Folkebiblioteket = «annleislandet»? Tankar om NPM

«Folkebiblioteket blir noko av ein anomali. Dei blir avvikarar, for dei fungerer ikkje etter dei marknadsmessige lovene». Dette sa Joacim Hansson då eg intervjua han for tidsskriftet Bibliotekaren i november. Men kor mykje avvikarar er dei?

I intervjuet med Hansson er dette eit utsnitt av ein meir nyansert heilskap. Men det er for det meste éin ting i dag som gjer at folkebiblioteket skil seg ut, nemleg gratisprinsippet. Geir Vestheim gjer svært godt greie for dette i boka «Fornuft, kultur og velferd» (identisk med doktoravhandlinga hans frå 1997 – det viktigaste som til no er skrive om norsk folkebibliotekpolitikk!)

On request: Annleislandet = The Different Country / Anderledelslandet /Annorlundalandet
Gratisprinsippet står minst like fast i dag som i 1997, faktisk takk vere kulturminister Trond Giske i 2005, godt understøtta … av Norsk Bibliotekforening. Det var fleire angrep på prinsippet gjennom 80- og 90-åra, også frå enkelte i faget, men ein tung majoritet både i faget og politikken stoppa desse.

Nyliberalismen

Men i dei meir enn tjue åra sidan Vestheim si bok har verda rundt biblioteket blitt endå mykje meir «marknadsmessig», jamfør Hansson. Den globaliserte økonomiske nyliberalismen, med ekstra draghjelp frå WWW, har påverka alt frå kommunikasjon og media, via handel til tidlegare «reine» offentlege velferdstjenester som skole, barnehagar, helse- og omsorg og alt anna som i den seinare tida heilt eller delvis er privatisert, konkurranseutsett eller tilpassa den bedriftsøkonomiske sfæren.

Men altså ikkje bibliotek, liker vi å tenkje. I alle fall ikkje før no, i Storbritannia, der bibliotekdrift i regi av private «fritidskonsern» er blitt ganske omfattande, og som eg har skrive mykje om her på bloggen. Og i Sverige, der firmaet Axiell no jobbar for å overta bibliotekdrifta i fleire kommunar enn Nacka, der dei alt er inne.

Haugesund i mars

Og dette kjem no til eit møtelokale nær deg. For Norsk Bibliotekforening har innbydd blant anna sjefen for biblioteket i Nacka, ein nabokommune til Stockholm, til eit ope møte under konferansen i Haugesund i mars. Tema er «Nye modeller for drift av bibliotek».

Eit PS her: «Nye modeller for drift av bibliotek», slik det stod i Jeløy-erklæringa, kan også låte som noko regjeringas Skei Grande og Raja måtte gå ut og forsikre at ikkje stod for «finansielle modeller», altså ikkje som den i Nacka. Dei meinte sånt som «prosjektene på Tøyen og Furuset».

Møtet i Haugesund kan sjølvsagt bli nyttig. Eg har tru på dei andre i panelet og på Vidar Kvalshaug som moderator. Men det bør minnast om at Nacka-sjefen kom rett frå jobben som «verksamhetsstrateg» i Svensk biblioteksförening. Som den sterkt privatiseringskritiske bibliotekorganisasjonen BiS lenge har kritisert for å vere likegyldig til konkurranseutsetting.

Men også på lågare nivå er biblioteka på ein slags gli. Kva med full outsourcing av medievalet? Og kva med såkalla «minibibliotek» i telefonkioskar og liknande, noko eg har vore så frekk å åtvare mot? Dette er no på full fart inn, promotert og velsigna av ein heil «lesebransje».

«Det er nok nå»

Eg les ei interessant bok for tida, Linn Stalsbergs «Det er nok nå». Ei bok som blant anna tre styremedlemmar i Foreningen for Sosialpolitisk Arbeid sterkt tilrår på Khrono.no: «Først og fremst fordi den bretter ut hele vifta av nyliberalismens praksisformer og effekter og ser dem i sammenheng». Og ho viser korleis denne, no dominerande ideologien og styringssystemet i heile Vesten, sniker seg inn på dei fleste sider av tilveret. New Public Management (NPM) er namnet på dette i offentleg sektor.

Skulle det vere nokon grunn til at ikkje biblioteket blir påverka? Her på bloggen vil det kome meir.

Translate »
%d bloggers like this: