
Ikkje digitalisert pr. 30.8.2019
Bibliotek var i førre veke ei sak i Dagsnytt18 og er i dag ei sak på Stortinget, men i begge høve berre indirekte. I Dagsnytt18 var biblioteket eit sidespor (men viktig nok) i saka om Kulturrådet sitt kutt i tidsskriftstøtta, og no på Stortinget er Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana nemnt fordi dei berre kan ta imot nokre få av dei arbeidsledige etter at NRKs lisenskontor blir stengt på nyåret. Utan at dét er NB sin feil.
Men 70 nye stillingar til digitalisering får altså NB. Vi håpar det skal få fart i digitaliseringa av tidsskrift, ikkje minst bibliotektidsskrift som per 30. august 2019, med eit par unntak, har store hol i Bokhylla.no.
I denne lista med eit utval bibliotektidsskrift kan du følgje med på framdrifta ved å klikke tidsskriftnamnet (Merk: Eit par opne spørsmål til NB nedanfor):
- Bibliotekansattes forum med 0 nr. av i alt 10. Nedlagt 1992.
- Bibliotekaren med berre 17 nr. av dei 8-12 per år sidan 1993. Løpande.
- Bibliotekforum med 0 nr. frå 20 årgangar. Nedlagt 2014.
- Bok og bibliotek med 381 nr. Løpande sidan 1934.
- Bråk og bibliotek med 0 utgåver frå 30 årgangar. Nedlagt 1969.
- CasaNova 0 digitaliserte av 2 årgangar. Nedlagt 1990.
- Folkevennen med 6 innbundne årgangar av i alt 48. Pluss Macbeth som «tillægshefte» i 1883! Nedlagt 1900.
- For folke- og barneboksamlinger med frå 9 årgangar. Nedlagt 1915.
- For folkeopplysning med 0 nr. av 18 årgangar. Nedlagt 1933.
- Internkontakt med 0 nr. av 20 årgangar. Nedlagt 1995.
- Kontakten med 0 nr. frå 14 årgangar. Nedlagt 1988.
- Synopsis med berre 9 nr. frå 34 årgangar. Men ingen kan opnast utanom NB sine lokale i Oslo endå dette var eit statleg tidsskrift som ikkje er verna etter Åndsverklova. Kvifor, NB? Svar i kommentarfeltet nedanfor.
Komplett!:
- Reol med 6 årgangar. Nedlagt 1967. Men ikkje opne utanom NB i Oslo, endå dei var utgjevne av statlege kontor; «de nordiske biblioteksdirektører». Kvifor, NB?
I tillegg: På søkeord «bibliotek» er det i NORPER 118 treff 30.8.2019. Kom gjerne med forslag til oppføringar i