Apollo 11 og norsk språkhistorie – i Bokhylla.no

20. juli er det altså 50 år sidan den første månelandinga. I ei sak på NRK.no i dag er det sørgjelege hovudpoenget at TV-opptaket frå sendinga frå Marienlyst er sletta. Då videobanda mange år seinare blei overførte til Nasjonalbibloteket i Mo i Rana, var blant anna eit program med Ingrid Espelid om brødbaking lagt «oppå» måneferda.

I tillegg får vi vite at historikaren Henrik Grue Bastiansen er ute med ei ny bok om det norske både medie- og språkhistoriske ved denne dagen, eller natta. Denne blir det interessant å sjå på etter kvart, men vi har sett på det NBs Bokhylla.no alt har. Det er mykje spennande å lese, men ikkje minst det språkhistoriske:

NRK-artikkelen nemner kort at programmet blei meir utformelt enn vanleg, men i Hans Fredrik Dahl og (same) Bastiansen si bok «Over til Oslo : NRK som monopol 1945 – 1981» frå 1999 kan vi på side 494 ff lese om korleis programmet utløyste overgangen frå De- til du-forma i norsk presse og kringkasting.

Noko av æra skal målaren Jacob Weidemann ha. Han og enkelte andre kunstnarar var inviterte til å kommentere hendinga, men han kravde å bruke du-form. Og intervjuar Ragnar Baardtvedt tok ballen. Det blei mykje du i løpet av natta. Det blei reaksjonar, men mange var positive. Og prosessen mot eit mindre formelt mediespråk var i gang. 

I tillegg finn vi blant anna Bastiansen sin forskingsrapport «Live from moon» frå 1994.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: