Kva med biblioteket når Thon & co. blir byplanleggjarar?

Skjermbilde 2019-06-03 22.29.24

Røkke fekk ikkje endre kulturhusplanen i Molde med gåva si. Sjå også nrk.no.

I mars åtvara vi mot å leggje bibliotek til kjøpesenter. Kor lurt er dét, sa vi, når kjøpesentra slit fleire stader? Når butikklokale blir ståande tomme og heile kjeder må stengje fordi netthandelen overtar stadig meir. Og når mange bysentrum blir mindre tilgjengelege for privatbilen.

Men så kjem det ein tekst på heimesida til Attack, «Bondefanget i smartbyen», som seier noko litt anna:
Kjøpesentra kan klare seg godt, les vi. Eigarane deira og andre investorar kjem i framtida til å presse politikarane til å følgje deira storstilte planar, rett nok etter ein marknadslogikk som er meir eller mindre kortsiktig, men det er jo pengane, les: risikokapitalen, som rår. Få kommunar vågar å seie nei til ny aktivitet = meir innflytting eller mindre fråflytting = skatteinntekter (unntak: Molde for ti år sidan. Sjå illustrasjonen). Og på byplankontora blir det mindre å gjere; no skal dei berre pusle med å tilpasse det offentlege til det private (alle med litt fartstid i Oslo kjenner til dette, jf. Jan Carlsen i Aftenposten i 2006).

Så kva med biblioteket oppi dette?

I eigedomsbransjen har bibliotek status som gode publikumsmagnetar. Dei er ettertrakta både i offentlege og i meir private bymiljø, jamfør presidenten i NAL – Norske arkitekters landsforbund – som vi siterte for to år sidan: «Hvis private bygger leilighetskompleks, så kan for eksempel kommunen stille opp med bibliotek i første etasje». Just like that!

Nei, så enkelt er det sjølvsagt ikkje, men at investorar kan konkurrere på kniven om å tilby kommunar nye biblioteklokale er ikkje noko nytt. Sjå blant anna Moss for snart tjue år sidan, jamfør Bibliotekaren nr. 9/2000 og Beate Aakerøy sin master frå 2016, med grundig dekning i Bok og bibliotek nr 5/2016 (pdf).

Moss bibliotek 2006

Moss bibliotek er bygget til venstre her

Hadde konkurrenten i Moss fått ei stemme til i bystyret, ville biblioteket i dag hatt større og meir fleksible lokale nærmare sentrum og på høgde med gågata (no er det ein bratt bakke ned til biblioteket). Og om Røkke sitt tilbod hadde vunne i Molde ville dei hatt eit «jazz-teaterhus» – utan nytt bibliotek – på ei mykje mindre sentral tomt enn i dag.

Bibliotek kan likevel bli vinnarar i slike spel. På kort eller mellomlang sikt, for investor-tre veks ikkje inn i himmelen. Så vi sletter ikkje bloggposten vår frå mars månad.

Litt meir frå artikkelen på Attack.no:

Forfattarane er forskarar ved NTNU sitt program Smarte Bærekraftige Byer. Denne nettstaden skal vi følgje med på framover. Dei er altså særleg opptekne av «smarte byar», men som ikkje alltid er så smarte frå ein grasrot-ståstad:

« … i deler av verden har smartbyprosessen og privatiseringen av offentlig sektor kommet lenger enn i Norge. Her ser vi at noen nabolag tiltrekker seg investeringer og god digital infrastruktur. Andre områder – gjerne utenfor bomringen – er uinteressante. Her forsvinner busser og taxier. De som bor der rekker ikke lavtlønnede jobber og blir låst inne sosialt og økonomisk. Dette har skjedd i nabolag i Nord-England og i USA og Canada.»

One Trackback to “Kva med biblioteket når Thon & co. blir byplanleggjarar?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: