«- Etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester»

Hjørring 2018

Kjøpesenter, med bibliotek oppe til høgre. Hjørring, DK

Vi har fått høyre at vi har ubalanse i kjeldene våre; ei viss avis på venstresida, og med stalinistisk fortid, er blitt ein gjengangar her på bloggen. Då svarer vi gjerne at avisa er ei av dei klart beste kulturavisene (som dessverre ikkje seier så mykje lenger), og med ein del bibliotekrelevant stoff. Rett nok ikkje utan feil, ho heller. Men for å verkeleg forsøke å kompensere deler vi i dag ei sak frå «Retailmagasinet» – eit «uavhengig fagtidsskrift for drift og ledelse av kjeder og kjøpesenter».

Her kan vi lese om stoda i 2019 for Citycons kjøpesentre. Dei har hatt «såvidt vekst», men  leiinga er opptatt av «noen trender som kommer til å være avgjørende for å lykkes fremover. – Vi ser at folk vil ha mer mat og drikke og flere serveringstilbud på sentrene. Samtidig opplever vi økende etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester» (vår utheving).

Men bibliotek i kjøpesenter har vi skrive om før, og då med ein viss skespsis.

Når det gjeld den nemnde kulturavisa, så har dei i dag ei sak om Biblioteksentralen sin nye e-bok-app Bookbites, der dei tar i bruk «kreative metadata», som blant anna betyr at dei spør brukarane om kjønn: «Velg kjønn – og la oss gi deg anbefalinger». Men som dei likevel ikkje bruker. Meir vil vi ikkje seie, for balansens skuld. Men avisa skal finnast i mange bibliotek.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: