Nasjonalbiblioteket no over alt. Nesten

Bloggaren er med ujamne mellomrom hundepassar i Sund på Sotra, sidan 1. januar i nye Øygarden storkommune (lang er han i alle fall, og smal). Så blir det turar i fjellet, mellom regnskylla og stormkasta. I dag fann vi, Pia (1) og eg, denne plakaten ved inngangen til fleire av dei flotte turstiane på øya som DNT og mange andre gode krefter står bak. Ved dette høvet også Nasjonalbiblioteket, sjå foto av plakaten. NB finst ftm. snart over alt!

Men er det så merkeleg? Ifølgje tildelingsbrevet deira for 2019 har dei eit budsjett på 0.58 milliardar. Det er over ein tredel av …

… det kommunane sjølve løyver til bibliotek, nemleg 1,6 milliardar, ifølgje Kulturstatistikk 2018. Det finst også rundt 150 bibliotekmillionar i fylkesbudsjetta, noko som direkte og indirekte kjem lokale folkebibliotek til gode. I tillegg får biblioteka gratis bøker o.a. for 133 millionar frå Kulturrådet, jamfør deira årsmelding for 2018. Vi legg til at rundt 20-30-40 NB-millionar dei siste åra har gått til prosjektstøtte ute i biblioteka, etter søknad. På eit tidspunkt skriv NB at 60% av biblioteka har søkt og fått støtte, som betyr at 40%, truleg små bibliotek og endå mindre, ikkje har nytt godt av dette.

Og alle folkebibliotek-delane av desse budsjetta er i realøkonomisk nedgang, med unntak av NB sitt.

Kjeldene her er altså ulike offentlege dokument, men dei er ikkje spesielt lette å lese. Om noko er heilt feil, finst det eit kommentarfelt nedanfor.

PS: I dag sleppte NB ein podcast frå eit ope møte på NB Oslo om den tragiske Alexander Kielland-ulykka i 1980, basert på lyd, tekst og bilete som NB tar hand om og digitaliserer for nasjonen. Kritisk og bra! Eit førebilete for norske “debattbibliotek”. Men kor mange andre har råd til noko slikt?

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: