Nyklassisisme frå Jotunheimen

Skjermbilde 2019-02-14 13.51.24.png

Biblioteket i Lom

Bibliotekarane i Lom er, trass i ung alder, alt klassikarar sjølve både som pionérar innan litteraturblogging på 2000-talet og som Årets bibliotek i 2012. Og no er det dette store lille biblioteket som har innbode andre bibliotek til kampanjen som dei på lista biblioteknorge i går kalla Nye, norske klassikarar (nettstaden er ikkje klar enno).

Spennande! Dei har fått litteraturkritikarane Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik til å kåre ei liste med tjuefem «nye klassikarar», presisert til «moderne, norsk kvalitetslitteratur».

Men titlar og forfattarar får vi enno ikkje vite. Blir det dei som alt har fått alle prisane og som vi alt kjenner relativt godt? Eller kjem det også overraskingar? Vi blir skuffa om ikkje.

God litteraturformidling kan sjølvsagt gjerast med hundre ulike utgangspunkt og måtar. Og alle dei hundre har biblioteka råd til å ta i bruk. Til skilnad frå …bokhandelkjedene som ikkje berre er kommersielle og stadig oftare tyr til bestselgjarar i pallesal, men som i Noreg i tillegg er eigde av forlag og langt på veg styrte av desse i plassering og profilering.

Kampanjen Nye norske klassikarar er, som vi påstår, berre éin av dei hundre måtane som dei ikkje-kommersielle biblioteka har råd og evne til bruke i formidlinga. Fantasien set grensene. Innafor denne konkrete kampanjen får det enkelte deltakande bibliotek frie hender til å finne på eigne lure ting.

PS 1: Vi får vite at i tillegg til Fritt Ord og lokale sponsorar er også Kulturrådet med på spleisen. Det er bra, men vi har ikkje tal på kor ofte bibliotekorganisasjonar og -møte og -konferansar har oppmoda Kulturrådet til å bruke mykje meir midlar på formidling av kulturfondbøkene. Kva har vi sett av dette? Hjelp oss å hugse. Noko har det nok vore. Bruk kommentarfeltet.

PS 2: Ein kjepphest: Litteraturformidlinga i lokale bibliotek hadde tent på ein norsk nettstad som den danske bibliotekstyrte Litteratursiden.dk. For rundt ti år sidan var det nokre uhell som gav kulturstyresmaktene påskot til å skrinleggje den norske varianten (innan det skjedde vann faktisk denne bloggaren namnekonkurransen, med ei lesefjøl frå Sony som premie. Men namneforslaget vårt – Apostrof! – er ledig! … eh … likevel ikkje) Deichman tok då initiativ til den dugnadsbaserte nettstaden Bokanbefalinger, men der finn vi berre 23 artiklar det siste året, så det blir berre støy.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: