Archive for ‘Minibibliotek’

oktober 6, 2020

Overdriven jubel

Inn til det verkelege biblioteket på Rjukan (sjå fotoserie)

Vi har stor sans for Rjukan bibliotek, både for det segnomspunne Røde biblioteket, for den respektfulle bevaringa av interiøret, for at så mange vidgjetne bibliotekarar har vore sjefar der, for den føredømelege artikkelen i bibliotekhistoria på Lokalhistoriewiki.no og for at dei har klart å halde på namnet, trass i at kommunenamnet alltid har vore Tinn (det må vel vere det einaste i landet? Protestar er velkomne i kommentarfeltet).

Men no har Rjukan Arbeiderblad eit jubeloppslag om at «den store mikrobokbølgen [har] nådd Hovin». Det handlar om eit skap med plass til 40 bøker som «alltid [står] åpen for alle som måtte ha lyst til å berike livet sitt med litteratur». Og vi får vite at «Det er godt, for Hovin bibliotek (etablert i 1893) ble lagt ned i 2018».

I kommunen finst det, eller er det planar om, fleire. På campingplassar og i parkar kan dei vere positive som inspirasjonskjelder til lesing og bibliotekbruk, men bygda Hovin ligg pluss minus éin time med bil frå Rjukan og 2 timar og 18 minutt med buss. På sommarføre. Då er ikkje eit skap med 40 bøker grunn til å juble så høgt, etter vår meining. Men mikro- eller mini«biblioteka» har utruleg godt mediatekke, jamfør alt vi tidlegare har skrive om dette fenomenet her på bloggen.

Eller for å sitere ein bibliotekaktivist vi kjenner i London: «Ikke hva som helst er bedre enn ingenting» (side 4-7).

august 10, 2020

Der minibibliotek er det einaste tilbodet

Skjermbilde 2020-08-10 kl. 18.23.58

Bibliotektilbodet på Galapagos. Sjøløva er ikkje registrert lånar. Foto: Edgardo Civallero, CDF

Bibliotekbloggar-kollega Peter Alsbjer i Örebro delte her om dagen ein lesbar og eksotisk tekst av Edgardo Civallero om korleis det er å vere bibliotekar på Galapagos-øyene. Han jobbar på Charles Darwin Foundation Library and Archive og er for tida den einaste fagutdanna bibliotekaren i denne ecuadorianske provinsen.

Edgardo er ein gamal kjenning for følgjarane våre, og ein verkeleg pionér når det gjeld bibliotektenester til urfolk. Trass i Thor Heyerdahls undersøkingar i 1952 er det tvil om det har vore fastbuande der før spanjolane kom over frå Sør-Amerika. Indianarar har vel drive i land ved uhell og anten døydde ut eller returnerte då dei ikkje fann ferskvatn der. Då Edgardo kom dit i 2018 var det knapt eitt fungerande folkebibliotek der, men han starta eit «traveling library» i form av koffertar med bøker som han flyttar rundt. Der pakkar han også ned …

read more »

februar 13, 2020

Folkebiblioteket = «annleislandet»? Tankar om NPM

«Folkebiblioteket blir noko av ein anomali. Dei blir avvikarar, for dei fungerer ikkje etter dei marknadsmessige lovene». Dette sa Joacim Hansson då eg intervjua han for tidsskriftet Bibliotekaren i november. Men kor mykje avvikarar er dei?

I intervjuet med Hansson er dette eit utsnitt av ein meir nyansert heilskap. Men det er for det meste éin ting i dag som gjer at folkebiblioteket skil seg ut, nemleg gratisprinsippet. Geir Vestheim gjer svært godt greie for dette i boka «Fornuft, kultur og velferd» (identisk med doktoravhandlinga hans frå 1997 – det viktigaste som til no er skrive om norsk folkebibliotekpolitikk!)

On request: Annleislandet = The Different Country / Anderledelslandet /Annorlundalandet
Gratisprinsippet står minst like fast i dag som i 1997, faktisk takk vere kulturminister Trond Giske i 2005, godt understøtta …
read more »

juli 7, 2019

#NotALibrary

Bibliotekaktivistar i Bristol, og snart over heile landet, set Theresa May på plass på Twitter etter at ho fekk The Telegraph med på eit rett nok litteraturvenleg stunt, men som sår tvil om kva eit bibliotek er. Lagre og følg hashtaggen #NotALibrary på twitter.

Skjermbilde 2019-07-07 15.34.19

juni 6, 2019

Ikkje bibliotek i alle fall

No har også Bjørnsonfestivalen i Molde hive seg på trenden med små kioskar for bytte av bøker. Her på bloggen har vi lenge vore kritiske til det meste av det vi har valt å tagge som minibibliotek, særleg det som firmaet «Little Free Libraries» i USA tener seg søkkrikt på. Sånt kan styrke illusjonane blant folk og politikarar om at verkelege bibliotek ikkje trengst lenger. Men i Molde held dei seg i alle fall unna ordet bibliotek.

mai 20, 2019

Deichman på gata igjen – etter 112 år

Skjermbilde 2019-05-20 15.00.14Kulturbyen Oslo kan vi i dag lese om Camp Deichman – Deichman sitt nye, sommarlege utandørsbibliotek i Oslo «som består av en container, fire biblioteksykler, en iskrembod-sykkel fra Sandwich Brothers, og en sceneplatting.»

Den offisielle opninga skjer tysdag 21. mai på Stortorvet kl. 16.00. Ein time seinare kjem folkrock-bandet Tusmørke på scena, med «magisk musikk som tar oss gjennom lokale myter og historier og, ikke minst, inn på biblioteket.»

Utandørsbiblioteket må vi kunne sjå i samanheng med eit saftig bibliotekstunt frå byrjinga av det førre hundreåret. Blant anna Nils Johan Ringdal i Deichmanhistoria «By. bok, borger» skriv om korleis …

read more »

mai 5, 2019

… en romliggjøring av diskusjonene og ideene fra flere års praksis i skjæringsfeltet mellom kunst og arkitektur

Her på bloggen har vi ved fleire høve skrive kritisk, for ikkje å seie harselert, med ulike former for minibibliotek i både offentleg og privat regi. Dei offentlege er ofte måtar å spare på og løpe frå ansvaret for skikkelege bibliotektenester. Dei private uttrykker gjerne ein trong i dei øvre mellomlaga til å demonstrere kulturell kapital.

Artikkelen i Arkitektnytt om eit samisk, nomadisk arkitekturbibliotek på meiar, men som likevel ikkje kan gli på snøen, veit vi ikkje heilt kor vi skal plassere. Men til Chicago skal dei.

april 11, 2019

Bibliotek der folk er

Korleis kan ein oppnå «bibliotek til alle» når filialdøden herjer og bokbussparken rustar ned? Peterals, Sveriges ivrigaste bibliotekbloggar, gjev oss i dag eit pop-up-bibliotek i Detroit, USA, på eit myntvaskeri (det ser ut til at det framleis heter det på norsk). Der når biblioteket folk og grupper som er lite vane med bibliotek og som ikkje eingong har tenkt over kva dei kan bruke biblioteket til.

I 2014 intervjua vi ein ekspert på bibliotektenester til ikkje-brukarar, John Pateman, for Bibliotek i samhälle.

januar 8, 2019

Kunsten og biblioteket sett frå solsida

Kunstkritikar Tommy Olsson (som i Wikipedia også figurerer som «kunstner, kurator, kunstkritiker, musiker og selvutnevnt pornograf») har i Klassekampen i dag (på papir og e-abonnement) ei herleg dobbelside der han oppsummerer kunståret 2018. Det skjer med brodd mot tendensen at «godt voksne milliardærer … leker autoritetsopprør.» Med døme som at Christian Ringnes og Johan H. Andresen Jr leiker opprørarar med den digre, rosa dildonissen dei har erigert i ei rundkøyring i Oslo. Og som når ein kunstnar overraskande gjennomfører eigen-destruksjon av eit måleri straks etter at det får tilslag på over ein million pund hos Sotheby’s i London.

Nei, kunst-stunt skal risikere noko for deltakarane, meiner Olsson, som då Pussy Riots storma banen under finalen i fotball-VM i Moskva.

Verken litteratur eller bibliotek er ein del av dette hos Olsson. Men inn via twitter får vi brått noko som gjev liknande assosiasjonar, og då med tilknyting til bibliotek:

read more »

august 20, 2017

Mer mikrobibliotek: Hva skjer egentlig?

bücherboxFor en måned siden skreiv vi om fenomenet “Little Free Libraries”, der en US-amerikansk gründer masseproduserer små, men kostbare bokkasser for privat bytting av bøker, noe det viser seg at stort sett øvre middeklassefamilier setter opp ved fortauskantene i de øvre middelklassebydelene sine for å demonstrere sin kulturelle kapital og veldedige sinnelag. Men som alt har fortrengt bibliotekfilialer i en by i Texas.

Så snubler vi over en tysk variant, Bücherboxx, der de bygger om gamle telefonkiosker til “en ny type bibliotek”. Det skjer i den bærekraftige utviklingas navn; de sier konkret at det handler om å forlenge livet til bøker som folk ikke lenger gidder å ha i bokhyllene sine eller som (virkelige) bibliotek kasserer.

read more »

juli 18, 2017

“Library” – nå et beskytta varemerke!

little free chicago gul

“Little Free Libraries” har blitt en stor sak i media.

Overskrifta juger ikke direkte. Vi våger å påstå det er første gang noen har fått beskytta et varemerke som inneholder ordet “library” – og som kan sammenliknes med det offentlige biblioteket (til forskjell fra forekomster av “library” i produktnavn innen dataprogrammering).

Men realiteten bak overskrifta er det stikk motsatte av det du sannsynligvis tror. Det er nemlig ikke sånn at en offentlig myndighet har fått registrert bibliotek som varemerke, men et firma i den amerikanske Midtvesten som har sikra seg juridisk beskyttelse for navnet “Little Free Libraries” – LFL®.

Så setter du opp ei lita bokhylle der folk kan forsyne seg med ei bok og erstatte den (bytte) med en av sine egne, og merker hylla “Little Free Library”, kan du bli saksøkt!

Nytt 24. juli: NRK Møre og Romsdal skriver i dag om tolv rasteplassbibliotek for barn. Som definitivt ikke er LFL®.

LFL® er en suksesshistorie, i alle fall for det sjølerklærte non-profit-firmaet som driver nettverket og selger bokkassene sine for mellom 2600 og 20 000 kroner. Disse fins det nå mer enn 50 000 av, i mer enn 70 land.

Dette er en relativt lang historie nå midt i juli, men heng med:

read more »

Translate »