Archive for ‘Bibliotekampanjar’

mars 20, 2023

Kampen for Internet Archive står no!

Klikk biletet og bli med på støtteoppropet

Her på bloggen har vi gjennom fleire år ikkje berre promotert og støtta tenesta Internet Archive og «filialen» Wayback Machine. Vi har også fleire gongar kunna dokumentere sletta nettsider og av andre grunnar døde lenker ved hjelp av WM. Sjå blant anna bloggposten Kampen mot 404. Og innsatsen deira under Koronaen var heilt spesiell. Men no vil bokbransjegigiantane i USA knekke tenesta gjennom ei omfattande rettssak der dei påstår at tenesta er rein piratverksemd.

Ein støttekampanje er på gang, og varm skriftleg støtte får dei frå aust og vest, blant anna frå ei gruppe biblioteksjefar ved store fagbibliotek på nettstaden Inside Higher Ed. Les denne!

Her på bloggen har vi kategoriar for blant anna Internet Archive og Open Access. Og vi skriv også om Sci-Hub, som statlege styresmakter forsøker å knuse, men som heile tida må gøyme seg på ulike tenerar verda rundt.

På ulike måtar er dette uttrykk for at kunnskap må vere fri!

juli 7, 2022

Adshels og bibliotek

Ikkje Deichman-plakat, men ICA (kor blei det av ICA?)

No skal Deichman minne Oslo-folk på at «det er der man bor den viktigste historien utspiller seg. … Ved å formidle nærheten til publikum skal vi senke terskelen for besøk i det lokale biblioteket». Bra, for Deichman har i pressa og truleg også på folkemunne blitt identisk med nybygget i Bjørvika.

Bodskapen skal spreiast ved hjelp av «lokale adshels, helsider i Aftenposten, geofiltre på Snapchat og Deichmans egne kanaler», ifølgje designarfirmaet si eigenmelding om den nye bibliotekkampanjen. Denne videoen viser meir.

Mange i landets hovudstad vil nok verdsetje dei ofte muntre, småironiske og gjerne kontrasterande bodskapa, i alle fall dei som alt er fortrulege med forfattarane og boktitlane som blir nemnde.

Så målgruppa her kan ikkje vere dei uopplyste aldri-brukarane. Skal biblioteket nå desse trur vi meir på John Patemans metode frå London: «I praksis skjer det ved at vi aktivt oppsøkjer dei ulike miljøa, både arbeids- og heimlause, etniske minoritetar, asylsøkjarar og flyktningar, funksjonshemma og andre som vi ser kan ha glede og nytte av biblioteket, men som ikkje veit om det eller tør bruke det. Vi tilbyr heilt konkret å ta dei i handa og leie dei inn i biblioteket, der vi tar imot dei med informasjon og tilpassa tilbod». 

Vi måtte slå opp orda adshel og geofilter, men no kan vi dei.

juni 10, 2022

– NEI til fleire lesekampanjar!

På sentral plass i minst to svenske riksaviser i dag er dette den, for mange, sjokkerande bodskapen. I eit debattinnlegg i Dagens Nyheter frå organisasjonane til forfattarane, bibliotekarane og læremiddelprodusentane heiter det: «… i stället för permanenta lösningar har vi fått tillfälliga ”lässatsningar”. Det finns nog ingenting regeringen älskar så mycket som att initiera nya lässatsningar. I Sverige har vi nu ett läslov, en läsambassadör och ett läsråd» Og . … Regeringen har alltså gett skolans personal kompetens, i stället för att sätta in den personal som redan har exakt den kompetens som krävs (läs: utbildade skolbibliotekarier)». 

Og på leiarplass i Aftonbladet viser dei til DN og skriv: «Det är hög tid att regeringen slutar med pr-trick och fåniga kampanjer. Skolminister Lina Axelsson Kihlbom måste ta striden för att ge alla rätt till skolbibliotek med riktiga bibliotekarier – kosta vad det kosta vill».

Nokon som kjenner seg igjen?

april 28, 2022

Hei, nordiske arrangørar av bibliotekkonferansar

Alan Wylie er Londons og UKs desidert fremste bibliotekaktivist. Særleg på twitter, fleire gongar om dagen. Då handlar det om kamp mot nedleggingar, mot privatiseringar og «delegering» til frivillige, samanslåing av bibliotek med alt frå innbyggjartorg til politistasjonar (!). Og mot såkalla «minibibliotek». For ikkje å gløyme kampen mot dårleg arbeidsmiljø i bibliotek både under pandemien og under «normale» tilhøve.

Han marknadsfører seg no også som føredragshaldar på møte og konferansar. Han jobbar «på gølvet» i eit bydelsbibliotek i London.

Første gong vi møtte han var i 2016, då vi intervjua han for tidsskriftet Bibliotekaren (s. 4-7). Vi har blogga om han fleire titals gongar. Den skotske aksenten hans er godt forståeleg for slike som oss.

april 13, 2022

Bibliotekforsvar med utestemme!

Ingen påskefred å få i Nottingham: Ifølgje NottinghamshireLive har kampanjen Save Nottingham Libraries spandert 450 GBP på å få fram bodskapen sin på dette elektroniske reklameskiltet i byen. Dei har også sendt ei heil lita protestbok av rundt hundre forfattarar til kvar j…. bystyremedlem.

september 6, 2021

1+1=3!

Bloggen har følgjarar faktisk i alle verdsdelane, og mange i USA. Men dette tipset fekk vi av ein lesar i bydel Gamle Oslo. Han er samtidig fast lesar av Washington Post og kom over ei sak om ei spesielt vellykka bibliotekets-vennar-kampanje ved eit lokalt bibliotek i føderasjonens hovudstad. Dei hadde laga ei t-skjorte med teksten på fotoet. Dei kalkulerte med å selje 50 til inntekt for biblioteket, men har til no sendt ut 7000!

Leiaren for venneforeininga, Carlos Izurieta, vaks opp med «… punk shows and playing in bands, … saw many links between a genre that prides itself on do-it-yourselfism and a public institution that provides free resources to one and all. Punk in D.C. is centered around the local community, … I feel like the library is like that. It’s a place for people to go who don’t have access».

Få deg ei skjorte du også, eller betre: Finn på noko liknande på biblioteket ditt! Izurieta seier: «The shirt has shown that putting two things people like together makes a third thing people also like».

august 3, 2021

Sommarlesepress og -stress?

NRK.no intervjuar i dag to NTNU-stipendiatar som i ein kronikk i Adresseavisa var kritiske til Sommarles-kampanjen ved skolar og bibliotek:

Dei meiner «skular som promoterer kampanjen må vere obs på at det kan få elevane og foreldre til å føle på eit lesepress og ekstra stress i ferien. … Karen Birgitte Dille minner om at feriar skal vere eit avbrekk ifrå kvardagen. – Forsking viser også kor viktig det er å ha fri og stille minst mogleg krav til både ungar og vaksne når ein har ferie».

«- Eg gjev dei heilt rett i at Sommerles skal vere ein frivillig ting, det er ikkje meininga at dette skal vere noko form for leselekse i sommaren. Det seier prosjektleiar i Sommerles, Siri Haga Torgersen. Ho har også skrive eit lengre svar på kritikken … i Adresseavisen. – Heile poenget er å motivere barna til å lese av eiga lyst fordi det er kjekt, understrekar Torgersen».

mai 4, 2021

Bibli<3teket

Nasjonalbiblioteket er i dag på banen med bibliotekkampanje og tre gratis plakatar og bilete til sosiale medium: «Bibli<3teket: Fridykker, boksåpner, livskilde» Og poenget er: «Lys opp en vegg med en kjærlighetserklæring til biblioteket».

