I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…
Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at «Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.» Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet «Biblioteksporet i røynda». Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.