I det nyaste nummeret av Norsk sosiologisk tidsskrift finn ein artiklar som bør interessere folk i desse yrkesgruppene, til dømes «Du vil ha behov for ytterligere arbeidstrening». En studie av begrunnelser i arbeidsavklaringsprosess» og omtale av boka «Elevenes psykososiale miljø. Gode strategier, harde nøtter og blinde flekker i skolemiljøarbeidet.»
Ein enkel digital og/eller trykt plakat om dette i biblioteket vil:
- ha konkret verdi for folk i desse yrkesgruppene,
- få augo opp hos folk for det aktuelle, oppdaterte og kvalitetssikra tidsskrifttilbodet i biblioteket
- gjere det endå klarare for alle som er innom at biblioteket Kan Kunnskapen!
Kor stor er sjansen for at Norsk sosiologisk tidsskrift finst på lærarromma og på personalrommet på NAV? Men den same plakaten frå biblioteket på oppslagstavlene på desse romma vil gjere desse fagfolka merksame på biblioteket på ein ny måte.
Vi kan, og bør, vere misnøgde med at fleire av dei med høg enn låg utdanning bruker biblioteket (noko ikkje minst den nye bibliotekstategien er opptatt av), men det er også viktig at endå fleire med utdanning blir faste brukarar. Sjå berre kor lågt medvitet er om bruk av kvalitetskjelder blant lærarane på vidaregåande i Sandefjord. Og kvar «nyfrelst» lærarar vil kunne framsnakke biblioteket til fleire titals elevar kvart år.
Samtidig bør ein, på slike plakatar o.l., gjere merksam på tilbodet om automatiske nyheitsbrev frå biblioteket på når det kjem nye bøker om ulike emne. Kvar enkelt kan melde på interessene sine når ho er innlogga på «Mitt bibliotek», «Mappa mi» eller kva det heiter i ulike datasystem.
Slikt som dette er ei heilt vanleg teneste på forskingsbibliotek, gjerne kalla systematiske litteraturoversikter. Vi har skrive om det før.
Sjå dei andre artiklane våre i serien Hugs tidsskrifta.
Leave a Reply