E-bok- og lydbokløysing gjennom ny statleg lesepolitikk?

 

Skjermbilde 2020-01-13 06.56.09

Betre vilkår for lesing? Bruce Naigles’ «Kristian leser», avduka av Anne Cath. Vestly ved Moss bibliotek i 2005

Vi blogga i går om eit oppslag i Klassekampen 10. januar (ikkje på ope nett) om eit notat frå desember frå bokbransjen til statsrådane for kultur, høyere utdanning og kunnskap med krav om ein ny lesepolitikk.

Det siste av dei fem punkta i notatet er behovet for “Et bedre grunnlag for politikkutforming”. Dette må bety meir forsking, og Klassekampen intervjua her Steffen Sørum, leiar av Barnebokinstituttets forfatterutdanning:

«– Men hva skal forskes på? At papirboka dør, og om man skal bruke millioner av kroner på å forhindre det? Eller skal man akseptere at lesing går over til andre plattformer og undersøke hvordan litteraturen kan henge med?»

 

Svaret på Sørum sitt dilemma kan sjølvsagt ikkje vere eit anten eller. Dette betyr at heile Litteratur-Noreg, medrekna Norsk Bibliotekforening, som det i går ettermiddag gjekk fram at også sto bak notatet, no vil jobbe saman for ein lesepolitikk med gode løysingar også for bibliotekutlån av e-bøker og elektroniske lydbøker. Noko blant anna lesarane av denne bloggen veit at ikkje er på plass, for å seie det mildt.

Dei fem punkta i notatet er:

  • Handlingsplan for lesing.
  • Statusheving av norsk.
  • Videreføring og styrking av eksisterende lesetiltak.
  • Styrking av skolebibliotekene.
  • Et bedre grunnlag for politikkutforming.

PS: Etter at det viste seg at NBF er med på notatet, noko Klassekampen ikkje gav inntrykk av, har vi no sletta bloggposten av i går, der vi etterlyste akkurat dette med inkludering av biblioteksektoren.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: