Bibliotekstrategien: Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert

Særleg under og etter lovrevisjonen i 2012-14 blei demokrati eit heilt sentralt punkt i bibliotekpolitikken og -debatten, noko som førebels har kulminert med den andre, nogjeldande nasjonale bibliotekstrategien med den ambisiøse tittelen «Rom for demokrati og dannelse». Men har regjeringa og bibliotekstrategane klart å heve ordparet bibliotek og demokrati over klisjé-nivået og det heilt allmenne?

Eit seriøst forsøk på å svare finn vi i ein fersk artikkel i «Nordic Journal of Library and Information Studies» (vol 1 no 2 2020) med tittelen «Den digitale offentligheten i kultur- og bibliotekpolitikken». Forfattarane er professor Håkon Larsen ved OsloMet og spesialbibliotekar Per Alexander Solheim ved UiO. Men i studien deira av dei sentrale styringsdokumenta finn dei alvorlege manglar:

«Den siste bibliotekstrategien har flere beskrivelser av hvordan biblioteket skal være en sterk bidragsyter til opparbeidelse av digital medie- og informasjonskompetanse for befolkningen, men i likhet med den forrige bibliotekstrategien er det ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser».

Men noko Larsen og Solheim ikkje har sett på er prosessen knytt til bibliotekstrategien som Nasjonalbiblioteket er i gang med no i haust. Dette skjer i samarbeid med eit «Strategisk råd», og bak ei lenke på nb.no med dette namnet finn vi fila «Status for arbeidet med bibliotekstrategi». Så no nærmar vi oss vel det meir konkrete?:

Det viser seg at undertittelen «Tiltaksliste» er meir dekkjande. Og vi må forstå dette som ei nærmast uttømmande liste med stort og smått som skal gjennomførast for at NB skal nå hovudmålet sitt: Å auke prosenten bibliotekbrukarar frå 51 til 100 prosent (eller så nær som muleg; vi blogga i førre veke om foredraget av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre der han seier at verving av både 46 og 49 prosent av dei gjenståande ikkje-brukarane er akseptable resultat).

Tre bibliotek i Østfold har fått 350.000 kroner frå NB for å «drive oppsøkende virksomhet for å nå ut til nye deler av befolkningen». Kjelde: Dagsavisen/
Demokraten

I lista går mange av tiltaka på lesing, som opplagt er eit vilkår for å kunne gjere oss meir opplyste og dermed demokratiske. I Sira Myhre sitt foredrag og i denne lista si har NB verkeleg store planar om meir digitalisering og breiare tilgang, betre strøyming og betre formidling for «gamle» og særleg «nye» brukargrupper, med eit anna ord ikkje-brukarane.

Men dette fører ikkje automatisk til at biblioteket blir ein «arena for offentlig samtale og debatt». Det kan sjå ut som NB tenkjer at berre fleire blir bibliotekbrukarar, så vil den demokratiske effekten kome av seg sjølv.

Svært lite i lista handlar om meir konkrete publikumsretta tenester som kan oppfylle dette kravet. Blant anna finn vi ikkje dei to mest potente demokrati-relaterte omgrepa sidan lovendringa i 2014, «debatt» og «møteplass». Ser vi etter eit tredje, «arrangement», finn vi vel det mest konkrete tiltaket, nemleg denne formuleringa henta frå strategien: «Et nytt kompetanseområde er språkkafeer, der DFB ved Nasjonalbiblioteket er i ferd med å etablere seg som en veileder for bibliotek som ønsker å arrangere dette».

Er det verkeleg ikkje behov for vidareutvikling på desse tre felta? Har vi oppnådd alt som kan oppnås på dei seks åra sidan lovtillegget? Eller har vi gitt opp?

Statistikken for 2019 viser at berre rundt 3 av 63 tusen arrangement var «samtale- og debattarrangement». Og: Dei førre tre åra har vi her på bloggen samanlikna statistikktala med bibliotekas eigne møteprogram (stikkprøver) og funne at dei reelle debattmøta ofte var langt færre. For 2019 skal vi seinare sjå på det same.

Mange signal frå «golvet» går ut på at debattmøte er krevjande: Korleis finne gode tema? Korleis få tak i gode ordstyrarar? Både ordstyrarar og innleiarar kostar mykje, og no er det slutt på støtta til dette frå NB og Fritt Ord. Og bibliotekbudsjetta går slett ikkje oppover i alle kommunar.

Og: «Mange arrangement, som litterære samtaler, foredrag og debatter, trekker til seg grunnfjellet blant bibliotekenes publikum; ofte middelaldrende, høyt utdanna og kulturelt interesserte kvinner og pensjonister» (Grønnestad, Kjetil S. : Kulturelt ekkokammer eller demokratisk bastion? Bok og bibliotek, nr. 1, 2019). Desse er jo alt blant dei 51 prosenta brukarar.

Konkret innspel: Kva med ein dugnadsbasert «debattredaksjon» som på eit enkelt forum kunne:

  1. Foreslå gode debatt-tema + relevant litteratur (analog og digital) å presentere for publikum og debattantar på førehand?
  2. Så lenge koronaen rår, og seinare, lage eit opplegg for å strøyme desse til andre bibliotek som er interesserte?
  3. Lage og køyre kurs for ordstyrarar? Og lokale redaktørar = biblioteksjefar?
  4. Dele røynsler og videoar av lokale debattar, for å inspirere andre bibliotek?
Ganske mykje grått hår på opne møte i biblioteka. Frå Moss bibliotek i 2017

I artikkelen sin skriv Larsen og Solheim også: «Det er en konkret målsetning at biblioteket skal være et naturlig sted å oppsøke for kompetanse innen kildekritikk og nettvett. I praksis er det likevel grunn til å anta at bibliotekarer i liten grad får denne typen henvendelser i sitt daglige referansearbeid».

Heil klart. Men dette finst det også idear om å løyse, noko vi kjem tilbake til.

Til slutt noko å tyggje på: Professor R. David Lankes held føredrag over heile verda om at bibliotek må bidra til forbetring av samfunnstilhøva gjennom aktivt og målretta å spreie kunnskap.

Sjå også:

One Trackback to “Bibliotekstrategien: Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

<span>%d</span> bloggere like this: