>>Nytt 24.11. kl 19: Høg temperatur på FB-gruppa “Ikke flytt biblioteket i Larvik”, bl.a. etter at red. i Østlands-Posten frontar flytting ut av sentrum. Gruppa har p.t. 2846 medlemmar!
Bibliotekbrannen i Larvik denne veka er trist som f for alle bibliotekvennar og eit reellt tap i lang tid framover for larvikingane og for dei tilsette. Omfattande bibliotekbrannar skjer heldigvis ikkje ofte, og her i landet skjedde det vel (?) sist i Kongsberg i 1988, i alle fall når vi snakkar om hovudbibliotek og i ein by. Hovudbiblioteket i Oslo var nær granne til den høgreekstreme terrorbomba 22. juli for åtte år sidan og måtte halde stengt i to månader, men samlingane blei ikkje spesielt sterkt råka.
>> Hugs at Larvik bibliotek eigentleg skulle vore ein «firkløver», men den fjerde bygningskroppen, med to etasjar, blei ikkje bygd. Sjå tidsskriftet Byggekunst, nr. 3, 1986.
Éin ting er dei fysiske samlingane. I dag har vi Depotbiblioteket til sånt, men kor mange antikvariat er ikkje nedlagde dei siste åra. Politikarar og andre spare-kåte kan tenkje at digitaliseringa gjer det enklare og billegare, men er det sant? Korleis er det eigentleg å rekonstruere eit skikkeleg bibliotek på 2020-talet?
Og korleis vil politikarane takle debatten som alt har oppstått i Larvik om det bør bli attreising eller nybygg på tomta, eller flytting og eventuellt nybygg ein annan stad? Forslag om ei billegare tomt i utkanten, vil sikkert kome opp (såg dette no: «Kommunen har flere behov å dekke enn å holde et bibliotek»).
Når det gjeld kampen for ei skikkeleg gjenreising er det kan hende mest å hente av røynsler frå ein annan skandinavisk by på L, nemlig svenske Linköping. Sjå nedanfor.
På heimesida til Larvik bibliotek seier dei (23. november) at dei enno ikkje veit kor mykje som gjekk tapt. Men dei takkar lånarane «som har lånt bøker og annet materiell av oss: Dere har reddet over 12.000 bøker!» Og dette er truleg for det meste aktuelle, relativt nye og populære bøker. Men kva med alt det andre som utgjer eit bibliotek i dag? På Kongsberg og då «fylkesbibliotekbrakka» til Vestfold fylkesbibliotek i Tønsberg brann omtrent samtidig, var Internett noko dei berre brukte på dei største universiteta og nokre få forskingsmiljø.
Depotbiblioteket og Bokhylla.no
På 1980-talet jobba underteikna som sakshandsamar i Statens bibliotekstilsyn med behovet for eit depotbibliotek her i landet, slik dei lenge hadde hatt i Danmark. Eit sentralt argument den gongen var nettopp behovet for å rekonstruere boksamlingar etter brann eller andre øydeleggingar. Gjennombrotet for både depotbibliotek og meir til, kom tilfeldig i 1989, takk vere nedlegginga av Norsk Jernverk i Mo i Rana. Då blei vedtaket gjort om Nasjonalbiblioteket i Rana. Også i dag kan sikkert Depotbiblioteket bidra med mykje til Larvik.
NB sitt digitale tilbod, Bokhylla.no, dekkjer opplagt ein annan viktig del av behovet i norske lokalsamfunn, men berre for det skikkeleg gamle, altså historisk interessante, og mellomgamle (det nyaste der er snart tjue år gammalt). Då burde vel digi-titlane kome med i bibliotekkatalogen i Larvik (i dag finn ein slik symbiose stad mellom Internet Archive og Wikipedia)? Men kan vi på sikt stole på at avtalen om Bokhylla.no lever vidare, i uendra eller utvida stand? Er det ikkje på tide å krevje at NBs digitalisering blir norsk lov og ikkje avhengig av velvilja til ein bokbransje med ein stadig dårlegare kjemi med bibliotekverda? Kva må/bør biblioteket likevel sikre seg i fysisk form? Kva med lokalhistorie, om dette er gått tapt? Osv.
Nokon bør ved dette høvet på vegner av heile det norske bibliotekvesenet kartleggje og forske på korleis dette løyser seg når vi er på 2020-talet. Og her har vi eit førebilete i forskingsmiljø i Sverige:
Linköping 1996 – 2000
Det finst nemleg ein litt nyare, og større, bibliotekbrann enn Kongsberg og Vestfold som er verkeleg godt dokumentert, medrekna prosessen frå engasjementet på grasrota til planlegging og ferdigstilling, nemleg Linköpings stadsbibliotek som brann i 1996 og sto ferdig på same tomta i 2000 (brannen her blei påsett mens folk var på veg ut etter eit foredrag om brannen etter bombinga av nasjonalbiblioteket i Sarajevo – lenke til ein blodfersk dokumentar om dette frå Al Jazeera).
Vi snakkar om to bøker om Linköping:
I boka «Folkets bibliotek?» har professor Joacim Hansson ved bibliotekarutdanninga ved Linnéuniversitetet i Växsjö denne nærmast poetiske skildringa av kampen for nytt bibliotek i Linköping:
«Ett exempel på hur nära folkbiblioteket ligger människors känsla av lokal identitet fick vi plötsligt en septemberkväll 1996 då stadsbiblioteket i Linköping brann ner till grunden genom ett pyromandåd. Genom en omedelbar insats från forskare och doktorander vid Bibliotekshögskolan [i Borås, bloggarens merknad], under ledning av professor Maj Klasson, har vi idag en god kännedom om de spontana reaktioner en sådan händelse väcker och vi har genom den också fått en helt ny inblick också i den mer långsiktiga betydelsen av det lokala biblioteket for människorna i dess nära omgivning, ja inte bara där, utan i hela den berörda kommunen. Demonstrationer för demokrati och yttrandefrihet genomfordes, stadens gymnasister organiserade «det fria ordets plank», en klottervägg där hundratals människor skrev små meddelanden och dikter for att kanalisera sina känslar infår det som hant deras bibliotek och tidningarna översköljdes med insändare som tog parti för yttrandefrihet och demokrati. Den omedelbart påbörjade planeringen av ett nytt bibliotek engagerade många invånare starkt. Det var tydligt att invånarna i Linköping på ett direkt sätt relaterade sin egen värdegrund till bibliotekets verksamhet – anlagda biblioteksbrånder hör inte hemma i demokratiska samhällen. Genom en rad olika forskningsmetoder samlades uppgifter in och analyserades i vad som kom att bli ett unikt forskningsprojekt, analyser som viser en verklighet långt ifrån den ekonomiskt och rationellt informationshanterande diskussion som ännu fördes i stora delar af bibliotekssektoren vid den här tiden.»
Boka Hansson viser til er:
- «Röster : biblioteksbranden i Linköping» / Maj Klasson (red.) ; 2000. – ISBN: 9189416023
Her er innhalsforteikninga til boka:
Den andre boka er «Linköpings stadsbiblioteks återuppbyggnad 1996-2000». Dette er ein så grundig dokumentasjon ein berre kan drøyme om når det gjeld rekonstruksjonen, ho er også gjennomillustrert:
- Linköpings stadsbiblioteks återuppbyggnad 1996-2000 / redaktör: Anna-Lena Jacobson-Schacht ; [foto: Göran Billeson].. – 2000 – 1. uppl.. – ISBN: 916309133X
Her er innhaldsforteikninga (eit kuriosum her er at ein av kapittelforfattarane seinare blei kjend for noko heilt anna enn bevaring av bibliotekmateriale):
Leave a Reply