På heimesida til Design og arkitektur Norge (DOGA) får vi vite at dei «samler kommuner, næringsliv og akademia for å utforme felles prinsipper for smartby-arbeid». Og under Arendalsveka vil dei lansere eit «nasjonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn». Vi finn ingenting om bibliotek her, men mykje om kunnskap. I ein rapport frå i fjor er behovet for kunnskap for å få smartare byar gjennomgåande, sjølvsagt.
Men burde ikkje: 1) gode bibliotek vere eit krav til ein smart by eller lokalsamfunn? Og 2) burde ikkje bibliotek kunne spele ei rolle i å formidle kunnskap? For aktivitetane skal ikkje berre finne stad mellom kommuneleiing, forskarar og næringstoppar. I rapporten les vi at «Kommunene er avhengig av samarbeid med en rekke aktører i dette arbeidet, herunder private utbyggere, grunneiere og utviklere, gründere, kompetansemiljøer, universiteter og høyskoler, andre offentlige organer, og ikke minst innbyggere».
Nokon frå bibliotekmiljøet kan vel stikke innom dette når dei er i Arendal?
Internasjonalt er det gjort tankar rundt smarte bibliotek si rolle i smarte byar, til dømes Joachim Schöpfel: Smart libraries, i tidsskriftet Infrastructures. Sjå også litteraturlista der.
Leave a Reply