig for en andel av befolkningen, er ikke noe Nav, Utlendingsdirektoratet, kommunen eller banken kan leve med i lengden».

Her på bloggen har vi ofte skrive om denne utfordringa, blant anna etter spørjeundersøkinga i regi av Sintef som avslørte at «En stor del av respondentene [frå bibliotek, vår merknad]… opplever at de gjør oppgaver som de mener egentlig er NAV sitt ansvar, og som går på bekostning av egne arbeidsoppgaver».

Vidar Lund, leiar av den verkelege Norsk Bibliotekforening (NBF), blir også intervjua og kjem inn på at samanslåing av bibliotek og innbyggjartorg eller sørviskontor «byr “pent sagt” på mange utfordringer … Et servicekontor er en representant for kommunen, mens et biblioteks lovfestede mandat er å være en uavhengig plattform og debattarena. Om de slås sammen, fører det med seg mange integritetsutfordringer».

NBF har det siste året forsøkt å gjere noko med dette og gav i haust ut ei «Veiledning for bibliotek og innbyggertorg». Med klare åtvaringar i stil med det Lund i dag seier i Klassekampen.

Dette står i kontrast til prosjektet i kommunane Drammen og Indre Østfold, som Nasjonalbiblioteket satsa 1,4 millionar på, med den talande, ukritiske tittelen «Beste praksis for bibliotek og innbyggertorg».

Prosjektet har sjølvsagt frå starten blitt omfamna (og med utropsteikn i overskriftene) av organisasjonen Forum for offentlig service.

Denne nye kombi-institusjonen har vi mange artiklar om på bloggen i kategorien Sørviskontor.

I prosjektplanen snakkar dei om ein «erfaringskonferanse» i mai 2023, men faren er at det blir på arrangørane sine vilkår. Det trengst noko meir og uavhengig rundt alt dette. BF og NBF bør kunne samarbeide.

februar 23, 2023

Hugs russarane

På Deichmanske bibliotek i Bjørvika har dei bra med bøker på russisk (mars 22).

På nettstaden til Danmarks Bibliotektsforening kan vi lese at «Rusland er en kulturnation». Dette er ei oppmoding frå Paw Østergaard Jensen, DB-leiar og kulturpolitikar (S), om å ikkje bryte med, men «samarbejde med ikke statslige kulturpersoner, institutioner og grupper i Rusland, der evident ikke samarbejder med Putins regime». 

Og når det gjeld litteratur og bibliotek: «Man skal passe på med ikke at slukke ilden med en brand, for så er der intet at bygge på efterfølgende. Folkebibliotekerne har som den største kulturinstitution lokalt også et særligt ansvar for fortsat at præsentere russisk kultur og litteratur».

Dessverre ønskjer ikkje bibliotekorganisasjonane i dei to krigførande landa å samarbeide, sjølv om vi i eit blogginnlegg 3. mars i fjor oppfatta tonen i den russiske som «humane and peaceful». Men det er nok lettare for dei enn for kollegaene i Ukraina. Det er i alle fall bra at fleire viktige bibliotekorganisasjonar i verda har sagt nei til å fordømme den russiske bibliotekarstanden.

DB har også ein artikkel om korleis biblioteket i Ålborg løyste bibliotekbehovet til dei ukrainske flyktningane i kommunen.

februar 23, 2023

Skryt av bibliotekas filmtilbod

Det tradisjonsrike filmtidsskriftet Rushprint (1965 -) skriv denne veka om «Kino- og strømmetips», i konkurranse med VM på ski osv osv. Og i opplistinga og vurderingane sine har dei også med slikt som dette:

«Biblioteksordningen Filmoteket er for øvrig en gullgruve, og blant nyere dokumentarfilmer kan ses blant annet Lynch/Oz, om koblingene mellom regissørens filmografi og grunnteksten The Wizard of Oz».

Og i kjølvatnet av den aktuelle bølgjen om Wam og Vennerød, med portrettfilmen Den siste filmen, minner dei også om at «Lett tilgjengelig på strømming er kun Lasse og Geir (også nylig ute på DVD og Blu-ray fra Nasjonalbiblioteket) …».

februar 21, 2023

Roald Dahl på lukka avdeling?

Ikkje overraskande er pressa full av sjokkreaksjonar på at dei økonomiske kreftene bak forfattaren Roald Dahl (1916-1990) sine etterkomarar vil tilpasse seg dei mest lett-krenkelege lesarane. Rettshavarane, Roald Dahl Story Company, blei i 2021 kjøpt opp av Netflix. I big tech kan alt skje.

Avisa Klassekampen intervjuar i dag ein ekspert på opphavsrett som er klar på at «Dahls norske utgiver, Gyldendal, er pliktige til å følge rettighetshavernes linje. Derfor endres også de norske oversettelsene. – Forlaget får sine rettigheter av arvingene, og nå er det laget en endring som skal ivaretas. Her er det ingen tvil».

>> 22.2.: Men ikkje alle endringane, seier Gyldendal no til Nrk.no. Og det britiske forlaget vil gi dei originale i tillegg.

Avisredaktør Mari Skurdal tar saka fatt i leiarartikkelen og peikar på scenariet at også dei norske folkeeventyra skulle bli handsama på denne måten: «Ingen sensitivitetsleser ville vel heller latt et eventyr som «Smørbukk» stå urørt. Det ville gjort oss til et fattigere og mer konformt land».

Og kva med biblioteka, som har titusenvis RD-bøker?

For hundre år sidan måtte bibliotekarane verne ungane mot alt som kunne smake av sædløyse og umoral. I John Ansteinssons bok «Bibliotekstell» frå 1933 heiter det:

«Den første betingelse for å kunne gjøre et godt bibliotekarbeide blandt barn, er godt utvalg av omhyggelig siktet litteratur for barn og ungdom. Denne litteratur opstilles for sig selv, og ikke blandet sammen med den almindelige litteratur. Har man plass til det, vil man kanskje også gi barna direkte adgang til hyllene, men mange steder vil rimeligvis bibliotekaren være henvist til å være mellemledd mellem barna og bøkene og ekspedere dem over skranken» (mine uthevingar).

Enno på 1960-talet fekk underteikna tenåring berre under tvil tilgang til vaksenavdelinga på biblioteket på Torshov i Oslo, så lenge eg heldt meg ved hylla for sportsbøker, for slikt hadde dei ikkje i ungdomsavdelinga.

Den nye barneboksensuren kan vel ikkje få tilbakeverkande kraft? Eller må biblioteka kjøpe låsbare skap for originalutgåvene? Dei vil jo bli dyrebare samlarobjekt, også.

februar 21, 2023

NTB om biblioteksensuren i Ukraina

Kasseringsmodne bibliotekbøker, men ikkje sensur

I dag kjem Adresseavisen i Trondheim med ei NTB-melding om at «Millioner av bøker på russisk fjernet fra ukrainske bibliotek». Fleire av opplysingane er dei same som vi har skrive om her på bloggen, både på engelsk og norsk. I tillegg har oppslaget referansar og lenker til enkelte statlege vedtak og dokument.

Vi kan også lese at vedtaka om utreinsing av russisk litteratur «utløste sterke protester fra landets russisktalende og er fra russisk side framhevet som et eksempel på de ukrainske myndighetenes forfølgelse av den russiske minoriteten i landet. Dette var et av argumentene president Vladimir Putin benyttet da russiske styrker for ett år siden invaderte landet».

Det blir vidare vist til protestar frå blant anna Human Rights Watch og Veneziakommisjonen, Europarådets sitt øverste rådgivande organ.

NTB har også intervjua toppfolk i norsk bokbransje: «– Selv om Ukraina er angrepet av og i krig med Russland, er det å fjerne russisk litteratur likevel et grep som er uforenlig med et liberalt demokrati, sier administrerende direktør Heidi Austlid i Den norske Forleggerforening … Leder i Den norske Forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, er også kritisk. – Det er ikke rett å destruere eller boikotte litteratur og kunst».

februar 20, 2023

Apropos Roald Dahl m.fl.

Den gamle Pushkin-bysta til Deichman har blitt med til ny-biblioteket. Men det er ikkje for å krenke ukrainarar.

I dag, 20. februar 2023, er dei norske kulturredaksjonane opptatte av to kanselleringar; Nasjonalmuseet si magasinering av det viktige, i 1893 typisk nasjonalromantiske, men i dag påstått «kolonialistiske», målarstykket «Leiv Eiriksson oppdager Amerika». Og «sensitivitetslesinga» av barnebøkene til Roald Dahl på det britiske forlaget hans. Eller «absurd sensur» ifølgje Salman Rushdie.

Apropos sensurert barnelitteratur, så blir bloggaren minna om ei tilstelling i 1983 i Oslo, der han såg til at Astrid Lindgren hamna i overskrifta i Bok og bibliotek: «”Brødrene Løvehjerte” i illegal blåkopiutgave i Tsjekkoslovakia». Skildringa hennar av kampen mellom gode og onde makter var for provoserande for makthavarane. Utstillinga i Oslo om «Tsjekkoslovakias uoffisielle kultur» under det på den tida framleis sterkt Sovjet-dominerte regimet, blei arrangert av den nordiske støttekomiteen for Charta-77. Sjå foto av den såkalla samizdat-utgåva av Lindgren si bok i denne artikkelen.

Apropos Charta-77, så var det i førre veke eit arrangement i Václav Havel-biblioteket i Praha med tema «Kva låg bak den sterke bølgen av svensk, norsk og dansk bistand til tsjekkoslovakiske dissidentar etter publiseringa av Charta 77?» I ein paneldebatt, som kan sjåast på Youtube, var ein av deltakarane Frode Bakken, aktivist i det norske støttefondet og seinare kjend som blant anna leiar av Norsk Bibliotekforening i fire periodar.

Og apropos sensur i Aust-Europa, så opplever vi no omfattande utreinsingar av litteratur i både ukrainske og russiske bibliotek. I bibliotekfaglege organ er dette spørsmålet til no berre reist på denne bloggen, og her har vi dei par siste vekene fått 379 nedlastingar av artikkelen Book Purges as a Weapon of War og 124 av den norskspråklege Utreinsing av bøker som våpen i krig.

Ifølgje biblioteketikken, kan vi godta fjerning av bøker fordi dei er på fiendens språk? Eller fordi forfattarane ikkje evna å ta omsyn til stridsspørsmål to hundre år inn i framtida?

februar 16, 2023

Oppsnappa i veke 7

Første side av «brukarkatalogen» til Storelvedalens Almuebibliothek i 1872.

STÅR DU PÅ FØRSTE SIDA I BRUKARKATALOGEN? Tidsskriftet Bok og bibliotek er meir enn eitt papirtidsskrift, i dag kjem dei med ferskt nytt om at NB-avdelinga Bibliotekutvikling råka av datasnoking. «Programvare med vonde intensjonar» lurte seg inn der. «… det som truleg var ein hackar-bot, [hadde] tilgang til administrasjonsgrense- snittet. … NB kan ikkje utelukka at brukarinformasjon er henta ut, … loggane viser at den første sida av brukarkatalogen blei henta fram. Den viser dei 20 første brukarane».

Nyleg åtvara vi på bloggen om at e-innhaldsleverandørar kan få tilgang til lånardata, men hacking kan føre til endå skumlare lekkasjar.

UH-BIBLIOTEKA KUTTA UT Universitetet i Stavanger skriv om Studiebarometeret, der studentane blir spurde om «hvordan de opplever kvaliteten på studiene sine». Men for 2022 er «spørsmål knyttet til koronapandemien tatt ut. Det samme er spørsmål knyttet til fysisk læringsmiljø, som bibliotektjenester».

FARGEBLYANTAR PÅ BIBLIOTEKET Studentavisa UnderDusken i Trondheim skriv om Redningsaksjon for kjærestegarantien, om korleis universitetsbiblioteket hjelper einsame studentar på valentinsdagen: «Ser du etter venner, velg rød [blyant, eller penn]. Ser du etter romantikk, velg grønn». Og vidare: «Påstanden om at biblioteket er bedre enn Tinder, er riktignok ikke fremmet helt ut av det blå. … de bibliotekansatte på NTNU har god erfaring på dette området. – Vi vet at hvertfall én av de ansatte her fikk kjæreste på et bibliotek for noen år siden». Sjå detaljane i artikkelen.

FAKE PÅ EKTE Khrono.no er seriøst og bra, også om britiske komiseriar. I tv-serien Cunk on Earth møter vi Philomena Cunk, «en ikke-så-veldig-sjarmerende og ganske-så-kunnskapsløs kvinne som har fått jobb som programleder for en serie om den historiske utviklingen av menneskeheten over de siste to og et halvt tusen årene». Men dette er «Fake. På ekte. Altså en mockumentary. Philomena Cunk er så lite bevandret i kunnskapen om noe som helst, og så farget av egne fordommer at hun er en vandrende katastrofe i møte med temaer som krever kunnskap».

februar 15, 2023

Nasjonalbiblioteket sine «hemmelege» tenester

Her om dagen snubla vi over ei NB-teneste som har eksistert sidan 2010, men som underteikna ikkje har ant noko om, nemleg Sceneweb. Dette er «et nasjonalt historisk arkiv for norsk profesjonell scenekunst. … Scenewebarkivet eies av Danse- og teatersentrum. Arbeidet med innsamling, registrering, digitalisering, tilgjengeliggjøring og bevaring av arkivmateriale gjennomføres i samarbeid med Nasjonalbiblioteket».

Vi testa det på ein operasangar vi kjenner og fekk opp ei ganske korrekt liste på 77 produksjonar han var med i, og med info om roller han hadde i kvar enkelt, tid og stad og nokre gongar publikumstal. Og no og då lenke til digitaliserte program. Visste sangaren om denne kjelda? Nei. Heller ikkje ein skodespelar i venekrinsen. Han fann vi 34 produksjonar på og i tillegg fekk vi vite når han «berre» var lysmeister. Fantastisk, eigentleg.

Andre hemmelege?

Jo, vi har Norsk bibliotekhistorie. Denne blei vel etablert i samband med Norsk Bibliotekforening sitt hundreårsjubileum i 2013, men vedlikehaldet kan ikkje ha vore særleg prioritert, for nokre av lenkene på startsida melder at «Siden du ser etter finnes ikke». Og bruk av søkefeltet fører deg berre til startsida på søk i heile nb.no. På NB sitt Flickr-område finn du fleire samlingar av gamle og nyare fotografi av bibliotek og relevante personar.

I periodar har vi hatt nytte av tenesta Statsmaktene, ein inngang til statlege dokument i nb.no. Denne er blitt modernisert og er i dag søk i fem kategoriar, «Domstolsdokumenter, Norges offentlige utredninger (NOU), Register» osv. Funksjonaliteten og dekkingsgraden skal vi teste ut etter kvart.

Og apropos Stortinget, så har dei Stortingskorpuset, saman med fleire andre korpus i Språkbanken. Kanskje ikkje førstevalet for dei fleste av oss, men viktig nok.

Og så har du denne tematiske inndelinga. Men kom gjerne med fleire slike funn i kommentarfeltet.

PS dagen etter: I dag dukka faktisk alle desse «hemmelege» inngangane opp på startsida til nb.no: Dykk ned i Nettbiblioteket: Flyfoto fra hele Norge / Reklamefilmer fra 50-tallet / Hvem skrev Camilla Collett brev til? / Åpningen av Ekofisk-feltet / Roald Amundsen på Sydpolen / Norges første kvinnelige statsminister /Kong Haakon VIIs tale fra London 8. mai 1945 / Ta fram strikketøyet

februar 14, 2023

Sjølvbiletet av biblioteket, er det FOR bra?

“The Linotype – Mergenthaler and Whitelaw Reid” av Edward Laning i NYPL (CC BY-NC-SA 2.0). Knipsa sept. 2013.

