Tidsskriftrealitetane frå og med september

Narvesen Moss aug19 AI bakgrunnen for debattane om kulturtidsskrifta i Klassekampen og så i NRKs Dagsnytt18 fredag (oppsummert her på bloggen) ligg også at den svenske distributøren Tidsam har sagt opp avtalen om rundt tretti norske tidsskrift av denne typen. Så frå september vil dei ikke lenger finnast hos Narvesen.

Vi tok i går nokre foto på Narvesen på jernbanestasjonen i Moss som viser følgjene av dette.

Fotoet ovanfor er eit lite utsnitt av ein av veggane med tidsskrift som framleis vil vere tilgjengeleg i småbyen (trass i auke til over 50 tusen innbyggjarar etter samanslåinga med Rygge på nyåret).

Og her er fleire døme:

Desse vil også vere å finne på Narvesen i framtida. Utsnitt av ein av fire store veggar. På ein av dei andre veggane står bilblada, sport, foto og teknologi:

Narvesen Moss aug19 B

Men dei fleste av desse nedanfor vil nok forsvinne frå Narvesen (her er det verkeleg ikkje snakk om ein vegg med tidsskrift; dette ligg gøymt bak ein monter med eit eller anna usunt snacks):

Narvesen Moss aug19 C

Og er det sikkert at dei vil finnast på biblioteket?

NBF tidsskriftformidlingen er likevel ein kanal for abonnment på alle slag tidsskrift til biblioteka (relativt utilslørt gratisreklame).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: