Biblioteket provoserer bokbransjen

Skjermbilde 2019-07-06 19.07.57

Hovudsida ved biblioteket er at det fremjer kunsten og litteraturen

«Staten skaper ubalanse» heiter det i dagens Klassekampen. Med ein del sterke påstandar frå forfattarane av boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse», som at « … bibliotekene er i ferd med å ligne mer og mer på kulturhus. – Det er i utgangspunktet ikke noe galt i dette, men sett opp mot lokale litteraturhus og litteraturfestivaler, oppfatter jeg en vending hvor offentlige institusjoner med statlige midler kan utkonkurrere organisasjoner og det private næringsliv, sier Helge Rønning som er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.»

Nokre motargument på ståande fot (før vi har sett boka) er jo at …

1) litteraturarrangement i bibliotek er slett ikkje noko nytt. I nokre få større byar, der det har blitt litteraturhus dei siste åra, ligg biblioteka over hundre år framføre i løypa. Og på dei mindre stadene finst det ikkje litteraturhus.

2) Om det kan påvisast ei «vending» i form av ein auke i denne verksemda på grunn av statlege midlar, så var det i ein periode på tre år (Nasjonalbiblioteket sine tilskot). Med synkande budsjett i mange kommunar og bibliotek er det slett ikkje sikkert dagens nivå vil halde seg. For gode arrangement kan vere dyre for eit lite bibliotek. Sjå berre korleis det gjekk i Stockholm denne våren: Då pålegget kom om å spare rundt ti prosent måtte dei først og fremst kutte i arrangementa.

3) Om dei tenkjer på den nye passusen i biblioteklova sin føremålsparagraf, så handlar den primært om «samtale og debatt» og ikkje opplesingar og reine litteraturarrangement.

Elles har vi her på bloggen forsøkt å starte ein debatt om dette feltet eigentleg har «eksplodert» i biblioteka og blitt ein «suksesshistorie», slik nasjonalbibliotekaren framstiller det i artikkelen:

 

Vi har tinga eit leseksemplar og kjem til å sjå nærmare på boka.

2 Trackbacks to “Biblioteket provoserer bokbransjen”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: