Røe Isaksen, ytringsfridomen og biblioteket

Skjermbilde 2019-06-04 12.52.05

Bibliotekarar i USA drikk kaffi av slike krus. Sjå ALA Shop

Under bibliotekdelen av Litteraturfestivalen på Lillehammer for ei dryg veke sidan var ytringsfridom hovudtemaet. I dei siste par minutta av den generelle paneldebatten (video) handla det om utspelet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i Klassekampen 20. mai om behovet for ein ny ytringsfridomskommisjon. Paneldeltakarane på Lillehammer var skeptiske, men dette var berre rundt tjuefire timar etter Røe Isaksen sitt utspel. Men så i kronikken i Klassekampen i dag (for abonnentar) svarer medievitar Helge Rønning i eit større format.

Ministeren sitt poeng er at førre gjennomgang var tjue år sidan. I mellomtida har vi fått Internettets allmenne gjennomslag, med sosiale media og polarisering, hat-kultur, falske fakta osv. Men Rønning meiner situasjonen ikkje er prinsippielt ny og konkluderer: «Spørsmålet er altså om å nedsette en ny kommisjon er noen løsning? Viktigere ville det være å handle nå for å sørge for at forutsetningene for den åpne og opplyste offentlige samtalen styrkes.» (les heile, det er bra).

Det han viser til her er det nye sjette punktet til § 100 etter revisjonen av grunnlova i 2004: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»

Læt det kjent? Jau, det er unisont med den nyaste versjonen av §1 i biblioteklova: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» 

Og her er det ein samanheng:

Vi ser av referatet frå ein workshop på Lillehammer at Anne Kristin Undlien, leiar av NBF sitt ytringsfridomsutval, var inne på dette i innleiinga si. Kan hende nemnde ho også mykje av det følgjande, men dette er ikkje særleg kjent, så det skader ikkje med ein repetisjon, særleg for alle som ikkje var der:

Det sjette punktet i §100 i Grunnlova byggjer på ytringsfrihetskommisjonen si utgreiing, og i denne blei biblioteket faktisk nemnt fleire stader som ein viktig del av infrastrukturen for å sikre ytringsfridomen i praksis. Men slikt skjer ikkje kvar dag. Så Robert Vaagan ved bibliotekutdanninga i Oslo understreka i eit foredrag i 2005 at biblioteket bør «trykke den nye loven til sitt bryst». Dette var i samband med at dåverande ABM-utvikling hadde starta utgreiingsarbeidet «Bibliotekreform 2020». På Norsk Bibliotekforening sin nettstad med foredraga frå konferansen er lenka daud til Vaagan sin tekst, men vi har lagra ein kopi privat. Vaagan opnar slik:

«Den 29. oktober 2004 trådte Grunnlovens nye §100 i kraft. Slik jeg vil argumentere, har dette stor betydning for bibliotekenes virksomhet, legitimitet og forhåpentligvis også finansiering. I den forestående bibliotekutredningen i regi av ABM-utvikling bør en etter mitt syn ta utgangspunkt i det overordnete samfunnsoppdraget som §100 langt på vei bekrefter at bibliotekene har. Bibliotekvesenet bør samtidig trykke den nye loven til sitt bryst, i det vi her gis en potensielt sterkere juridisk plattform enn hva lovverket ellers i form av Lov om folkebibliotek, Opplæringsloven (skolebibliotek) og Universitets- og høgskoleloven (fag/forskningsbibliotek) til nå har kunnet gi oss.»

Etter dette blei det bibliotekutgreiing, -melding og -lovproposisjon og høyringar. Den raude tråden er ikkje like tydeleg heile vegen (dette kjem vi grundigare tilbake til ein gong), men det endte altså opp med det lovpålagde «debattbiblioteket» (som er noko av det vi har skrive flest innlegg om her på bloggen. Og ein god del innlegg har taggen ytringsfridom).

Og vi tenkjer at om Røe Isaksen får støtte for ein ny kommisjon, så bør biblioteket vere ein minst like mykje omtalt institusjon som i 1999.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: