På heimesida til Møreforsking les vi om evalueringa av kampanjen Sommerles.no:
«Analysearbeidet er ikkje ferdigstilt enno, men foreløpige resultat viser at det er mykje å vinne på betre samarbeid mellom skule og bibliotek.» Det handlar om at «born som deltek i Sommarles.no taper svært lite lesekompetanse over sommaren, medan born som ikkje deltek taper vesentleg meir».
Men dei 105 000 deltakarane (2018) er berre 26 prosent av elevane, så her er det eit stort uutnytta potensial. Alle fylka er med, men altså langtfrå alle kommunane.
Og for ungar som bruker andre språk enn norsk er det verkeleg mykje å hente.