Synliggjør bibliotekforfatterskapa!

skjeseth gamleKlassekampens journalistveteran Alf Skjeseth hedrer i avisa 5. januar andre skrivende veteraner med overtittelen: «Utan pensjonistar ville historieskrivinga tørke inn». Eksempelet han nevner, Ingolf Vislie, fullførte nylig, i en alder av åttiåtte, en biografi på 639 sider om politikeren og diplomaten Jens Evensen: «Vislie er ein ruvande representant for hærskaren av eldre menneske som gjer ein formidabel innsats for folkeopplysning og kulturformidling rundt i landet».

Og gamlingene veit hvor de finner kunnskapen. Skjeseth ser dem hele tida: «Dei siste månadene har eg sysla med saker som har ført meg til lesesalar i fleire arkiv og bibliotek, og det er slåande kor mange pigge pensjonistar som sit med nasen i arkivboksar, kyrkjebøker, protokollar og oppslagsverk».

I mai i fjor blogga vi om en forfatter i i toppdivisjonen, Kjartan Fløgstad, som er like avhengig av biblioteknettverket som Skjeseths pensjonister når han skriver, men som også har erfart at enkelte fagbibliotek begynner å prioritere «egne» framfor «eksterne» brukere. Sånne historier har vi ennå ikke hørt om i folkebibliotek, men vi veit at fjernlånssystemet er svekka på visse punkt de siste åra.

Når rådmenn, politikere og media er opptatt av det lokale biblioteket handler det mest om det som er lettest å kvantifisere, nemlig utlånstall og antall besøk. De siste åra telles også arrangement og debatter. Men hva om vi også forsøker å dokumentere bøkene som blir til på biblioteket? Det kan bli solide lister, per bibliotek eller per fylke. Og bibliotek kan be om å få intervjue noen av forfatterne. På debattscena, på video eller i tekst. Alt med forfatternes samtykke, så klart.

Teksten til Skjeseth er i papiravisa og på nett, for abonnenter, men han sendte oss den, med lov til å legge den ut:

Klassekampen 5.1.2018.

Utan pensjonistar ville historieskrivinga tørke inn.

Dei gamle er eldst

Av Alf Skjeseth

I fjor var det 100 år sidan Jens Evensen vart født. For å halde minnet i hevd om havrettens store jurist og strateg, gav Gyldendal ut ein biografi av Berit Ruud Retzer, om «mannen som gjorde Norge større». Den vart til ein viss grad omtalt i bokhausten, og det er det ikkje alle som gjer.

Ved eit tilfelle oppdaga eg at det ligg føre ein annan biografi, som også kom ut i fjor haust og gjekk under radaren for dei aller fleste. «Jens Evensen – havet, oljen og retten» er ein murstein på 639 sider, skrive av den pensjonerte høgsterettsadvokaten Ingolf Vislie og gjeve ut av forlaget Orkana i Lofoten.

Jens Evensen døydde i februar 2004, og Einar Førde var blant dei få frå Arbeidarpartiets leiarsjikt som gjekk i gravferda, berre nokre månader før han sjølv døydde. Førde skreiv ved Evensens død om «kor snøgt det går an å bli gløymt». Vislie merka seg dette, og bestemte seg for å skrive ei grundig bok om han.

Ingolf Vislie blir snart 88 år, og var nesten 80 då han begynte på boka som tok han åtte år å fullføre. Han gjekk til verks som ein profesjonell historikar, og har lagt ned eit enormt kjeldearbeid. Det er meir enn 40 sider kjelder og noter, i kontrast til slumset med kjelder som langt meir ressurssterke forlag og meir profesjonelle skribentar tillet seg i ein del sakprosabøker. Treholt-saka, som langt på veg knekte Jens Evensen, er dokumentert ord for ord med tiltale, rettsreferat og dom.

Ingolf Vislie er ein ruvande representant for hærskaren av eldre menneske som gjer ein formidabel innsats for folkeopplysning og kulturformidling rundt i landet. Dei siste månadene har eg sysla med saker som har ført meg til lesesalar i fleire arkiv og bibliotek, og det er slåande kor mange pigge pensjonistar som sit med nasen i arkivboksar, kyrkjebøker, protokollar og oppslagsverk. Dei er alle i gang med eit eller anna skrive- eller studieprosjekt.

Folk driv med alt frå ambisiøs forskning, som Vislie gjorde, til enklare materiale for lokale historielag eller privat bruk, og ikkje minst farsotten slektsgransking. Dette har styrka kvinneinnslaget, for historiearbeid har tradisjonelt vore ei mannsdominert verksemd. Ubalansen blir forsterka av den umettelege interessa for krigshistorie hos grånande menn, sjølv om kvinner er like solid representert som menn blant faghistorikarane på feltet. Det har vore valfart til Riksarkivet etter at landssvikarkivet vart tilgjengeleg, for her er det krigshistorie og slektsgransking i eitt.

Historielaga samlar og organiserer den folkelege historieinteressa. Landslaget for Lokalhistorie kallar seg landets største kulturvernrørsle. Det er rundt 400 historielag med rundt 80.000 registrerte medlemer og aktivitet i nesten alle kommunar. Historielaga driv i sum eit eineståande kultur- og opplysningsarbeid med årbøker, turar, folkemøte og seminar. No pågår prosjektet Lokalhistorie i skolesekken.

Drivkreftene er godt vaksne folk, iallfall der eg kjem frå. Ringsaker historielag er eit av landets største, dei gjev ut årbok på godt over 200 sider saman med laga i Veldre og Brøttum. Somme av dei aktive er pensjonistar langt oppi åra, som min 95 år gamle far, som kvart år skriv minst ein grundig artikkel i årboka. Ein skulle tru at det snart ikkje er meir av interesse å skrive om, men kvart år kjem årbøkene med fleire titals nye artiklar. Forfattarane er mange slags folk som har lokalkunnskap og forteljarglede til felles. Her har nettgenerasjonane noko å strekke seg etter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: