Idyllen raknar i Bok-Noreg

Skjermbilde 2019-11-22 17.34.26

Akademibokhandeln er Sveriges leiande bokhandelkjede …

I Kommunal Rapport i dag har Birgithe Schumann- Olsen, biblioteksjefen i Øvre Eiker, eit frå bibliotekhald uvanleg krasst, men naudsynt oppgjer med alvorleg kunnskapsløyse og fordommar om bibliotek. Ho svarer på ein kronikk i same seriøse organ for ei veke sidan, skriven ikkje av kven som helst, men av Nina Kristiansen, ansvarleg redaktør i det antatt minst like seriøse Forskning.no.

Schumann-Olsen opnar slik: «Nina Kristiansen har funnet sin gamle kjærlighet, biblioteket i Hokksund. Men sorry, Nina, jeg vil ikke være gamlekjæresten din! Vil du ha kjangs, må du være interessert og følge med i timen. For det bildet du lager av norske bibliotek fra godstolen i Hokksund, er virkelig uvitenskapelig».

Og vidare: « … én ting er harselering med et landsens bibliotek. Verre er inntrykket av at redaktøren i forskning.no ikke vet hvilken kamp bibliotekene kjemper for å få lov til å låne ut e-litteratur. Å hevde at manglende tilgang til e-bøker skyldes bibliotekarenes forelskelse i papir, er skikkelig gårsdagens».

Men dette er dessverre ikkje eineståande. I sommar omtalte vi her på bloggen boka …«Litteraturpolitikkens verktøykasse» av dei meritterte litteraturvitarane Helge Rønning og Tore Slaatta. Denne blei skriven, og omsett til engelsk, til bruk av den norske delegasjonen i Frankfurt, der Noreg var gjeste- og «hovudland» ved den prestisjetunge bokmessa. Men, kort fortalt, av både Ragnar Audunson og underteikna (sjå lenka ovanfor), blei boka karakterisert som både sterkt mangelfull og villeiande når det gjeld biblioteket som litterært verktøy.

Så for et par veker sidan dukka det opp ein omtale av verktøykasseboka på Forskerforum.no, eit organ som er endå meir direkte knytt til det akademiske Noreg, det er ifølgje dei sjølv «… et fagblad om forskning og høyere utdanning, som utgis av Forskerforbundet.» I bokomtalen blir biblioteket nemnt to gongar, og ein får ein inntrykk av at boka er heilt utmerka når det gjeld handsaminga av biblioteket. Underteikna skreiv ein kommentar til dette, men ingen har brydd seg med å debattere.

« – Aldri har jeg hørt Forleggerforeningen så tydelig karakterisere bibliotekene som en konkurrent!», skriv biblioteksjefen i Øvre Eiker.

Ja, det blir svært tydeleg, om ein går klår av alle flosklane, både i bok- og festtaleform. Og kulturminister Skei Grande sine krokodilletårar for e-boka i biblioteket har gjort vondt verre. Ho veit betre enn dei fleste at det er berre luft for bokbransjen. Høgre-/FrP-regjeringa har for lengst gjeve frå seg alle kulturpolitiske virkemiddel til marknaden.

2 Trackbacks to “Idyllen raknar i Bok-Noreg”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: