«The best deal you are ever going to find»

nypl gratis utlån

Vi har både elektrikar og røyrleggjar i familie eller nær omgangskrins og må vel vedgå at vi har hatt fordelar av dette no og då. I (det avkorta) oppgjerets time har vi som bibliotekar tilbode vår form for bonus, altså heimlån av bøker – heilt gratis! Men utan å tru at nokon ville ta det som noko anna enn fleip. Dei har anten alt vore lånarar eller har trengt sterkare påtrykk enn som så.

Men i New York tok biblioteket dette skjemtet i bruk på Black Friday no i haust. Ifølgje nettstaden PR Week skrapa dei saman sponsormidlar til ein heilsides annonse i The New York Times med bodkapen vi ser over desse linjene. Og fekk 32 prosent fleire innmelde enn same dag året før, ti tusen likes og eitt tusen delingar og ei mengd positive tilbakespel frå PR-folk og andre som likte parodien på detaljhandelen sine perverse utsal.

Leave a Reply