>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?
I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at “Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.” Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen “Knuser bokorm-myten!”
Det handlar om “Bokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider“, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram “Digitisation and Diversity” (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)
Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: “Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.”
Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av “Bokhylla.no” og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).
Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida: I tillegg til å låne trur dei biblioteket som møteplass og litteraturhus blir svært viktig (då har altså dette nådd fram). Dei trur også lån av e-bøker og e-lydbøker har ei lys framtid (dei kan ikkje ha følgt med på fagforumet “biblioteknorge” … ).
Bruken av “Bokhylla.no” – eller “Nasjonalbibliotekets digitale boktjeneste”
Her får vi endeleg ein god del interessante tal på bordet. Undersøkinga dei gjennomførte i fjor var rett nok berre blant “superbrukarar”, då rekrutteringa av respondentar skjedde med ein pop-opp på nettstaden under bruk av tenesta.
Og “hele 53 prosent hadde lang universitet- eller høyskoleutdannelse”.Noko av det mest interessante, og negative, er dette at tenesta ikkje har nådd “folkedjupet”, blant anna mindre enn ti prosent av dei som er jamlege bibliotekbrukarar. 73 % av brukarane (altså ikkje av “folk flest”) bruker tenesta anten kvar dag (9 %), kvar veke (36 %) eller kvar månad (28 %). 27 % er meir sporadiske brukarar.
Og dette blir stadfesta når dei spør alle respondentane i hovudundersøkinga (altså “folk flest”) om Bokhylla-bruken deira; berre 3 % av dei brukte henne i 2018. Dette er i tillegg ein nedgang frå 7 % året før.
Her skal det seiast at heile 68 % ikkje bruker nokon av dei digitale boktenestene på marknaden (også ein nedgang frå 2017, då talet var 62). Den einaste som auka i perioden er Storytel, frå 8 til 12 %.
Berre 3 % er brukarar?! Det hadde vore interessant å visst kor mange av dei tusen på tusen som driv med slektsforskning og lokalhistorie som bruker og ikkje bruker tenesta. Her må det vere eit potensial.
Men så er altså denne NB-samlinga i dag over ti år eldre enn ved oppstarten, og ikkje fornya. Den aukande digitaliseringa av aviser med meir er ikkje med i undersøkinga.
PS: Det er med uvilje eg skriv det innarbeidde namnet til tenesta i hermeteikn, for no skal det faktisk heite “Nasjonalbibliotekets digitale boktjeneste”! Men dei har heldigvis ikkje skrota den gamle URL-en. Både bokhylla.no og nb.no duger. Eg vil framleis i det daglege kalle tenesta for Bokhylla.no, på same måte som eg vil kalle meg østfolding.
Kor øydeleggjande er bibliotekutlånet for boksalet?
Er det slik, noko ein kan høyre frå representantar for bokbransjen iblant, og lese, i alle fall mellom linjene? Det er i alle fall slik ein må forstå uviljen deira til å finne ei løysing på utlån av dei norske lydbokfilene. Også når det gjeld sånt kjem rapporten med interessante tal, men noko av det krev nærmare debatt og undersøkingar:
I hovudundersøkinga har 33 % svart Ja på at dei har “unnlatt å kjøpe en papirbok, e-bok eller lydbok fordi de kan låne den på biblioteket, i løpet av de siste 6 månedene”. 60 % har svart Nei og 7 % “Husker ikke”. Når det gjeld e-bøker og lyd-bøker er det 9-10 %. Ja, men her er jo bibliotektilboda til dels svært avgrensa.
Er dette dramatisk? Dette har heller ikkje Forfatterforeningen kommentert på heimesida si. Enno. Men her er vi ikkje i mål før vi har hatt ei undersøking av påverknaden den andre vegen; kor mange kjøper bøker etter å ha sett og/eller lånt bøkene på biblioteket? Til dømes som gåve til ein ven, eller fiende, eller til seg sjølv. Og kor mange kjøper den neste boka av forfattaren utan då å gå til biblioteket?
“Bokhylla.no”-brukarane (altså utvalet av “superbrukarar”) har fått det same spørsmålet: Har dei “unnlatt å kjøpe en papirbok eller en e-bok fordi de kan låne den på Nasjonalbiblioteket, de siste seks månedene?” Til dette svarer 27 % Ja når det gjeld papirbok og 21 % Ja for e-bok.
Men lån av papirbøker frå NB trudde vi formelt sett blir rekna som fjernlån ved det lokale biblioteket, om ein då ikkje møter opp personleg og låner i NB Oslo eller Rana? Få gjer det.
Og når det gjeld e-bøker, som her vel må handle om dei digitaliserte bøkene i “Bokhylla.no” (kommersielle e-bøker får du ikkje via NB om du ikkje er forskar), så var altså dei nyaste bøkene her rundt 17-18 år gamle eller eldre på tidspunktet for undersøkinga, og dei som er ute etter så gamle bøker vil vel finne få av dei i handelen, i alle fall ikkje på papir og kor mykje digitalt? Bransjen har rett nok produsert ein god del backlists som e-bok no, men nokre stikkprøver viser store hol: Kan det verkeleg stemme at kvar femte brukar har unnlate å kjøpe ei e-bok på grunn av “Bokhylla.no”?
I tillegg: Kven orkar å lese ei heil eller store delar av ei bok på Bokhylla.no? Rapporten seier at 48 % meiner desse bøkene er “Lette å lese”. Men lese i samanheng? Lese heile eller store delar av ei bok?
Men kanskje det er eg som misforstår noko? Velkomen til kommentarfeltet på denne bloggen.
Men det er mykje anna veldig interessant eg enno ikkje har lese skikkeleg og ikkje kjem inn på her.
Førebels oppsummering: Dette må vere eit av dei mest nyttige dokumenta for biblioteksektoren på mange år. For å yte rapporten rettferd legg eg ut innhaldsforteikninga:
.
Leave a Reply