Her er det tre viktige signal. Denne bloggens favoritt må bli «Fridykkar», med tanke på innhald som Det uavhengige biblioteket, Fleirkulturelt osv. Denne teikninga synst vi også er best av dei tre.

Dette bør biblioteka hive seg på, sjølv om meiningane alltid vil variere når det gjeld slikt.

Nokre av oss hugser den svenske kampanjen i 2008: «Library Lovers». Slik reagerte biblioteksjef Christer Hermansson i Expressen:

read more »
desember 28, 2020

Midt i pandemien raserer dei Helsebiblioteket.no

11. desember blogga vi om eit lesarinnlegg av Magne Nylenna i Aftenposten med støtte til Helsebiblioteket.no: «Hva tenker dere på, Bent Høie og Erna Solberg?» Tenesta har hatt ei mengd tidsskriftabonnement som helsepersonell utanfor sjukehusa har fått bruke fritt, men no må dei kuttast.

No ser vi at nettstaden Dagens medisin, som kallar seg «Norges største uavhengige nyhetskanal for helsevesenet», følgjer saka nært. Til no i desember har dei fire oppslag om dette, blant anna om støtte frå AP på Stortinget og eitt frå hovudbibliotekarane ved tre høgskolar: «Vi er midt i en pandemi. Helsetjenesten og innbyggerne trenger mer, ikke mindre kunnskap».

Eit søk i Atekst viser 22 treff i desember. Her inngår Dagens medisin, men også blant anna Norges optikerforbund og Fysioterapeuten meiner dette er alvorleg.

desember 11, 2020

«Hva tenker dere på, Bent Høie og Erna Solberg?»

Nylenna tar imot prisen for Årets bibliotek for 2012

I Aftenposten i går fann vi eit kort, men fyndig lesarinnlegg om ei biblioteksak, og med foto av helseministeren, noko som ikkje skjer kvar dag. Forfattar er Magne Nylenna, professor dr.med., og tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.no frå 2005 til 2017. Og det er dette biblioteket han skriv om, om korleis regjeringa no vil vengjeklippe tenesta endå meir: «Vi har allerede mistet tilgangen til The Lancet. Nå forsvinner BMJ, JAMA (Journal of the American Medical Association) og andre av verdens beste, medisinske tidsskrifter». Denne modellen med sentral opphandling av lisensar for alle dei registrerte brukarane, helsearbeidarar i heile landet, er ein modell der Helsebiblioteket har vore ein pioner, og som mange har snakka om å overføre til fleire felt.

Dette er altså ikkje eit vanleg bibliotek, men fekk likevel NBF-prisen Årets bibliotek i 2012. Les talen på regjeringa.no som dåverande statssekretær Ragnhild Mathisen heldt ved overrekkinga.

november 25, 2020

Hjarte og snøkrystallar

Bibliotekvindauge utan tildekking. NYPL, 5th Ave.

I går handla to av avisoppslaga i kongeriket om tildekking av bibliotekvindauge. Men med svært ulik bakgrunn:

Ifølgje Fjell-Ljom utlyser Røros bibliotek leseaksjonen «Nisseles»: «Alle som låner og leser bøker fram til 20. desember kan være med i trekninga av en premie, og for hver leste bok henges det opp en snøkrystall i vinduene på biblioteket».

Mens derimot iTromsø har eit lesarbrev frå to FAUar i Tromsdalen som startar slik: «Kjære politiker i Tromsø kommune. Visste du at: Vinduene på Tromsdalen bibliotek er fylt med 538 hjerter? Disse er laget i løpet av de siste ukene av store og små tromsdalinger. Selv om ordlyden og designet er ulikt, er beskjeden den samme: Bevar biblioteket i vårt! Engasjementet er så stort – og hjertene så mange – at det lille dagslyset Tromsø har å by på for tiden knapt klarer å lure seg inn i kjelleren på Ekornsenteret».

april 27, 2020

Biblioteka treng alliansar framover

Skjermbilde 2020-04-27 18.37.55

Klikk og sjå heilsidesannonsa frå Deichmans venner i 1990. Etter allianse med bl.a. Fritt Ord

Mange bibliotek har veneforeiningar. Dette er ofte greie nok foreiningar i «fredstid», som typisk står for eit ope arrangement eller to i løpet av året, er med på loppemarknaden og har ei Facebookside med ofte god deltaking.

Men når den lokaløkonomiske post-korona-realitetane slår inn over oss alt til hausten, men kanskje særleg neste år, når regjeringa vil trappe ned på fondsbruken, er det ikkje nok. Då må alliansar byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati. Sitat frå «Sju forslag for den nære framtida»

april 25, 2020

Enklare og betre støtte til palestinske bibliotek

Skjermbilde 2020-04-25 12.48.04BiS, Bibliotek i samhälle, har blogga om Matloub, ein ny metode for å donere bøker til palestinske bibliotek, der ein kan gjere det individuelt og når som helst. Og resultatet blir meir presist:

«Önskemål på böcker har samlats in från ett antal palestinska bibliotek. Efter att du har köpt en bok och betalat för frakten, ser Matloub till att boken kommer fram till det bibliotek som har önskat den. Att fraktkostnaden ibland överstiger priset på själva boken speglar i vilken mån palestinska bibliotek verkar i ett samhälle där friheten är kringskuren och kontrollen är omfattande».

november 28, 2019

Bibliotekarbeid i vinterklede

Skjermbilde 2019-11-28 11.58.14Kvardagen på Larvik bibliotek etter brannen er ikkje som før. Men det er smil å sjå. 🙂

Måndag delte vi nokre tankar og lesetips om bibliotek som tidlegare er råka av brann og liknande, og der lånarane har vore viktige for å sikre eit skikkeleg bibliotekløft då krisa var over.

 

november 24, 2019

Larvik: Bibliotek-rekonstruksjon før og no

IMG_6659

>>Nytt 24.11. kl 19: Høg temperatur på FB-gruppa “Ikke flytt biblioteket i Larvik”, bl.a. etter at red. i Østlands-Posten frontar flytting ut av sentrum. Gruppa har p.t. 2846 medlemmar!

Bibliotekbrannen i Larvik denne veka er trist som f for alle bibliotekvennar og eit reellt tap i lang tid framover for larvikingane og for dei tilsette. Omfattande bibliotekbrannar skjer heldigvis ikkje ofte, og her i landet skjedde det vel (?) sist i Kongsberg i 1988, i alle fall når vi snakkar om hovudbibliotek og i ein by. Hovudbiblioteket i Oslo var nær granne til den høgreekstreme terrorbomba 22. juli for åtte år sidan og måtte halde stengt i to månader, men samlingane blei ikkje spesielt sterkt råka.

>> Hugs at Larvik bibliotek eigentleg skulle vore ein «firkløver», men den fjerde bygningskroppen, med to etasjar, blei ikkje bygd. Sjå tidsskriftet Byggekunst, nr. 3, 1986.

Éin ting er dei fysiske samlingane. I dag har vi Depotbiblioteket til sånt, men kor mange antikvariat er ikkje nedlagde dei siste åra. Politikarar og andre spare-kåte kan tenkje at digitaliseringa gjer det enklare og billegare, men er det sant? Korleis er det eigentleg å rekonstruere eit skikkeleg bibliotek på 2020-talet?

Og korleis vil politikarane takle debatten som alt har oppstått i Larvik om det bør bli attreising eller nybygg på tomta, eller flytting og eventuellt nybygg ein annan stad? Forslag om ei billegare tomt i utkanten, vil sikkert kome opp (såg dette no: «Kommunen har flere behov å dekke enn å holde et bibliotek»).

Når det gjeld kampen for ei skikkeleg gjenreising er det kan hende mest å hente av røynsler frå ein annan skandinavisk by på L, nemlig svenske Linköping. Sjå nedanfor.

read more »

Translate »