Bibliotek i samhälle har denne veka eit intervju med tittelen Vad är kritiska biblioteksstudier? Intervjuobjektet Lisa Engström er medlem av ei forskargruppe for kritiske bibliotekstudium, Lund Critical Library Studies:

«- Forskning är av naturen kritisk, menar Lisa Engström, men här handlar det om att förhålla sig på ett mer distanserat sätt till en bibliotekssyn där bibliotekets funktion och värden tas för givna eller idealiseras:

– Det har funnits – inte bara i forskningen, utan även i den allmänna uppfattningen om bibliotek – en syn där biblioteket haft en väldigt stark roll som en institution som främjar demokrati, delaktighet och möten mellan invånare i samhället.

Vad händer då om idealbilden av till exempel folkbibliotekens verksamhet inte problematiseras eller nyanseras? Enligt Lisa Engström innebär det att man riskerar att missa hur biblioteket också kan verka exkluderande. Som exempel tar hon frågan om meröppet, som hon studerat under en längre tid, bland annat i sin doktorsavhandling.

Ett kritiskt perspektiv är inte samma sak som ett negativt perspektiv, betonar Lisa Engström. Men det är ett viktigt komplement till bilden av det ideala biblioteket».

Også her på bloggen har vi ved fleire høve stilt spørsmål om vi har «… klart å heve ordparet bibliotek og demokrati over klisjé-nivået og det heilt allmenne?»

Vi har lagt lenka til nettsida til forskargruppa i blogroll’en nede til høgre, saman med andre viktige ressursar.

februar 12, 2023

Oppsnappa i veke 6

Kva ville Bjørnstjerne B. meint om leksefri? Men han er sentral på biblioteket i Moss

LØN FOR STREV? Nyleg i Fagbladet kom statistikken for lønsutviklinga i Noreg. Her ser vi at «Bibliotekarer og andre informasjonsarbeidere» ligg eit stykke bak midten, i lista er dei på side 7 av 12. Men i går på Forskerforum kom detaljar, men med eit atterhald: «Tallene er hentet fra Forskerforbundets medlemsundersøkelse og viser gjennomsnittlig lønnsnivå for forbundets medlemmer i disse stillingene. Statistikken er basert på frivillig innrapportering». Kor mange bibliotekarar er medlem der?

LEKSEFRI OG LESELYST Moss Avis i dag intervjuar bibliotekarar og lærarar: «– Det er vanskelig å slå fast at det har med leksefri å gjøre. Men i barneavdelingen vokser utlån av gode gamle bøker kraftig». Bibliotekar Marthe Elisabeth Christoffersen «har lagt merke til at også lærere har brukt biblioteket mer i det siste. Men det kan ha en sammenheng med nedstengingen under pandemien å gjøre. – Jeg tror de rett og slett har blitt mer bevisste på hva de ikke kunne gjøre da. Og hvor viktig det er å ta med elevene hit. Mange blir jo tatt med av foreldrene, men så er det også mange som aldri blir det. Det er viktig at skolen viser hvor biblioteket ligger, at det er gratis og at det er for alle».

Moss kommunes heimeside ser vi at «Alle skolene i Moss er leksefrie fra skolestart i august 2022. … Samtidig er vi som kommune tydelig på at alle former for lesing er viktig for barns utvikling. Forskning viser at lesing, uansett form, kan ha positiv påvirkning for barn og unges utvikling. Vi oppfordrer derfor alle foresatte å legge til rette for at elever leser hjemme hele året. Det kan være å lese bøker/tidsskrifter/tegneserier, høre på lydbok eller bli lest for». (vår utheving)

IS SOMETHING ROTTEN IN THE STATE OF FINLAND? Bok og Bibliotek har denne veka ei interessant sak om europeisk bibliotekstatistikk: «Finland spends six times as much as Germany on public libraries». Byråkraten som blir intervjua er rimeleg nøgd: «Library statistics show a slight increase from 2010 to 2021». Men nyleg fann vi ein artikkel i Hufvudstadsbladet med statistikkar der både utlån og bruk går dramatisk ned. Så kva er eigentleg stoda i Finland i dag?

Translate »