God jul med teikneseriar

Skjermbilde 2019-12-19 11.41.13

Klikk og kikk

Har du sakna ein seriøs guide til julehefta? Som etter kvart er blitt så dyre at biblioteka bør vurdere å ha dei av reinspikka sosiale grunnar. I alle fall eit utval.

I bunken vår av leseeksemplar av tidsskrift etter at vi på bloggen starta serien Hugs tidsskrifta, ligg det også nokre heil-elektroniske, og eitt av dei er Empirix, som du kan få gratis via nyheitsbrev på e-post ein gong i månaden. Dei legg ut to nye artiklar kvar veke, som dei meir utolmodige kan lese på nettsida deira.

Og som dei alt innvigde veit, har dei ein artikkelserie med namnet «På biblioteket».

Emprix seier om seg sjølv at dei «har som mål å løfte journalistikken og kritikken om tegneserier i Norge. … Vi mener alle medier må forstås på sine egne premisser, men den offentlige samtalen om tegneserier er bare unntaksvis på samme nivå som den tilsvarende meningsutvekslingen om film, musikk, scenekunst eller litteratur. Empirix er støttet av Grafill, Fritt ord og Norsk kulturråd, men er redaksjonelt uavhengige».

I teikneserieavdelinga i biblioteket ser vi for oss ein enkel plakat for dei genuint interesserte, med nettadresse osv. til Empirix. Eventuelt også på info-tavler. Vi har lufta ideen med redaksjonen, så kan hende kjem det noko frå dei i rimeleg framtid.

Leave a Reply