Knut Nærum spår om biblioteket mm.

Her på bloggen har vi gått laus på krimforfattarar som tilsynelatande umedvitne gir inntrykk av at teieplikt og personvern anten er lågt prioritert eller ikkje-eksisterande i biblioteka. Men så kjem vi over ein roman av Knut Nærum frå i fjor, der alt «er på stell» og meir til. I boka «Sannheten» viser han at han har følgt bibliotekdebattane og tar utgangspunkt i slikt bibliotekarar kjenner seg godt igjen i. Eg-personen er bibliotekar på Deichman på Torshov. Det startar slik:

«Da de nye lånekortene kom, hadde jeg ingen innvendinger. Det er bare en fordel, tenkte jeg, at kundene får boktips på mobilen. Likte du den, så liker du denne. 83 % av de som ga den boka fire eller fem stjerner, gir denne boka det samme. Hvis Amazon og Spotify kan gjøre det, tenkte jeg, hvorfor ikke biblioteket, vi som ikke engang har noe å selge. Riktignok var det tradisjonelle utlånet blitt en stadig mindre del av våre tjenester, men vi trengte å forsvare vår plass på de offentlige budsjettene, og utlånstallene var en viktig indikator. Det kunne vel ikke ha noe å si at Staten ser hva du leser. Hva kunne Staten bruke de opplysningene til? Dessuten var alle lån allerede registrert hos oss. Biblioteket er også Staten. Det meste av det ga seg selv. Hvis du liker Lucinda Riley, liker du Kate Morton. Hvis du liker Lars Mytting, liker du Mikael Niemi. Hvis Solstad, så Gombrowicz».

«Sannheten» handlar i utgangspunkt om eit Oslo, ikkje ulikt vårt anno 2021. Medie- og sosiale-medier-situasjonen er den same, og politikararne uroar seg på same vis over dei negative verknadane. Eit aktivt Datatilsyn har dei sjølvsagt også. Men så lar Nærum det heile «ta av». …

… Bibliotekarane, som altså har opna for den nemnde liberaliseringa av bruk av persondata, følgjer med på lasset når Noreg, som eitt av 213 land sluttar seg til «Napoli-avtalen» (ikkje denne), og krev at alle innbyggjarane skriv under på følgjande: «Jeg godtar at Datainnsynet får tilgang på min datamaskin». Målet er at alle berre skal seie og skrive sanning. Det kjem sjølvsagt også ein chip under huda som fungerer som løgndetektor.

Nærum tar også fatt den pågåande debatten om verkelegheitslitteraturen (jf. Hjorth og Knausgård) innafor denne nye logikken, og biblioteka får den viktige oppgåva å kassere alle bøker som «beskriver hendelser fra virkeligheten, men likevel markedsføres som skjønnlitteratur.» 

Men meir skal vi ikkje røpe. Vi hadde venta at formidlingskåte bibliotekarar alt hadde pusha denne boka i det vide og det breie, men det einaste vi finn på bibliotekheimesidene, utanom teksten frå vaskesetelen, er på Stavanger bibliotek, og der med høgst relevante peik til dei klassiske dystopiane «1984» og «Fahrenheit 451». Bokmeldaren deira meiner boka er morosam berre «i glimt», men dette må vi protestere mot; Nærum viser seg også i denne boka som ein av dei største satirikarane i landet.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: