Ikkje Bokselskapeleg avliving

Skjermbilde 2020-01-16 12.06.45

Slik ser vi Skåden mellom sine gamle kollegaer på Bokselskap.no

Klassekampen har i dag ei stolpesak på kultursidene om vårt alles kjære Bokselskap.no. Dei digitaliserer som kjent norske forfattarar som har falle i det fri etter Åndsverklova og produserer e-bøker av dei av høg kvalitet. Men Klassekampens poeng er at mellom avdøde forfattarar som Per Sivle, Amaile Skram, Eilert Sundt og Magdalene Thoresen har Bokselskapet også lista opp den 44 år gamle, høgst levande forfattaren Sigbjørn Skåden.

Så oppegåande, tenkte vi først, at han har klart å hacke seg inn i Bokselskapet! Og tilsvarande mykje PR-kåt.

Men greia er at Bokselskapet ikkje berre lagar e-bøker av dei som opphavsrettsjuridisk har falle i det fri, men også opnar for forlag og forfattarar å inngå avtalar for ope publisering av nye bøker. Open Access, for å seie det slik. Slik har Skåden fått innlemma ei bok frå 2004 i denne samlinga: «Skuovvadeddjiid gonagas». Faktisk debutboka, som han også blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris med.

Apropos å falle i det fri: Det finst gode nettstader for å få oversikt over sånt. Til dømes på Wikipedia, der dei i den engelskspråklege utgåva har artiklar som «1949 in literature«, der underkapitlet «Deaths» fortel oss … … kva for «nye» forfattarar som ikkje lenger vil vere verna frå 1. januar i år, altså 70 år etter utløpet av dødsåret 1949, alt ifølgje Åndsverklova og Bernkonvensjonen. Norsk Wikipedia har tilsvarande, så vi ser at no blir det slutt på royalty-festen for arvingene til blant anna Sigrid Undset.

Ei anna kjelde er Projekt Runeberg, der ein kan søkje blant nordiske forfattarar på dødsår.

I Bokhylla.no har Nasjonalbiblioteket automatikk i å «frigjere» bøker (til nedlasting som pdf, ikkje berre skjermlesing) og andre digitaliserte verk av forfattarar og kunstnarar året etter at dei har vore i 70 år hos Sankt Peter eller kor dei elles må ha endt opp.

Olav Torvund har kvart år ein verkeleg engasjerande artikkel på bloggen sin om kven som fell i det fri, så i år heiter det «Fri fra 2020«. Han ser på dei viktigaste namna, men går også i detalj om meir spesielle reglar enn dei vanlege 70 åra, både variasjonar etter geografi og kunstart. Han nemner blant anna musikarar som Richard Straus og Leadbelly, og i samband med sistnemnde kjem han inn på finurlege reglar i USA.

Så, OBS: Når det gjeld innspelingar har også utøvarar rettsvern, så dei enkle soloinnspelingane med Leadbelly vil vere frie, mens seinare Strauss-innspelingar vil framleis vere verna.

På omlag same måten er det med nyare utgåver av bøker, med nye forord, nye illustrasjonar osv.

One Trackback to “Ikkje Bokselskapeleg avliving”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: